Christian Roxman er dagleg leiar ved Roxman Bakeri og Konditori og ein av fleire næringsdrivande på Skoga som er skeptiske til eit planlagt biogassanlegg i dei grøne bakkane bak han på bildet.
Christian Roxman er dagleg leiar ved Roxman Bakeri og Konditori og ein av fleire næringsdrivande på Skoga som er skeptiske til eit planlagt biogassanlegg i dei grøne bakkane bak han på bildet. Foto: Håvard Ovesen

Havila Biogass ønsker å etablera eit anlegg som skal ta imot opp til 300.000 tonn husdyrgjødsel i året på Skoga.

I tillegg ønsker dei å ta imot avfall frå fiskeindustrien.

Ein annan aktør ønsker å etablera eit anlegg for reinsing av forureina masser like ved.

Ein ny reguleringsplan for området er derfor under arbeid. Nyleg vart planprogrammet, som er ei slags oppskrift for det vidare arbeidet med planen, vedtatt.

Redd for «uappetitteleg» lukt

I forkant kom det inn ei rekke høyringsinnspel.

Eitt av desse, kom frå det tradisjonsrike bakeriet Roxman, som for to år sidan flytta ut av lokala i Sirevåg sentrum og opp til nye produksjonslokal og nytt bakeriutsal på Skoga.

I høyringsinnspelet skriv dagleg leiar Christian Roxman at dei gjorde ei stor investering i både lokale og utstyr, og at dei valde Skoga fordi dei meinte føresetnadane her var gode for bakeriverksemda.

Kjem det eit biogassanlegg, vert desse føresetnadane endra, meiner Roxman. Han fryktar det kan gå ut over innteninga og eit merkevarenamn bygd opp over generasjonar.

– Eg driv matproduksjon her. Får me utfordringar med lukt, er eg redd kundane ikkje lengre vil komma til oss, fordi det ikkje er apetitteleg, seier Roxman til Jærbladet.

I høyringssvaret skriv han at det må vera nulltoleranse for merkbar lukt ved eigedomsgrensa til bakeriet.

– Skulle det oppstå eit uhell, noko eg har lest at kan skje, vil det lukta ringt i heile området. Om du køyrer forbi eit bakeri og det luktar vondt, køyrer du ikkje innom. Du vert ikkje lysten på noko å eta, seier Roxman.

Ein annan usikkerheitsfaktor er lydnivået.

– Utanfor utsalet har me benkar på utsida. Der sit det folk heile året gjennom. Om dei ulike etableringane fører med seg mykje støy, er eg redd dei ikkje vil setta seg ned lenger, seier Roxman.

Redd for nedbemanning

Han fryktar bakeriet vil tapa mykje omsetnad på grunn av dei nye naboane.

– Då må me i verste fall begynna med nedbemanning, seier Roxman.

I høyringsinnspelet skriv han at verksemda er positiv til fortsatt utvikling av Skoga, men at eit biogassanlegg ikkje vil vera i samsvar med dagens næringsstruktur.

Til Jærbladet seier han at det finst andre lokalitetar som er betre eigna, blant anna Småhaugane utanfor Vigrestad.

Der har kommuneplanen sett av eit stort område til avfallshandtering. Her er det framleis mykje ledig plass.

– Med tanke på at der er det allereie ferdig regulert, vil det vera litt dumt om dei ikkje nyttar det, seier Roxman.

Bakaren fekk med seg debatten som oppstod i kommunestyret etter at Høgre-representanten Bodvar Vold spurte ordføraren om han ville gå inn og stoppa det vidare arbeidet med reguleringsplanen for Skoga fram til det ligg føre ein heilskapleg plan for biogass i Hå kommune.

Her, i forlenginga av dagens industri på Skoga utanfor Sirevåg, er det planar om å bygga eit biogassanlegg. Fleire av dei som i dag driv næring i same nabolag, er skeptiske.
Her, i forlenginga av dagens industri på Skoga utanfor Sirevåg, er det planar om å bygga eit biogassanlegg. Fleire av dei som i dag driv næring i same nabolag, er skeptiske. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Under debatten sa Merethe Elin Kvia (Hå-lista) at anlegget vil føra med seg fem direkte arbeidsplassar.

– Men kva om den same etableringa gjer at eg mistar fem eller ti arbeidsplassar ved verksemda mi? spør Roxman.

– Nå skal jo dette konsekvensutgreiast. Korleis stiller du deg til eit eventuelt biogassanlegg om utgreiinga viser at dette er fullt mogleg å få til, utan sjenerande nivå av støy, lukt eller anna forureining?

– I så fall er eg interessert i å sjå nærare på kva som vert lagt til grunn og korleis dei har komme fram til dette.

Smittefrykt

Byggselskapet ET Bygg AS og eigedomsselskapet B & G og ET Sirevåg AS held ikkje til på Skoga, men driv blant anna med bustadbygging på Skoran, like i nærleiken.

Dei fryktar lukt og støy og at biogassanlegget kan bremsa utviklinga av Sirevåg og skriv i høyringssvaret sitt at dei må revurdera verksemda si i bygda om biogassanlegget vert realitet.

Jærbladet har snakka med andre verksemder i på Skoga som ikkje har sendt inn høyringssvar, men som er skeptiske til planane, særleg med tanke på lukt.

Dei ønsker ikkje å uttala seg til avisa.

Sirevåg Rugeri flytta inn i nye lokale på Skoga tidlegare i år.

Heller ikkje dei ønsker å uttala seg til avisa, ut over at dei er imot biogassanlegg på Skoga.

Grunnen til skepsisen går likevel klart fram av høyringsinnspelet dei gav til det nå vedtatte planprogrammet.

Verksemda klekker ut halvparten av alle norske kyllingar som veks opp til å verta verpehøns. Dei heldt tidlegare til på Litla Undheim, men flytta sørover blant anna for å redusera smitterisikoen og auka biotryggleiken.

På Skoga, langt sør på Jæren, var sjansane mykje mindre for å hamna i tryggleikssonene som Mattilsynet innfører når smittsame fuglesjukdommar vert påvist i fjørfehald.

I høyringsinnspelet sitt skriv dagleg leiar Andreas Salte at firmaet investerte rundt 40 millionar kroner då dei flytta til Skoga – ei «langsiktig og strategisk investering i smittevern og biosikkerhet – både for vår drift og for nasjonal matsikkerhet».

Vidare skriv han at dei er sterkt uroa for at smitterisikoen vil auka og biotryggleiken vil avta om det nå vert etablert biogassanlegg i nabolaget.

Dei ser fleire potensielle kjelder for auka smittefare, særleg frå husdyrgjødsel som skal køyrast inn til anlegget frå gardsbruk i heile regionen og rett forbi rugeriet.

Smitta kan òg vera meir indirekte, til dømes via køyretøy, maskinar og personell som skal til og frå anlegget.

Salte skriv at biogassanlegg har kjend risiko for lukt, støv og smitte som kjem via fuglar, insekt eller gnagarar. Rugeriet fryktar at dette i verste fall kan introdusera smittestoff som fugleinfluensa eller bakterier som salmonella eller campylobacter til det som i dag er eit «smittemessig reint» område.

Dette, skriv Salte, kan få store, nasjonale konsekvensar: Ettersom Sirevåg Rugeri står for klekkinga av om lag halvparten av alle kyllingar som vert til verpehøns, vil eit smitteutbrot hjå dei kunne ramme eggnæringa i heile landet.

Rugeriet si oppmoding var at kommunen heller burde sjå på ei alternativ plassering av biogassanlegget, lenger unna sårbar fjørfeproduksjon.

Etappevis planarbeid

Utval for samfunn vedtok planprogrammet i midten av september.

Samtidig som dei gjorde det, bad dei kommunedirektøren starta med konsekvensutgreiing for forureining og kartlegging av naturtypar og artsmangfald.

Etter at dette er gjort, skal saka komma tilbake til politikarane, som på grunnlag av dette vil ta stilling til om arbeidet med reguleringsplanen skal gå til neste steg.

– Det som står under konsekvensutgreiing er greitt å ta tidleg. Når det kjem tilbake, skal me vurdera på nytt om me vil gå vidare med risiko- og sårbarheitsanalyse og resten av planarbeidet eller ikkje, seier utvalsleiar Magnus Ånestad (KrF) til Jærbladet.

Magnus Ånestad (KrF) er leiar i Utval for samfunn. Han seier planarbeidet på Skoga legg opp til  ein prosess der det vert rikeleg med høve til å påverka.
Magnus Ånestad (KrF) er leiar i Utval for samfunn. Han seier planarbeidet på Skoga legg opp til ein prosess der det vert rikeleg med høve til å påverka. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ånestad viser òg til at Mattilsynet sitt høyringssvar ikkje nemner problematikken med eventuell smittefare, men seier at hovudmotivasjonen var at administrasjonen bør starta der det er lettast.

– Men sjølvsagt vert smittefare ein del av heile planarbeidet, seier han.

Ifølge planprogrammet skal smittefare vera eit tema for risiko- og sårbarheitsanalysen. Men først skal altså utvalspolitikarane få ei ny prinsippsak på bordet.

– Det som skjer i neste runde er ikkje eit ja eller nei til heile planen, det er eit ja eller nei til å gå vidare med arbeidet, seier Ånestad.

Han legg vekt på at arbeidet med reguleringsplanen kan endra seg undervegs.

– Me har bede om at administrasjonen skal gjera dette delvis, med tilbakemeldingar frå oss politikarar før eit forslag til reguleringsplan eventuelt vert lagt ut på høyring. Og sjølv då vil det ikkje vera eit endeleg ja eller nei til planen, me kan gjera endringar, seier Ånestad.

Utvalsleiaren poengterer at planarbeidet på Skoga er meir etappevis enn det som er vanleg i plansaker, nettopp for å ta opp i seg dei innspela som kjem inn på ein god måte.

– Når me hadde planprogrammet oppe i september, var det nettopp fordi det hadde komme så mange innspel, seier Ånestad.

Negative innbyggarar

Mange av innspela er negative. Det gjeld særleg dei som har komme frå næringslivet, innbyggarar og hyttefolk.

Innbyggarane og hyttefolka fryktar blant anna støy og lukt, helsemessige konsekvensar og anlegget sin visuelle påverknad på omgjevnadane. Fleire innbyggarar fryktar og at eit biogassanlegg i nabolaget skal gå ut over bustadprisane.

Rogaland fylkeskommune skriv på si side at det er positivt at kommunen vil legga til rette for biogassanlegg, då dette kan kutta i klimautslepp og styrka sirkulærøkonomien i regionen. Samtidig legg dei vekt på at biogassanlegget bør sjåast i samanheng med det totale behovet i regionen.

Det siste legg òg Statsforvaltaren i Rogaland vekt på. Statsforvaltaren er i utgangspunktet positiv, men minner om at omsyn til forureining og samfunnssikkerheit kan verta krevjande.

Sirevåg Vel, Ogna Vel og Hå kommune arrangerer informasjonsmøte om planane tysdag 4. november klokka 18:00. Møtet skal vera på Ogna skule.