Israelsk-eigde Green Mountain eig fire datasenter i Noreg, eit i England og eit i Tyskland. I tillegg har dei eit nytt under bygging på Undheim i Time.
Barn og ungdom
I dei regionane dei har datasenter, deler dei òg ut pengar til barne- og ungdomstiltak innan idrett og kultur. Det gjer dei gjennom fondet Green Mountain Community Support Fund.
I mars gjekk frista for å søka om pengar frå fondet ut. Nå er lista over mottakarar klar.
Totalt deler fondet ut éin million kroner i Norge. Av dette går 320.000 kroner til ulike lag og organisasjonar i Rogaland.
På Jæren fekk følgande aktørar støtte:
- Lye IL, fotball G2017: 10.000 kroner
- Kåsen håndball, J2013-2015: 15.000 kroner
- Undheim IL, G12 og G14: 30.000 kroner
- Kulturbanken: 50.000 kroner
- Bryne Symjeklubb: 50.000 kroner
Sistnemnde skriv på Facebook at pengane skal gå til symje-SFO i juni.
I fjor, som var første gongen fondet delte ut pengar, var Rosseland sitt G2010-lag den einaste lokale mottakaren av støtte. Då fekk dei 20.000 kroner.
Vil sponsa
Gåvene frå Green Mountain Community Support Fund er ikkje den einaste måten datasenter-eigarane engasjerer seg i lokalsamfunnet på.
Jærbladet har tidlegare omtalt at Green Mountain, kort tid før søknadsfristen gjekk ut, retta ein førespurnad til Undheim IL med spørsmål om dei var interessert i sponsing.
Førespurnaden førte i mars til habilitetsdiskusjon i kommunestyret i Time, sidan leiaren for Undheim IL, Ranveig Undheim, òg er kommunestyrerepresentant for Senterpartiet.
Kommunestyret, som på den aktuelle datoen skulle diskutera eit samarbeid med datasenteret om eit høgdebasseng nær datasentertomta, kom fram til at Undheim ikkje var inhabil, trass i at ho hadde diskutert mogleg sponsing med Green Mountain.