På Skoga utanfor Sirevåg har Havila Biogass planar om å bygga eit biogassanlegg som kan ta imot 300.000 tonn husdyrgjødsel i året.
Firmaet har allereie inngått avtale med fleire bønder og teikna ein opsjonsavtale med kommunen om kjøp av tomta.
36 meter høge tankar
I dag er det landbruk der, men området er regulert til forretning, kontor, industri og næring.
Skal biogassanlegget etablera seg, trengst det ny omregulering, blant anna for å kunna få på plass 26 meter høge og opp til 36 meter høge tankar til å lagra den flytande biogassen dei produserer.
Å endra ein reguleringsplan er eit omstendeleg arbeid. I september, etter det som skal ha vore ein lengre og oppheita diskusjon, vedtok politikarane i Utval for samfunn planprogrammet – ei slags oppskrift for korleis sjølve reguleringsplanen skal lagast og kva som bør vektleggast i han.
Planprogrammet vart vedtatt mot stemmene til dei to Høgre-representantane i utvalet.
På grunnlag av tilbakemeldingane som har komme inn frå næringsliv, innbyggarar og hyttefolk, ønska dei ikkje å gå vidare med omreguleringa.
I kommunestyret torsdag i førre veke, spurde den eine Høgre-representanten i utvalet, Bodvar Vold, om ordføraren ville ta initiativ til å stoppa planarbeidet fram til det ligg føre ein heilskapleg plan for biogassanlegg i kommunen.
Vold sa at planane på Skoga skremmer og at har skapt uro for verksemder, investorar og innbyggarar i området og argumenterte med at ein heilskapleg plan kan føra til ein meir føreseieleg næringspolitikk.
Svaret han fekk, var at ordføraren ikkje har mynde til å stoppa vedtak gjort, korkje av utval eller av kommunestyret.
Ordføraren la til at det uansett til slutt vert opp til kommunestyret å avgjera om reguleringsplanen skal godkjennast eller ikkje.
Provoserte bønder
Leiaren i Søre Hå Bondelag, tidlegare Sp-politikar Anders Braut Ueland, seier til Jærbladet at dei vart kraftig provosert av utspelet.
– Me er ekstremt skuffa over Høgre sitt standpunkt i denne saka, særleg når dei vil inn og stoppa heile prosessen. Det er Nord Korea-tendensar. Det er ikkje sånn me driv politikk i Noreg, seier han.
Bodvar Vold ler godt når Jærbladet vidarebringar Nord Korea-skuldingane for å be om kommentar.
Han meiner det bør vera «litt styr» rundt ei så stor etablering.
– Du kan ikkje berre seia at det skal etablerast eit nytt biogassanlegg i Hå og så skal alle berre nikka og seia «gode greier».
– For å setta det på spissen: Slik det har vorte lagt fram, er dette biogassanlegget gode greier alt i hop, heilt utan lukt. Det stemmer dårleg overeins med det me les om korleis dei har det på Stord, seier han.
I 2022 opna Renovo AS ein fabrikk på Stord, som laga biogass av husdyrgjødsel og avfall frå fiskeindustrien.
Etableringa førte til sterk lukt av rotne egg over store område.
Teknologien var rett og slett ikkje god nok. Fabrikken var heller ikkje lønsam. I praksis har fabrikken vore stengd sidan 2023, men er nå under ombygging.
– Anlegget planlagt på Skoga er mykje større enn det på Stord, seier Vold.
Han er uroa over bagatelliseringa av det han meiner er heilt relevante problemstillingar.
– Det same gjeld massehandteringsanlegget som ikkje er beskrive i det heile, seier han.
Ein del av arbeidet med reguleringsplanen på Skoga handlar om å legga til rette 20 dekar for ein aktør som vil etablera eit anlegg for reinsing av forureina masser.
Vold angrar ikkje på interpellasjonen sin, men opnar for at han kan hende burde formulert seg litt annleis.
– Det er mogleg eg burde spurt om dei kunne lagt inn smittefare i utgreiinga, seier han.
– Kjempeløft for bøndene
Anders Braut Ueland seier Søre Hå Bondelag ser det som viktig å få gang på bygginga av biogassanlegg på Skoga.
Nye reglar med strengare krav til gjødselspreiing og avgrensingar på utslepp av fosfor gjer dette nødvendig, meiner dei.
– Då er det veldig bra at me kan få biogassanlegg både sør og nord i kommunen, seier han.
Ueland meiner etableringa kan føra med seg positive ringverknadar for Sirevåg, med verdiskaping som har potensial til å overgå den lokale turistnæringa.
– Men kan det ikkje vera lurt om ein først får på plass ein heilskapleg plan for slike anlegg og behovet for dei?
– Jo, i seg sjølv kan det vera greitt, men i denne samanhengen står det fram som ei trenering av prosjektet. Og om det er grunnlag for å etablera dette, bør vel eigentleg vera opp til dei private investorane å avgjera. Det er dei, og ikkje kommunen, som må avgjera om det trengst eitt eller to anlegg i Hå.
Ueland legg til at etableringa kan gje gode synergieffektar opp mot det planlagde landbaserte lakseoppdrettsanlegget og verksemda til Norsk Dyremat i Sirevåg.
Eit eventuelt anlegg på Skoga vil komma i tillegg til Noregs største biogass- og gjødselfabrikk på Grødaland.
Her skal Bio Jæren bygga eit anlegg som kan ta imot opp til 600.000 tonn i året – dobbelt så mykje som det som er planlagt utanfor Sirevåg.
Når anlegget på Grødaland står klart, vil Anders Braut Ueland sokna til dette, men vert anlegget på Skoga realisert, vil mange av medlemmane i Søre Hå bondelag levera lort til dette.
– For næringa vil dette vera eit kjempeløft, slik at ein slepp å transportera avfall langt vekk. Det vil vera god næringspolitikk, seier Ueland, og legg til:
– Det er spesielt at dei lar sentrale medlemmar og tillitsvalde og medlemmar sine næringsinteresser trumfa det som burde vore ein fornuftig næringspolitikk for Sirevåg.
– Spesielt at dette synet vinn gjennom
Ueland nemner ikkje namn, men av innspela som kom inn til det føreslåtte planprogrammet, kunne ein blant anna finne eit frå byggselskapet ET Bygg AS og eigedomsselskapet B & G og ET Sirevåg AS.
Desse er aktørar som blant anna driv med hyttebygging, i tillegg til bustadutvikling på Skoran, ein halv kilometer i luftlinje frå området der Havila Biogass vil etablera seg.
Eigedomsutviklarane meiner biogassanlegg ikkje vil passa inn så tett på bustadområde, hytter og på bakeriutsalet til Roxman.
Dei er særleg uroa for eventuell lukt frå eit slikt anlegg, men uttrykker òg uro for støy.
I høyringssvaret deira heiter det blant anna at effekten av eit eventuelt biogassanlegg på Skoga vil ha på bustadutviklinga i Sirevåg, vil «bli ca. likt som ei atombombe slippes» og «bom stopp».
Dei to verksemdene skriv òg at dei ser mørkt på vidare verksemd i Sirevåg om det vert noko av biogassanlegget.
Jan Erik Tuen er styreleiar i ET Bygg, dagleg leiar i B & G og ET Sirevåg og medeigar i begge. Fram til førre val var han ein sentral aktør i Hå-politikken, blant anna som gruppeleiar for Høgre.
– Det er ingen løyndom at det er enkelte i Høgre med interesser i bustadbygging der borte, men det er spesielt at dette synet får vinna gjennom i partiet, seier Ueland.
– Er ikkje dette litt urettferdig? Dei momenta Vold tok opp i interpellasjonen sin – støy, lukt, tryggleik, omsyn til allereie etablerte bedrifter, behovet for å sjå på alternativ plassering og at det ikkje ein gong er vits i å sjå nærare biogass på Skoga – er felles for mange av dei innspela som kom inn frå både næringsliv og innbyggarar.
– At det kan sjå ut som om dei lar private næringsinteresser hjå eigne medlemmar trumfa politikken sin, er ein ting, men ein annan er at det luktar lang veg – noko folk godt kan vera for, berre dei ikkje får det i eigen bakhage. Men det me er kjende med som grødalandslukta, treng ikkje kjenneteikna eit anlegg av i dag.
Avviser rolleblanding
Når Jærbladet tar kontakt med Jan Erik Tuen understrekar han at han er eit vanleg medlem av Høgre, heilt utan verv.
Han avviser på det sterkaste at han skulle ha utilbørleg påverknad på partiet sin politikk.
– Det synest eg er å dra det litt vel langt, seier han.
– Men som dei fleste andre innbyggarane i Sirevåg, er eg særs kritisk til det føreslåtte samansuriet av biogassanlegg, hytter, bustadar, bakeri og rugeri, legg han til.
Tuen er overraska over at ikkje fleire av partia i kommunen har større motførestillingar mot planane, gjeve alle dei negative høyringssvara til planprogrammet for Skoga.
Sjølv peiker han på andre lokalitetar i den søre enden av Hå som burde vera vel så aktuelle for biogassanlegg, og nemner Småhaugane utanfor Vigrestad, der det i kommuneplanen er sett av om lag 50 mål til tilsvarande næring.
Bodvar Vold avviser på det sterkaste at Høgre sin næringspolitikk vert styrt av særinteresser.
Han stadfester at han har fått meldingar frå Jan Erik Tuen, men seier dette er på lik linje med dei mange andre som har tatt kontakt, på telefon, e-post eller via melding, med uro for konsekvensane av eit eventuelt biogassanlegg på Skoga.
Vold bur sjølv i Sirevåg, men så pass langt vekk frå Skoga at han tviler på at han vert personleg råka.
– Men eg synest vanvitig synd på rugeriet. Det er det som er hovudgrunnen til at eg har engasjert meg til dette. Då dei flytta til Skoga, var motivasjonen at dei ville vekk frå moglege smittekjelder. Nå viser det seg at det kan komma eit biogassanlegg her. Det synest eg er veldig dårleg gjort, seier han.
Høgre-politikaren er ikkje i tvil om at det kan trengast eit til biogassanlegg i Hå, men meiner det er eit ope spørsmål om det treng å vera så stort.
– Nå er det ingen ting som er kartlagt, og me har heller ikkje vore i dialog med nabokommunane, der det òg er planar om biogassanlegg, seier Vold.
Han viser òg til Statsforvaltaren i Rogaland sin høyringsuttale.
Statsforvaltaren er positiv til biogassanlegg og anlegg for reinsing av forureina masser på Skoga, men meiner etablering i denne storleiken må vurderast i eit regionalt perspektiv.
– Kan få svar i utgreiing dei ikkje vil ha
Ueland er på si side provosert over det han meiner er eit forsøk frå Høgre på å framstille biogassnæringa som ein «cowboybransje».
– Det er ikkje lenge sidan det rann ut tre millionar liter frå Havila Biogass sitt anlegg på Mørekysten?
– Jo, men uhell kan oppstå i alle næringar.
Ueland viser til at det ikkje er lenge sidan overvasshandteringa svikta i samband med utbygginga av nytt datasenter på Undheim, noko som førte til utslepp av finsedimenter til verna vassdrag i Time.
– Poenget mitt er at ting kan skje. Du kan aldri heilgardera deg. Men du kan ikkje seia at biogassnæringa er dårlegare enn andre næringar. Vold antyda at næringa har eit problem med beredskapsplanar, men sjølvsagt har dei beredskapsplanar og sjølvsagt er det noko me forventar at dei vil ha i Hå òg, seier han.
– Vold viser til at Sirevåg Rugeri, som klekker halvparten av alle kyllingar som vert alt opp til verpehøns i Noreg, fryktar smitte frå lorten som skal køyrast til anlegget. Som bondelagsleiar er du vel òg interessert i fjørfenæringa?
– Skal det vera eit argument, kan me ikkje bygga biogassanlegg nokon plass. Den same problemstillinga vil vera på Grødaland. All transport som går i nærleiken av dyr, inneber ein viss smittefare, seier Ueland.
– Skulle me tenkt sånn, kunne me ikkje drive nokon form for transport i nærleiken av dyr i det heile. Eg føler dette vert eit vikarierande argument for å sleppa å få dette inn på Grødaland. Dette er sånn som den utgreiinga Høgre ikkje vil ha, kan gje svar på.
Sirevåg Vel, Ogna Vel og Hå kommune held folkemøte om biogassplanane i aulaen på Ogna skule den 4. november klokka 18.