Nils-Thomas Økland, Åsgeir Hesby, Roald Sivertsen og Janet Martinez gjer alt klart for sommarfuglsvermen frå Mexico. Framleis har dei mange igjen. Lisbeth Ravndal og Bjørnar Hesby var også med denne dagen, men ikkje til stades då bildet blei tatt.
Nils-Thomas Økland, Åsgeir Hesby, Roald Sivertsen og Janet Martinez gjer alt klart for sommarfuglsvermen frå Mexico. Framleis har dei mange igjen. Lisbeth Ravndal og Bjørnar Hesby var også med denne dagen, men ikkje til stades då bildet blei tatt. Foto: Håvard Ovesen

For første gong skal sjølve fyret på Obrestad gje rom for eit kunstverk. Rett nok har det vore veggmåleri utanpå, men aldri før har det vore kunst stilt ut inne i sjølve fyrtårnet.

Og når Hå gamle prestegård først bestemmer seg for å ta i bruk eit nytt rom, gjer dei det til gagns. Denne sommaren har dei fått låna det kunstverket Black Cloud av den meksikanske kunstnaren Carlos Amorales.

Omfattande arbeid

Black Cloud er ein installasjon laga av tusenvis av svarte papirsommarfuglar, kvar einaste nennsamt bretta og hengt opp. Saman utgjer dei ein overveldande, surrealistisk sverm.

Jobben med å gjera alt klart begynte for ei god veke sidan. Jærbladet tel minst fire personar inne i fyrtårnet der dei jobbar med å henga opp sommarfuglar på vegger og i taket.

Kunstverket Black Cloud av den meksikanske kunstnaren Carlos Amorales er i ferd med å innta Obrestad fyr.
Kunstverket Black Cloud av den meksikanske kunstnaren Carlos Amorales er i ferd med å innta Obrestad fyr. Foto: Foto: Håvard Ovesen

I førre veke var det på det meste så mange som ti personar i sving med å pakka ut og bretta papirsommarfuglane, som blei skipa til Hå frå eit galleri i København. Sjølve rammeverket er meir eller mindre på plass, men ein god del justeringar står framleis igjen.

Den einaste plassen det ikkje er sommarfuglar, er på sjølve fyrlykta. Det har ein prosaisk grunn, ho er verna, men og ein som er med på å halde oppe illusjonen.

– Sommarfuglar kan ikkje stå på glas, seier kurator og programansvarleg Nils-Thomas Økland.

Kor mange arbeidstimar som går med på å montera og henga opp kvar enkelt av dei 22.656 papirsommarfuglane er uvisst, men det kan ikkje vera få.

– Ein spesiell plass

Den som har best oversikt, er Janet Martinez. Ho jobbar som assistent for Carlos Amorales og har flydd til frå Mexico for å passa på at det blir fint. Nå går ho frå rom til rom inne på Obrestad fyr og forklarar korleis ho vil sommarfuglane skal flokka seg i dei ulike romma og oppover mot sjølve fyrlykta.

– Dette er ein spesiell plass, veldig annleis. I eit kunstmuseum er det oftast heilt kvite, firkanta rom. Her er det ein annan arkitektur og ulike rom, seier Martinez.

I ti år har Janet Martinez har fulgt installasjonen Black Cloud over heile verda.
I ti år har Janet Martinez har fulgt installasjonen Black Cloud over heile verda. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Martinez kom til Noreg og Jæren for første gong i februar.

– Det er vakkert her. Eit flott landskap seier ho.

Martinez har jobba med Amorales i ti år. Kvar einaste gong Black Cloud skal stillast ut ein ny plass, reiser ho dit for å vera med på installasjonen. Parallelt med utstillinga, jobbar ho med ei anna utgåve av verket som skal stillast ut i Madrid.

– Eg liker det. Det som er spennande er at det er same verket, men det blir sjåande heilt ulikt ut frå gong til gong, seier ho.

Nøgd kunstnar

Martinez innrømmer at ho ikkje alltid har vore like komfortabel som omreisande installatør av Black Cloud og representant for Carlos Amorales.

– Den første gongen eg gjorde det, var min første installasjon nokosinne. Eg hadde ikkje røynsle og var veldig nervøs, men Carlos stolte på meg. Det gjekk bra. Nå liker eg det, fortel ho.

Alle moglege sommarfuglartar er representert i den gedigne svermen.
Alle moglege sommarfuglartar er representert i den gedigne svermen. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ho samarbeider tett med kunstnaren. Dei to kommuniserer med video og bilde og blir samde om korleis sommarfuglane skal settast opp i dei ulike romma.

– Han er veldig nøgd med korleis det blir sjåande ut her, seier Martinez.

Ho seier dei små romma, dei låge taka og trappene gjer at dei får betre fram det litt klaustrofobiske i verket – sommarfuglsvermen blir meir overveldande.

Dei har tidlegare brukt både maskinhuset, kjellaren og hagen, men det er første gongen Hå gamle prestegard nyttar sjølve fyrtårnet på Obrestad til utstilling.

Å navigera gjennom livet som flokk

Kurator Nils-Thomas Økland meiner sommarfuglane verkeleg framhevar og gjer om på romma.

– Du ser dei på ein heilt annan måte. Trappeavsatsar som til vanleg berre er reine transportetappar, blir plutseleg heilt nye rom. Me flyttar blikket på ein heilt annan måte, seier han.

Nils-Thomas Økland ser på fyrtårnet med nye auge etter å ha bretta og hengt opp sommarfuglar i dagevis.
Nils-Thomas Økland ser på fyrtårnet med nye auge etter å ha bretta og hengt opp sommarfuglar i dagevis. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Økland peiker opp i taket.

– Før me hang opp sommarfuglar her, hadde eg aldri lagt merke til korleis det kvelva, seier han.

Med sommarens utstilling, som skal stå fram til 6. september, blir fyret ein del av kunstverket.

– Det tar inn over seg dei stadene det blir stilt ut. Obrestad blir ein del av kunstverket si historie og blir ein del av eit fellesskap med dei andre stadene det har stått, seier Økland.

Det er mange ulike artar blant dei over 22.000 sommarfuglane som dei nå driv og heng opp inne i fyret.

Amorales, seier Økland, er særleg opptatt av monarksommarfuglen.

– Dei migrerer, gjerne over fleire generasjonar. Det vil seie at dei som kjem fram, ikkje er dei same som starta. For å navigera, bruker dei lys. Då passar det bra å konsentrera installasjonen rundt ei fyrlykt. På den måten kan fyrtårnet vera med og fortelja noko om korleis det er å navigera gjennom livet som ei flokk. Sommarfuglane kjem ikkje enkeltvis. Det kjem samla, og er her berre mellombels, seier Økland.

Kvar sommarfugl må pakkast ut, brettast og utstyrast med ein liten klump heftemasse som han treng for å få feste til veggen eller taket.
Kvar sommarfugl må pakkast ut, brettast og utstyrast med ein liten klump heftemasse som han treng for å få feste til veggen eller taket. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Fire utstillingar

Black Cloud er ein del av Hå gamle prestegard sine sommarutstillingar.

Black Cloud er ved fyret, dei andre skal vera ved prestegarden.

  • Kim Hankyul stiller ut skulpturen M(M)M.
  • Solveig Bergene kjem med ei samling store teikningar/akvarellar kalla Kambrium.
  • Italienske Luca Berti stiller ut fotosamlinga Jareklang med bilde han har tatt av jærbuar og jærlandskapet med gamle analoge kamera.

Offisiell opningsdag er laurdag 6. juni klokka 14:00. Då blir det tale ved Hå-ordførar Andreas Bjorland (KrF) og Sofie B. Ringstad, dagleg leiar ved Contemporary Art Stavanger.