Bakgrunnen var ein interpellasjon frå Høgres Bodvar Vold, som blant anna ville at ordføraren skulle setta ein mellombels stoppar for utgreiingsarbeidet som nå er på gang i samband med planane.
Havila Biogass ønsker å etablera eit biogassanlegg på Skoga rett utanfor Sirevåg. Anlegget skal kunna ta imot 300.000 tonn gjødsel i året, pluss avfall frå oppdrettsnæringa. I tilknyting til dette, er det ein annan aktør som ønsker å bygga eit 20 dekar stort anlegg for å reinsa masser i same område.
Skal desse planane realiserast, må kommunen endra områdereguleringa i delar av næringsområdet på Skoga.
Kommunen har fått fleire innspel frå hyttefolk, fastbuande og næringsdrivande som stiller seg negative til planane.
I september bad kommunedirektøren Utval for samfunn om ei prinsippavklaring: Gjeve dei negative innspela, skulle kommunen jobba vidare med reguleringsendringa?
Etter det som skal ha vore ein lang og oppheita debatt, landa utvalet, mot Høgre sine to stemmer, til slutt på «ja» og fastsette eit planprogram for ein revidert områdeplan for Skoga. Målet er at den nye planen skal vera vedtatt til sommaren neste år.
Før planen kjem så langt, skal ei lang rekke problemstillingar greiast ut, blant anna konsekvensar for miljø, helse og samfunn. Planforslaget må òg ut på høyring.
Bad ordføraren gripa inn
Torsdagens interpellasjon frå Høgre-politikar Vold var eit forsøk på å få ordføraren til å gripa inn og stansa dette arbeidet fram til det ligg føre ein heilskapleg plan for biogassanlegg i Hå.
Vold meinte Hå, som Noregs største husdyrkommune, burde gå i forkant og laga ein plan for korleis bøndene skal møta krava i dei nye gjødselføresegnene.
– Kor mykje biogass må handterast når føresegnene vert stramma til? Kor mange og kor store anlegg trengst i tillegg til Grødaland? ville han veta.
Vold meinte Skoga er lite eigna for eit biogassanlegg.
– Området ligg tett på bustadar, hyttefelt, bakeri, klekkeri og anna næringsverksemd, sa Vold, som hevda at biogassplanane «skremmer og har skapt uro» for etablerte verksemder, investorar og innbyggarar i området.
Han meinte det var god grunn til skepsis og viste til nyheitsoppslag som, etter hans syn, viser at bransjen « ... har utfordringar med lukt, tryggleik og beredskapsplanar».
I begynnelsen av september rant det over tre millionar liter gjødsel ut frå Havila Biogass sitt anlegg på Mørekysten etter det som skal ha vore teknisk svikt på ein pakning. Lorten rann ut i ei myr i nærleiken, og derifrå vidare til vassdrag og sjø.
Vold meinte at å opna opp for biogass på Skoga betyr at rammevilkåra for dei verksemdene som allereie er i området, vert endra over natta.
– Dette er ikkje berekraftig næringspolitikk, slo han fast.
Vidare bad han ordføraren om å gå i dialog med Statsforvaltaren for å sjå på moglege plasseringar av biogassanlegg i .
Vold ville òg ha svar på om kommunen har kartlagt bøndene sitt behov for biomasse, og bad om ei forklaring på korleis vidare arbeid med reguleringsplanar for industriområde kan skapa føreseielegheit for næringsliv og innbyggarar i Hå.
Vold understreka at partiet hans er positivt til biogassanlegg.
– Men det må skje på ein måte som er berekraftig, føreseieleg og i dialog med lokalsamfunnet. Me ønsker ein heilskapleg plan som tar vare på landbruket sine behov og omsynet til innbyggarar og næringsliv, sa han.
Ordføraren: – Eg gler meg til fortsettinga
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) svarte at det er særleg to grunnar som gjer det viktig å anlegga biogassanlegg på Jæren. Den eine er strengare krav til gjødselhandtering, som òg Vold viste til.
Den andre er klimaavtalen landbruket har inngått med styresmaktene. Landbrukssektoren har forplikta seg til å kutta utsleppet av CO2-ekvivalentar med mellom fire og seks millionar tonn. Eit av grepa for å få dette til, er å etablera industrielle biogassanlegg.
– I 2021 gjekk om lag 1 prosent av husdyrgjødsla i Noreg gjennom eit biogassanlegg. Målet er å auka dette til 30 prosent, sa ordføraren.
Bjorland sa at kommunen har vore i tett dialog med Statsforvaltaren i Rogaland om biogassanlegg, og at denne hadde peika på at både Grødaland og Sirevåg var veleigna for slike anlegg, med tanke på transportavstanden.
– Statsforvaltaren har vore tydeleg på at industrielle biogassanlegg skal ligga på etablerte industriområde. Ut frå dei industriområda me har i kommunen og med tanke på transport, er det Sirevåg, som òg aktørane i bransjen har peika på, sa ordføraren.
Bjorland poengterte at han uansett ikkje har mynde til å overprøva vedtak gjort av kommunestyret eller dei politiske utvala, men minna om at det til slutt vert opp til kommunestyret å seia ja eller nei til områdeplanen når han ligg føre.
Han viste vidare til at fylket tidlegare har greidd ut potensialet for biogass på Jæren og at det nyleg kom ein landsoversikt over organiske ressursar i Noreg.
– Her vil det vere ein konkurransesituasjon som regulerer seg etter dei moglegheitene som finst i området. Eg meiner kommunen må handtere denne bransjen på lik linje med andre bransjar – det vil seie å legga til rette for sunn og god konkurranse, sa Bjorland.
Ordføraren poengterte at planendringar ikkje er uvanlege og at det vert høve til å komma med innspel undervegs.
– Det vil òg vera høve til å stilla krav til lukt og støy, sa Bjorland og la til at Utval for samfunn, som har hand om prosessen, har moglegheit til å stilla strengare krav enn det loven legg opp til.
Ordføraren avslutta med å seia at Sirevåg står overfor spennande tider.
– Eg gler meg til fortsettinga, sa han.
I responsen sin til ordføraren la Vold særleg vekt på konsekvensane for Sirevåg Rugeri.
– Her vert over 50 prosent av kyllingane til den norske marknaden klekka. Dei er ei kritisk brikke i norsk eggproduksjon. Eventuell smitte her, kan få alvorlege konsekvensar for heile den norske eggnæringa. Kunne det ikkje vore ein fordel å ta ein dialog med produsentar og bransjeorganisasjonar før ein set i gang ei så stor utgreiing, lurte han.
«Bynasen» reagerte ikkje
For Høgre var det lite støtte å henta frå dei andre partia som melde seg på i diskusjonen.
Merethe Elin Kvia (Hå-lista) la vekt på arbeidsplassar og grøn omstilling og meinte det er positivt når ei verksemd vil etablera seg i Hå. Ho la vekt på
– Det er ikkje slik at dei står i kø og at me kan velja og vraka blant tilbod. Når nokon vil etablera seg her, må me ivareta både dei og innbyggarane og miljøet vårt på ein god måte, sa ho.
Kvia uttrykte forståing for at mange kan vera redde for lukta, men fortalde om ei oppleving ho sjølv hadde hatt på ein tidlegare utvalstur til eit biogassanlegg ved Tønder i Danmark. Ho fortalde at dei hadde vore ganske fint oppkledde og at ho på førehand frykta at lukta skulle setta seg i kleda.
– Skepsisen forsvann fort. Me kjende ikkje lukt i det heile. Og eg har bynase, det er i alle fall det dei seier heime hjå meg. Diskusjonen i bussen etterpå var utruleg positiv. Alle var einige om at noko slikt må me få til i Hå. Nå er eit på gang på Grødaland, men me treng fleire, sa Kvia.
Kvia vedgjekk at tungtransporten kan vera ei utfordring, men meinte det er mogleg å legga gode føringar for denne i reguleringsplanen.
Kvia sa at anlegget vil generera om lag fem faste arbeidsplassar, og innrømma at det ikkje er særleg mange.
– Men det er fleire enn me vil klara å skapa gjennom turisme i same område, sa ho.
Sp: – Underleg
Svein Høyland (Sp) stilte spørsmål ved kva interpellasjonen frå Vold sa om Høgre sin næringspolitikk.
– Nye initiativ vert møtt med stor skepsis og ting skal utgreiast igjen og igjen. De ber om ein heilskapleg plan for biogass. Skal de ha heilskaplege planar før de seier ja til meieri, mekanisk industri og slaktar òg? spurde han.
Han ville ikkje gå med på at ei eventuell planendring ville vera det same som å endra på rammevilkåra til dei andre verksemdene på Skoga.
– Dette er eit næringsområde. Her skal det vera mogleg å etablera seg for ulike næringar, sa han.
Høyland sa han var trygg på at utgreiingane som kjem vil gje gode svar på om anlegget er trygt eller ikkje.
– At Høgre vil ta omkamp på ein sak som er under utgreiing er underleg. De fremjar skepsis basert på eit faktagrunnlag som verkar tvilsamt. Eg synest ikkje dette er fornuftig, sa Senterparti-politikaren, som meinte ei eventuell etablering av biogassanlegg på Skoga kan verta eit stort løft, for Sirevåg, Hå og Jæren.
Vold tok Høgre sin næringspolitikk i forsvar:
– Litt av hovudgrunnen til at rugeriet flytta til Sirevåg, var at dei ville komma seg vekk frå potensielle smittekjelder. Nå vel de å legga ei smittekjelde eit par hundre meter frå dei, svarte han.
Frp: – Skuffa over Høgre
Varaordførar Svein Arve Nygård (Frp) var heller ikkje særleg nådig. Han sa han hadde lurt lenge på korleis han skulle kommentera interpellasjonen.
– Det verste har nok vore å innsjå at me i Frp tenker heilt annleis enn Høgre når det gjeld næringspolitikk og korleis me handterer saker som dette. Me er skuffa over at avstanden mellom oss er så utruleg stor som denne interpellasjonen viser, sa han.
Varaordføraren reagerte særleg på at Vold bad ordføraren ta initiativ til å stansa utgreiingane Utval for samfunn har bede om.
– Det er veldig spesielt. Eg trudde faktisk ikkje noko parti i denne sal hadde slike meiningar. Korleis skal det gå om ein tapar ei avstemming og praksisen vert interpellasjonar der ein ber ordføraren om å gløyma vedtaket og gjera noko anna? spurde Nygård retorisk.
Varaordføraren syntest det var vanskeleg å forstå at ikkje Høgre vil ha ei konsekvensutgreiing, gjeve innspela som har komme frå innbyggarar, næringsliv og andre interessentar.
Nygård sa at konsekvensutgreiingar kan visa fram både positive og negative konsekvensar av eit tiltak.
– Dei sikrar at avgjerder vert tatt på fagleg, balansert og informert grunnlag, sa Nygård.
Varaordføraren viste òg til at det er andre verksemder som er i ferd med å etablera seg i Sirevåg. Eit planlagt anlegg for landbasert lakseoppdrett vil aleine innebera investeringar for over to milliardar kroner. Desse skal vera i god dialog med biogassanlegget.
Nygård formante om å ta næringslivsaktørar seriøst før saker vert avgjort.
– At Høgre i det heile ikkje vil sjå på saka og greia ut konsekvensane, synest eg er særs merkeleg for nokon som kallar seg eit næringsparti. Då vert spørsmålet om det ikkje heller er Høgre som skremmer investorane frå Sirevåg og Hå, sa han.
KrF: – Ville tendert til udemokratisk
Magnus Ånestad (KrF) leier Utval for samfunn, som i september altså vedtok å gå vidare med områdeplanen. Han meinte utvalet hadde behandla saka «sjeldan grundig».
– Det ville vore svært spesielt og tendert til udemokratisk om ordføraren skulle ha stoppa dette. Det ville i alle fall ikkje vore føreseieleg. Sånn kan me ikkje ha det, sa Ånestad.
Han gav Vold rett i at smitte ikkje er spesifikt nemnt i dei tinga utvalet har bedt kommunedirektøren sjå nærare på.
– Det er fordi at då planprogrammet var ute på høyring, skreiv ikkje Mattilsynet noko om smittefare i sitt høyringssvar, sa Ånestad.
Han la til at han har fått signal frå Animalia om at dei har eit innspel knytt til smitte og sa han har oppfordra rugeriet til å vidaresenda dette.
Ånestad sa òg at det med tida vil komma ein ny prinsippavklaringssak der Utvalet skal ta stilling til om dei skal gå vidare eller seia nei til vidare utgreiingar.
– I denne saka går me vegen litt meir etappevis enn vanleg, slik at me ikkje treng venta til heile planen er ferdig før me tar stilling til han. Dette er ein ryddig, seriøs og god måte å behandla denne saka på, både overfor innbyggarar, kommunen, næringslivet og andre aktørar, sa utvalsleiaren.
– Må ta vare på dei som allereie er her
Den siste som tok ordet, var Gunn Hege Skretting Sirevåg, som er Høgre sin andre representant i Utval for samfunn.
Ho presiserte at òg Høgre er tilhengarar av biogassanlegg i Hå.
– Men først ønsker me meir dokumentasjon og bakgrunn på kva konsekvensane er av dette. Frp sa at me ikkje ønsker industri. Jo, me er veldig for industri, men me er òg opptatt av å ta vare på dei som allereie har starta noko. Me må ha ein strukturert plan på dei industriane me har. Når me har sagt ja til dei rundt, må me sjå at dette er noko som kan fungera med dei.
Høgre-representanten var ikkje sikker på om det er rett å bruka millionar av kommunale kroner på å greia ut eit anlegg som kanskje ikkje vert noko av.
– Dette er pengar som kunne vore brukt på å legga til rette for annan industri, sa Sirevåg.
Det vert folkemøte om planane, arrangert av Sirevåg vel, ein gong rundt månadsskiftet.