Etter påsken har Obs Express lagt om opningstidene. Framover skal dei berre ha ope på sundagar og heilagdagar.
Varmlunsjen skal flyttast inn i den store butikken til Obs, som inneber at folk må inn på senteret for å kjøpa farse.
Butikkmedarbeidar Elias Vigrestad Kristiansen fortel at det nye tilbodet skal vera sjølvbetent.
Då er så klart oppfølgingsspørsmålet:
– Korleis blir det når folk vil ha éi farse i to brød?
– Det veit eg faktisk ikkje.
Set ny farsestandard
– Det er berre det som blir alternativet nå, svarer varehussjef Ole Sirevåg.
– Berre éi farse i to brød?
– Ja, fordi det er det 95 prosent av kundane går for. Det er ikkje ofte me sel éi farse i eitt brød.
Sirevåg ser fleire fordelar når Obs legg om. Tidlegare har dei steikt opp farsane dagen før.
– Når det er sjølvbetent, blir det både ferskare og mindre ventetid for kunden. I staden for å stå og henga over disken, ligg farsen klar. Han blir steikt kvar dag, lagt i brød og pakka på brett, som går rett i varmeskapet.
Skapet får snart selskap av eit bord til ost og ketsjup. Dei som har andre ønske, kan kontakta medarbeidarane i Obs.
– Vil dei ha, så skal dei få. Då gjer me det på gamlemåten. Men i den sjølvbetente løysinga er det berre éi farse i to brød.
Arvtakaren til Domus
Coop på M44 sel rundt tusen farsar i veka. Det var hjå forgjengaren på torget at det jærske kjøteventyret starta.
– Me er størst, og har alltid vore det. Opphavet er Domus på Bryne, og det prøver me å seia så ofte me kan. Dette er éin av dei tinga me kan vera skikkeleg stolte av her på Bryne – i tillegg til ein fotballspelar som dei fleste kjenner til.
Farse er faktisk heilt enormt, seier Sirevåg.
– Eg forstår ikkje at det kan vera så stort. Mange seier at salatbar er førstevalet, men det er altså såmange som er på den farsen. Det er ikkje ein trend, det er noko som varer og varer.
Har stritta imot salatbar
Domus eller ei – lunsjtilbodet rimar eigentleg dårleg med , og høyrer meir heime i supermarknader som Meny, Mega og Spar.
– Det er ingen Obs-butikkar som driv i den skalaen her, med farse og salatbar, slik me skal i gang med her på Bryne, seier Ole Sirevåg.
Han «skuldar» omlegginga på den nye ferskvaresjefen, Maya, som kjem frå Mega-konseptet.
Der står salatbaren sentralt. Varehussjefen har arbeidd på Obs sidan 2005, og fortel om hundrevis av førespurnader opp gjennom åra, som gjev han trua på at det finst eit kundegrunnlag for eit sunnare lunsjalternativ.
– I mange år har me hatt pågang frå kundar som spør om salatbar. Men me har stritta imot, fordi det krev både plass, pengar og ikkje minst bemanning, for at det skal bli bra, fortel Sirevåg.
Trur opp oppsving
Farsesalet på Vikeså skal ha blitt tidobla då Extra-en der fekk skap med sjølvbetening for nokre år sidan.
– Me har sett at farseløysinga som me har i dag, har si faste meinigheit. Men me trur at me kan selja vesentleg meir viss me kan presentera det på ein annan måte, seier Sirevåg.
Tidlegare var farsesalet i ein kiosk ved inngangen til M44, der Il Tempo er nå. Etter at farsane flytta til Coop Express og fekk sin eigen inngang, har varehussjefen fått førespurnader om ikkje Obs-en òg kan selja farse.
– Me kunne ikkje driva lunsjkonsept to plassar, fordi det hadde vore tungt økonomisk. Derfor avgjorde me i samarbeid med senteret å flytta lunsjlokasjonen. I Obs-butikken blir det eit større tilbod, fortel varehussjefen.
Blir rein sundags- og heildagsbutikk
Det er ikkje til å koma frå at lunsjtilbodet har vore ein stor del av omsettinga.
– Fjernar me lunsjen, øydelegg me ein del for Expressen. Det er mest ein lunsjbutikk. Det er ikkje her folk kjem for å handla brød og mjølk i vekedagane. Derfor har me avgjort at frå og med nå, så blir dette ein rein sundags- og heilagdagsbutikk.
Bemanninga som har vore på Obs Express i vekedagane, skal arbeida i den nye lunsjavdelinga.
Konkurrenten gjekk konkurs
Omlegginga på Coop Express skjer berre veker etter at den andre sundagsopne butikken på Bryne la ned.
Brustadbua, på andre sida av Jupitervegen, var ein del av Joker-kjeda. Butikken melde oppbod etter 1,5 år.
«Vi trodde kombinasjonen av butikk og bakeri, med blant annet prisvinnende glutenfrie produkter, skulle trekke omsetningen opp. Men det virker som at mange kunder kommer for tilbudsvarer og bakeriprodukter, og handler resten andre steder. Da blir det ikke bærekraftig drift», uttalte styreleiar Runar Hatletvedt til Jærbladet.
Han fortalde at sundagene har hatt god omsetting, men at resten av veka ikkje har vore sterk nok.
Den første sundagsopne butikken på Bryne, ved Bryne torgsenter, stengde i 2020. Auka konkurranse var éin av grunnane.