På begge sider av Arne Garborgs veg inn til Bryne sentrum greier hus og leilegheiter seg utan vegger som skjermar mot støy.

Utbyggarane bak «Snorres hage» har ein godkjent plan frå 2024, er ferdige med å rivearbeida, men vil ikkje setta i gang med å bygga.

Dei har kontakta kommunen etter å ha snakka med meklaren, som melder tilbake at potensielle kundar er opptatte av støy frå vegen.

I «Snorres hage» skal det koma 27 bustader fordelte på rekkjehus, fire einebustader og éin seksmannsbustad.
I «Snorres hage» skal det koma 27 bustader fordelte på rekkjehus, fire einebustader og éin seksmannsbustad. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Meiner støyskjerm er nødvendig

Byggesaksavdelinga i kommunen ville ikkje gje dispensasjon frå planen, og planavdelinga meiner ein støyskjerm vil vera konfliktfylt.

10. september fekk planavdelinga besøk av arkitekt Dag Ove Fasting, ein innleigd konsulent og Jan Erik Tuen i utbyggarselskapet.

Utbyggaren ønsker å tilby bustadkjøparane betre støyforhold enn minimumsnivået dei er sikra gjennom nasjonale støyretningslinjer.

Ifølge møtereferatet er støyskjermen ein stor ekstra kostnad som utbyggaren meiner er nødvendig for å gjera prosjektet salbart.

Kommunen svarer at ønsket vart spelt inn tidleg i planprosessen, og at tilbakemeldinga då var at støyskjermen ikkje er ønskt.

Støyskjermen på skissa er 2,5 meter høg og plassert i grensa mot gang- og sykkelvegen, utan plass til tre utanfor. Skjermen, som er bygt med betong, stål, svart plast og royalimpregnerte lekter, er heilt tett.
Støyskjermen på skissa er 2,5 meter høg og plassert i grensa mot gang- og sykkelvegen, utan plass til tre utanfor. Skjermen, som er bygt med betong, stål, svart plast og royalimpregnerte lekter, er heilt tett. Foto: Foto: Head Energy

Fryktar negative estetiske konsekvensar

Kommunen trekk fram ein rapport som viser at fasadetiltak og mindre lokale skjermar er tilstrekkeleg for å sikra tilfredsstilla støynivå.

Dei minner om at det i utgangspunktet aldri er ønskeleg å etablera støyskjermar med mindre det er nødvendig.

Ein høg og samanhengande støyskjerm vil «lukka» planområdet inne, både visuelt og praktisk, meiner planavdelinga.

I den godkjende planen er det teikna inn rabattar med tre mellom dei nye bustadene og gang- og sykkelvegen.

Støyskjerm vil dermed gje eit mindre grønt preg enn i den godkjende planen, for dei som ferdast langs Arne Garborgs veg.

I tillegg til negative estetiske konsekvensar, fryktar planavdelinga at «Snorres hage» risikerer å legga premiss for andre utbyggingar.

Denne skissa – truleg laga med kunstig intelligens – heldt ikkje for kommunen. Her veks trea gjennom støyskjermen – noko som jo ikkje er mogleg.
Denne skissa – truleg laga med kunstig intelligens – heldt ikkje for kommunen. Her veks trea gjennom støyskjermen – noko som jo ikkje er mogleg. Foto: Foto: Henta frå byggesaksarkivet til Time kommune

Vil ikkje ta risiko

I møtet vart det diskutert om det kan gjerast plass til både tre og støyskjerm, og forslag som kan gjera støyskjermen mindre massiv.

Lågare skjerm, oppdeling av støyskjerm, beplantning på utsida av støyskjermen, så vel som glasfelt og materialbruk, vart tatt opp.

Kommunen var ikkje villige til å senda noko signal utan å ha andre, konkrete teikningar å forhalda seg til.

– Administrasjonen er open for å vurdera ein søknad som viser ei alternativ utforming og plassering av støyskjermen. I utgangspunktet meiner administrasjonen derimot at løysinga i allereie godkjent plan er den beste løysinga, står det i møtereferatet.

Ein eventuell søknad må høyring før han kan leggast fram for politikarane i Time.

– Tiltakshavar viser til at dei i utgangspunktet er klare for å starta utbygging, og at det er viktig å få dette avklart. Dei ønsker ikkje å ta risiko med oppstart før spørsmålet om støyskjerm er avklart, står det i referatet.