Jan-Halvard Møgedal og Janne Bergland Møgedal frå Suldal i Ryfylke bygger nytt lausdriftsfjøs for 37 mjølkekyr for 16 millionar kroner. Dei har fått 5 millionar kroner i investeringsstøtte frå Innovasjon Norge og 1,5 millionar kroner i støtte frå kommunen.
Mange bønder må utsetje bygginga av nye fjøs sidan det har gått tomt for pengar frå Innovasjon Norge. Foto: Jan-Halvard Møgedal

(Nationen) Stor pågang frå bønder som vil bygge fjøs fører til at potten som er sett av til har gått tom i Rogaland, landets største husdyrfylke.

Det går fram av ei melding frå Statsforvaltaren i Rogaland.

– 80 bønder får avslag

Alt i september i fjor varsla Statsforvaltaren i Rogaland at dei hadde fleire søknader om støtte til mjølkefjøs enn dei hadde i lokale ramme for 2026.

Statsforvaltaren kalla situasjonen «heilt ekstraordinær».

Over 80 millionar kroner frå den nasjonale har kome i tillegg. Det er langt frå nok. I april var det 117 ubehandla søknader.

«Vi har sett på dette som eit teikn på at det er investeringsvilje i næringa, og at mobilisering har effekt. Samstundes gir det ei stor utfordring for som skal behandle eit slikt omfang av søknader, der om lag 80 søknadar vil få avslag», skriv Statsforvaltaren i Rogaland.

15 for mjølk skal vere blant prosjekta som må setjast på vent til neste år, ifølgje Statsforvaltaren.

Samla skal det ha blitt tildelt rundt 145 millionar kroner til 35 mjølkeprosjekt i Rogaland i 2026.

Det fekk partnarskapet, som styrer bruken av investeringsstøtta, orientering om på eit møte i slutten av april.

– Bekymringsfullt

Samla sett skal det ifølgje Statsforvaltaren vere 117 søknader i Rogaland som ligg an til ikkje å få støtte i år medan det er 80 bønder som av tekniske grunnar må få avslag før dei eventuelt kan søke på ny.

– Dette er bekymringsfullt og krevande i forhold til dei statlege krava om dyrevelferd. Når det ikkje er meir investeringsstøtte tilgjengeleg, så er det ikkje lett å kome i mål, seier Anfinn Rosnes, assisterande landbruksdirektør i Rogaland.

Han viser til at Rogaland er fylket med flest husdyr utan at potten til investeringsstøtte står i stil.

– Vi har til dømes rundt 30 prosent av alle griser, men vi har ikkje noko investeringsstøtte for å stimulere til nybygging, seier Rosnes.

Bønder som vil legge om til er det ifølgje Rosnes derimot ei ordning for med eit fast støttebeløp på 500.000 kroner per prosjekt.

Ber bønder vente

Med mange søknader i kø og nye prioriteringar for 2027 på veg, så ber partnarskapet bønder vente med nye søknader til etter sommaren.

«Det var semje i partnarskapet om å annonsere at ingen nye treng søke midlar før 1. september 2026. Innan den tid er det avklart gjennom jordbruksoppgjeret kva som blir ramma for 2027, og partnarskapet har fått høve til å drøfte prioriteringar for 2027», skriv Statsforvaltaren.

Dei skriv at det alt i februar var registrert langt fleire søknader innan dei prioriterte områda enn det var pengar til på ramma for året «sjølv med godt bidrag frå nemnte nasjonale pott».