Slik ser Sirevåg Laks føre seg det planlagte anlegget, som består av klekkeri, startfôravdeling, yngelavdeling, postsmoltavdeling, rensestasjonar for inn- og utløpsvatn, administrasjonsbygg, daudfiskanlegg, slamanlegg og trafo/energistasjon.
Slik ser Sirevåg Laks føre seg det planlagte anlegget, som består av klekkeri, startfôravdeling, yngelavdeling, postsmoltavdeling, rensestasjonar for inn- og utløpsvatn, administrasjonsbygg, daudfiskanlegg, slamanlegg og trafo/energistasjon. Foto: Teikninga er henta frå søknaden

Sirevåg Laks sine planar om eit landbasert oppdrettsanlegg på Oddane i Sirevåg er etter kvart vel kjende.

Denne veka sende Hå kommune søknaden deira ut på høyring. Det vil seia at dei ber innbyggarar og andre interessentar om å komma med synspunkt på planane. Synspunkta skal sendast vidare til fylkeskommunen, som er dei som skal behandla søknaden.

Milliardinvestering

Sirevåg Laks vil bygga laksemerdar på land. Her skal dei klekka yngel og la dei symja rundt i ferskvatn frå Holmavatn fram til dei er rundt kiloet store, såkalla postsmolt. Denne skal seljast til aktørar som driv med lakseoppdrett på ute i havet.

Prosjektet i Sirevåg, som inneber ei investering på rundt 2,3 milliardar kroner, er venta å bringa med seg mellom 20 og 25 arbeidsplassar. I tillegg kjem det ytterlegare 25 til 30 indirekte arbeidsplassar.

Eit slikt anlegg vil generera , om lag ni tusen tonn i året. Ifølge søknaden vurderer Sirevåg Laks to ulike løysingar på dette: Anten å levera slammet til eit biogassanlegg eller å tørka det sjølve og selja det til gjødsel, jordforbetring eller liknande.

Det står ingenting i søknaden om korleis slammet skal fraktast frå Sirevåg. Det går heller ikkje fram korleis fôret som trengst for å fø laksen, om lag ni tusen tonn i året, skal fraktast til anlegget.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har allereie gjeve grønt lys til at oppdrettsanlegget kan henta ut vatn frå Holmavatn. Forum for Natur og Friluftsliv har klaga på vedtaket. Klaga er framleis under behandling.

Vatn frå produksjonen skal reinsast og sleppast ut på rundt 97 meters djupne ved Nordragabet, tre-fire kilometer frå land. Denne plasseringa er valt i samråd med lokale fiskeriinteresser.

Få konsekvensar av utslepp

I vurderinga av behovet for konsekvensutgreiing heiter det at planane generelt har fått god mottaking, og at korkje Statsforvaltaren i Rogaland eller Mattilsynet så langt har uttrykt bekymring, noko søkarane set i samanheng med at utsleppspunktet for vatnet er gunstig plassert, i god avstand til næraste lakseførande vassdrag eller laksefjord.

Skal ein tru vurderinga, vil ikkje oppdrettsanlegget sitt utslepp ved Nordragabet føra med seg vesentlege negative miljøverknadar.

Vurderinga handlar i stor grad om korleis anlegget kan påverka sjøen. Ettersom Oddane allereie er regulert til industri, har dei ikkje vurdert behov knyta til arealdisponering eller fysiske inngrep på land.

Risikoen for rømming er vurdert som svært liten. Søkarane ventar heller ikkje at anlegget skal føra med seg lukt eller luftforureining i nabolaget. Støybelastninga blir vurdert som «lav».

Søkarane si vurdering er at det ikkje er nødvendig med konsekvensutgreiing.

Søkarane har i denne omgang ikkje vurdert om det er behov for å greia ut røyrleidningen som skal forsyna anlegget med vatn frå Holmavatnet. Det er fordi denne må behandlast etter plan- og bygningsloven i ein eigen prosess.

Fristen for å komma med innspel er 12. mars.

Tidlegare i år sende kommunedirektøren ein uttale til fylket. Kommunedirektøren er positiv, og kallar det planlagde oppdrettsanlegget eit av dei viktigaste næringsinitiativa i kommunen på mange år.