Humanetikarane er vande med å få høyra at dei ligg dårleg an på dommens dag, men det bit ikkje på. – Me står for mangfald og inkludering, seier Ann-Iren Andreassen (t.h). Med seg på kakeutdeling har ho (frå venstre) Cathrine Smith, Toril Haugland og Cecilia Black Fylking.
Humanetikarane er vande med å få høyra at dei ligg dårleg an på dommens dag, men det bit ikkje på. – Me står for mangfald og inkludering, seier Ann-Iren Andreassen (t.h). Med seg på kakeutdeling har ho (frå venstre) Cathrine Smith, Toril Haugland og Cecilia Black Fylking. Foto: Håvard Ovesen

Onsdag 6. mai er det 75 år sidan dei første humanistiske – borgarlege, heitte det den gongen – konfirmasjonane i Norge. Bak sto biologen Kristian Horn, som lenge hadde jobba for at dotter hans skulle få markera overgangen frå barn til vaksen, men i ein seremoni utan religiøst innhald.

38 år på Jæren

Fem år seinare, i forlenginga av arbeidet med det som var eit konfirmantkurs i godt medborgarskap, stifta Horn og likesinna Human-Etisk Forbund.

I dag tilbyr forbundet sekulære seremoniar ved alle dei store hendingane i livet: Namnefest, konfirmasjon, vigsel og gravferd.

– Dei som kjem på seremoniane våre for første gong, plar seia at det er kjempefint, at det er flotte markeringar, seier Cathrine Smith, styreleiar i Human-Etisk Forbund Jæren.

Ho meiner det er naturleg at det skal vera eit tilbod om sekulære alternativ til dei religiøse rituala som markerer dei store hendingane i livet.

Cathrine Smith er styreleiar i Human-Etisk Forbund Jæren.
Cathrine Smith er styreleiar i Human-Etisk Forbund Jæren. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Det første kullet som konfirmerte seg borgarleg på Jæren, gjorde det i ein seremoni i Klepp rådhus 25. april 1988.

Då var det 19 ungdommar frå Klepp i nord til Eigersund i sør som konfirmerte seg. Kursleiar var Elly Sivesind.

Trua på mennesket

I år er det 120 ungdommar som står til humanistisk konfirmasjon på Jæren. Det skjer i Storstova på Bryne denne helga.

Ann-Iren Andreassen trur det er fleire som eigentleg kunne tenka seg å gjera det same, men som ikkje tør.

– Det kan vera at dei opplever at det er eit uuttalt krav i familien at ein skal konfirmera seg i kyrkja, seier Andreassen, som sjølv melde seg ut av kyrkja for 35 år sidan.

– Kva får ungdommane eigentleg ut av å konfirmera seg humanistisk?

– På konfirmantkurset lærer dei om humanisme – trua på mennesket og kva det kan utretta. Me prøver å ha mykje aktivitetar, slik at det ikkje minner for mykje om skule. Me har mykje om menneskeverd og menneskerettar. Menneskerettar er ei viktig rettesnor i kursa, svarar styreleiar Smith.

Ungdommane blir utfordra på kritisk tenking og etikk.

– Me prøver å gjera dei medvitne på rett og gale. Me vil dei sjølve skal stilla spørsmål med kven dei er og korleis dei vel å vera, seier ho.

Ann-Iren Andreassen (frå venstre), Cecilia Black Fylking og Cathrine Smith utgjer styret i Human-Etisk Forbund Jæren.
Ann-Iren Andreassen (frå venstre), Cecilia Black Fylking og Cathrine Smith utgjer styret i Human-Etisk Forbund Jæren.

Onsdag har lokallag over heile landet stått på stand og delt ut kake og brosjyrar i høve 75-årsjubileet. Her på Jæren har dei stått på M44 og seinare på Jærhagen.

– Me gjer dette for å visa oss fram litt. Me som sit i styret vil at lokallaget skal vera meir synleg, med meir aktivitet, seier Smith.

Dei tre fortel at dei har fått litt kjeft – Human-Etisk Forbund er ikkje like stovereint i alle krinsar på Jæren – men stort sett har tilbakemeldingane vore positive.

Plasseringa deira på M44 var litt meir sentral, det var meir folk, så dei kom lettare i drøs, men òg på Jærhagen er det folk som takkar ja til kake. Nokon tar og med seg ein brosjyre, eller vekslar nokre få ord med dei fire på standen.

Kursleiaren konfirmerte seg i kyrkja

Det tok 32 år frå Human-Etisk Forbund først blei stifta, til det fekk ein lokal avleggar på Jæren. Primus motor var Toril Haugland, som hadde flytta heim til Bryne etter fleire år i Oslo.

– Me fann fort ut at me var fleire enn me visste om sjølv, seier ho.

Toril Haugland, som var med på å starta opp Human-Etisk Forbund Jæren kan fortelja at dei har opplevd å bli motarbeida og spådd evige pinsler, men vel å fokusera på det positive.
Toril Haugland, som var med på å starta opp Human-Etisk Forbund Jæren kan fortelja at dei har opplevd å bli motarbeida og spådd evige pinsler, men vel å fokusera på det positive. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Sjølv konfirmerte Toril Haugland seg i kyrkja. Det ho ikkje visste då, var at far hennar aldri blei konfirmert. Den gongen på 1920-talet, hadde han snudd på kyrkjetrappa. Først då dottera var godt vaksen og for lengst utmeld av kyrkja, fortalde han dette.

– Han ville eg skulle tenka sjølv. Han var eit forbilde for meg, fortel Haugland.

Då ho gav seg i 2019, hadde Haugland vore kursleiar for humanistiske konfirmantar på Jæren i nær 20 år.

Haugland fortel om ei jente som var med på eit av kursa hennar. Jenta hadde fått beskjed frå besteforeldra at dei ikkje ville gå i konfirmasjonen hennar eller gje henne gåve, fordi dei ikkje ville at ho skulle konfirmera seg humanistisk.

Haugland hadde svara at det var trist – for besteforeldra. Jenta kom til å klara seg, meinte ho, for ho hadde tatt sitt eige val.

På konfirmasjonsdagen dukka besteforeldra likevel opp. Under seremonien haldt dei seg i bakgrunnen. Etterpå kom bestefaren bort til Haugland.

– Han lurte på kva dei skulle gjera i kyrkja etter dette, ler Haugland.

– Han var så imponert over talarane, særleg over konfirmantane sine talar og alt dei hadde lært.