Anne Bjerk Johansson og Bjørg Ueland er bekymra for følgene eit biogassanlegg i Sirevåg vil kunne ha.
Anne Bjerk Johansson og Bjørg Ueland er bekymra for følgene eit biogassanlegg i Sirevåg vil kunne ha. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Det er sett ny publikumsrekord her på Ogna skule. Ikkje på grunn av ein konsert, men fordi Sirevåg ikkje vil ha dette biogassanlegget, sa ein i salen.

Jærbladet har ikkje grunnlag for å seie om folkemøtet gav publikumsrekord eller ei – men det var framfor nokså fulle benkar at ordførar Andreas Bjorland og plansjef Ole Vikse måtte svare på dei mange kritiske spørsmåla som kom i deira retning.

Bjørg Ueland, ved medarrangør Sirevåg vel, og Anne Bjerk Johansson meiner oppmøtet var betre enn forventa.

– Det bør jo vere eit signal til kommunen at det var så mange som kom, seier sistnemnde.

Meiner dei ber om trøbbel

Havila biogass har planar om å bygge eit biogassanlegg på Skoga utanfor Sirevåg. Anlegget vil kunne ta imot 300.000 tonn husdyrgjødsel i året.

Rundt hundre personar, etter det Jærbladet kunne telje, tok turen til folkemøtet på Ogna skule tysdag kveld.
Rundt hundre personar, etter det Jærbladet kunne telje, tok turen til folkemøtet på Ogna skule tysdag kveld. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Området er regulert til forretning, kontor, industri og næring, men krev ei omregulering. Nyleg blei planprogrammet, ei slags oppskrift for det vidare arbeidet med planen, vedtatt. I forkant kom det inn ei rekke høyringsinnspel.

Ordføraren innleia folkemøtet med å forklare at dei arrangerer informasjonsmøte tidlegare enn dei plar, då interessa har meldt seg og at dei ser behovet.

– I staden for å køyre ein heil plan vil me sjekke ut kritiske faktorar før me tar heile planen opp til behandling, sa han.

Han sikta til faktorar som lukt, støy, brann, trafikk og smitte til Sirevåg rugeri.

Ueland begynte å engasjere seg i saka på grunn av det som kan bli anleggets næraste naboar. Ho meiner det er mange som vil bli råka av dette.

Johansson er einig. Også ho bur i Sirevåg.

– Det er klart at det skapar konflikt og engasjement å legge eit så stort anlegg så nær ei bygd, bustader og eksisterande næring som Sirevåg rugeri og Roxman. Det er å be om trøbbel, meiner ho.

Bjorland: – Landbruket treng biogassanlegg

Også turisme vil kunne lide under eit slikt anlegg, trur Ueland og Johansson.

– Kven vil gå på tur rett ved sida av eit svært biogassanlegg? Tankane er dessutan 36 meter, som er ganske høgt, seier Johansson.

I september lak det 3,5 millionar liter gjødsel frå Havila sitt biogassanlegg på Nesset i Molde. Ueland er redd for kva som vil skje dersom ei liknande ulukke skulle skje i lokale trakter.

– Det vil kunne bli kjempeøydeleggande.

I juni sa Bjorland til Jærbladet at han meiner initiativet er bra for landbruket. I tilkomande forskrifter vil det setjast grenser for mellom anna kor mykje lort som bøndene får spreie på jorda sine.

– Det gjer at landbruket treng biogassanlegg. Eg trur industrielle biogassanlegg er enklare enn å ha mindre anlegg ute på gardane, sa han.

Saman med landbrukssektoren har styresmaktene sett som mål å kutte klimagassutslepp ved å bruke husdyrgjødsel til biogassproduksjon, ved mindre gardsanlegg eller større industrielle anlegg.

Mange bekymra for lukt og få arbeidsplassar

Under møtet letta mange på bekymringane for å plassere eit slikt anlegg på Sirevåg. Auka trafikk, talet på arbeidsplassar og lukt var tema som gjekk igjen.

I likskap med Johansson, var det fleire som stilte spørsmål kring konsekvensutgreiingane. Ikkje alle har tillit til at dei vil kunne samstemme med opplevingane til folk som bur i nærleiken.

– Eg snakka med ein på Stord som bur nesten éin kilometer frå anlegget, og dei hadde kjempestore utfordringar med lukt, ikkje sånn ein dag her og der, men kontinuerleg så lenge vindretninga var rett, sa ein i publikum.

Han viste til at Renovo AS i 2022 opna ein fabrikk på Stord, som laga biogass av husdyrgjødsel og avfall frå fiskeindustrien. Teknologien var ikkje god nok, og førte til sterk lukt av rotne egg over store område.

– På Stord blei konsekvensane at dei måtte stenge ned, då dei ikkje klarte å halde krava, sa Bjorland.

Engasjementet var stort, og temperaturen til tider høg, då kommunerepresentantane opna for spørsmål frå salen.
Engasjementet var stort, og temperaturen til tider høg, då kommunerepresentantane opna for spørsmål frå salen. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Ein annan publikummar kunne ikkje sjå mykje positivt Sirevåg som område får igjen.

– Får me noko igjen som gjer at me kan tenke dette kan vere verdt det?

Ordføraren svarte at dei går spennande tider i møte når det gjeld utviklinga for næringa i området, arbeidsplassar og positive ringverknader det kan skape – men vedgjekk at ei slik utvikling også vil kunne føre med seg negative følgjer som støy og trafikk.

Han var jamt over opptatt av å understreke at det ikkje er landa nokon avgjerd enno, og at dei skal ta konsekvensar og meiningar til etterretning.