Politikarane i Hå vil bruka to millionar kroner på å rusta opp Nærbø torg. Kommuneadministrasjonen har utarbeida ein plan for korleis dette kan gjerast.
Målet er å finna plass til blant anna aktivitetspark, skateanlegg, ein paviljong ved sida av bocciabanen og ei scene med eit lite amfi.
I tillegg skal Gunnar Torvund sitt kunstverk «Heimen og ei halv løve», som står der i dag, rustast opp og lyssettast.
Som Jærbladet tidlegare har skrive, medfører opprustinga at kommunen må fjerna parkeringsplassane som i dag er på torget.
Men det er ikkje det einaste kontroversielle grepet.
Vil ha vekk «utrivelege» bygg
Kommunedirektøren meiner den sør-austre delen av torget ikkje framstår særleg triveleg.
Der står det eit gatekjøkken, eit offentleg toalett og taxihytte – alt saman bygd på 1980-talet.
I ei sak som skal opp i formannskapet tysdag, skriv kommunedirektøren at dei tre bygga «ber preg av utsett vedlikehald, og framstår som lite eigna i ei framtidig sentrumsutvikling».
Kommunedirektøren tar til orde for å riva dei tre bygga, og erstatta dei med ein leikeplass.
«Ved å fjerna dei slitne bygga som trekk ned opplevinga av torget som trygt, triveleg og tilgjengeleg, og omdisponera parkeringsareal til nye aktivitetar, kan me leggja grunnlag for eit meir levande og attraktivt sentrum», skriv kommunedirektøren.
Det er kommunen som eig grunnen bygga står på, men leigeinntektene er låge.
Leigetakarane har seks månadars oppseiingstid.
Sentralt
Dag Jøran Sivertsen i Taxi Nærbø seier dei «alltid» har hatt base i taxihytta på torget.
– Det er rett ved sida av toget, rett ved sida av butikken og rett ved sida av puben. Om folk ikkje vil ringa på førehand, kan dei berre komma innom og så kjem dei seg heim. Lokaliteten er veldig god for oss, seier Sivertsen.
Må dei flytta på seg, vert det meir tungvint for dei, men Sivertsen er innforstått med at han ikkje har så mykje han skulle ha sagt.
– For å seia det sånn, framskrittet kan me ikkje stoppa, uansett. Vil dei riva, kan ikkje me seia noko frå eller til på det, seier han.
Kommunedirektøren meiner funksjonane til dei tre bygga som i dag står på Nærbø torg kan oppfyllast andre stadar i sentrum.
Politikarane avgjer
Tysdag tek formannskapet i Hå standpunkt til om dei vil gå vidare med planane eller ikkje. Gjev dei grønt lys, vil kommunedirektøren komma tilbake med ei ny sak med oversikt over kor mykje dei ulike tiltaka vil kosta.
Samtidig får dei høve til å prioritera dei ulike tiltaka. Det kan trengast. Ifølge kommunedirektøren er det nemleg lite sannsynleg at alle tiltaka kan gjennomførast utan ekstraløyvingar ut over dei to millionane som allereie er sett av til prosjektet.