Fram til Jærbanen kom, var det Hårr, og lensmannsgarden der, som var knutepunktet på denne delen av Jæren, ikkje Vigrestad.
Tett på naboen
Ikkje berre ligg Hårr fint til, men grenda er òg eit døme på noko som er litt sjeldan på Jæren: Eit klyngetun. Det er ein byggeskikk der gardsbruka er bygd tett, med driftsbygningar og våningshus i ei klynge, mest som ein liten landsby, med jorde og kjelver liggande rundt.
Nå er klynga i ferd med å veksa seg større.
Ein av dei som har gard her, Eivind Heien, skal bygga nytt fjos til mjølkekyr. Fjoset skal bli 72 meter langt, 22 meter breitt og 8 meter høgt.
Problemet er at driftsbygningen kjem ni meter frå tomtegrensa til Sveinung Haaland og Jorunn Søyland, som har klaga på planane.
Landbruksområde
Fjoset vil ligga rett utanfor stovevindauget og terrassen deira. Paret er derfor redde for tap av utsikt og lys, men òg andre ting som vil følga med ein ny driftsbygning, som støy, lukt og fluger.
Utbyggaren har sendt kommunen ein kommentar til klaga. I tilsvaret blir det lagt vekt på at plasseringa er den mest føremålstenlege ut frå jordvern og andre landbruksomsyn og at regelverket opnar opp for at fjoset kunne vore bygd både høgare og nærare tomtegrensa.
Utbyggaren meiner at i eit kjerneområde for landbruk, må dei som bur der kunna rekna med lukt og lyd frå gardsdrift.
Kommunen si vurdering er at fjoset skal byggast i eit LNF-område og at her er det landbruksomsyn som skal telja mest. I eit LNF-område er det pårekneleg med driftsbygningar og alt som følger med dei, resonnerer kommunedirektøren.
Plasseringa av fjoset ni meter frå nabogrensa er òg godt innafor føresegnene i kommuneplanen og er dessutan den som er best med tanke på jordvernet, heiter det i løyvevedtaket.
Haaland og Søyland meiner på si side at kommunen fokuserte for mykje på landbruksmessige omsyn og for lite på omsyn til naboane då dei godtok naboen sine planar.
– Bønder er òg folk som skal bu ein plass, sa Haaland då han og Søyland nyleg fekk politikarane i Utval for samfunn heim til synfaring på terrassen.
– Ulidande
Her fekk politikarane eit godt innblikk i kor nært innpå huset naboen sitt fjos kjem.
– Det blir skikkeleg ulidande om me skal sitta i stova eller her ute, sa Haaland til politikarane.
I dag har terrassen og stova deira vakker utsikt sørover. Kjem fjoset, vil dei sjå rett inn i ein vegg.
– Eg reknar med at det ikkje er nokon av dykk som ville hatt eit fjos rett utanfor dykkar hus, sa Søyland.
Paret ser helst at det nye fjoset blir flytta 45 meter lenger aust. Då vil det ligga i flukt med maskinhuset deira og ulempene blir mindre, meiner dei.
Haaland innrømmer at naboen med det vil få litt lengre veg til fjoset.
– Men vegen blir ikkje lengre enn han er for oss eller dei andre naboane til sitt fjos, sa Haaland.
Til Jærbladet seier han at saka betyr mykje for dei.
– Eg stod og skalv då eg først høyrde om det, fortel han.
Både Haaland, Søyland og Heien var tilhøyrarar då politikarane behandla klagen etter synfaringa.
Tvil
Det første som skjedde, var at nestleiaren i utvalet, Knut Åge Gjersdal (Sp), måtte kjennast ugild. Gjersdal leiger ut beitejord til Haaland og har eit maskinsamarbeid med Heien.
– Eg har vore med på å grava ut det hôlet de stod og såg på i dag, sa Gjersdal før han måtte setta seg på tilhøyrarbenken han òg.
Derfrå kunne han sjå eit utval som var tydeleg ukomfortabelt med heile saka. Gjennomgangstonen var at det var lett å forstå kvifor dei som klaga klaga, men at det på den andre sida ikkje låg føre tungtvegande grunnar til å gripa inn og seia at det planlagde fjoset må flyttast.
Utvalsleiar Magnus Ånestad (KrF) kalla det ei vanskeleg sak.
– Me ser at plasseringa av bygget påverkar eigedommen og me blir utfordra på om me ville hatt det sånn sjølve. Samtidig er det sånn at me skal behandla dette i tråd med regelverket, og i saka står det at ulempene bygget fører med seg ikkje kvalifiserer for at me kan krevja at det blir flytta, oppsummerte han.
Fleire av politikarane gav uttrykk for at dei helst skulle ønska partane kunne bli einige seg imellom.
Ein lengre debatt kokte ned til spørsmålet om ulempene, etter politikarane sitt skjønn, var så store at dei kunne krevja ei anna plassering. Politikarane kom aldri med eit eintydig svar på dette.
I staden kom dei, etter eit gruppemøte, med eit anna forslag som blei samrøystes vedtatt: Dei utsette klagebehandlinga til neste møte.
I vedtaket heiter det at utvalet har forståing for at plasseringa kan opplevast uønskt og at det kan vera konfliktfylt å finna ei eigna plassering. Vedtaket oppmodar partane om å gå i dialog for å finna ei løysing begge kan gå med på.
Kjem det ein søknad om endra plassering, vil ikkje kommunen krevja gebyr for å behandla denne.