Jærbladets journalist anslår at rundt 80 tilskodarar møtte opp i Klepp sitt formannskapsmøte måndag ettermiddag.
Jærbladets journalist anslår at rundt 80 tilskodarar møtte opp i Klepp sitt formannskapsmøte måndag ettermiddag. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– At me har latt dette gå så langt som det har, ikkje berre dette kommunestyret, men også tidlegare, synest me er ei stor skam, introduserte Ragnhild Rørstad (Ap).

– Me meiner at me må halde det me har lova, som er ei rehabilitering av Orstad skule utan endring av klassetrinn.

Med dette fremma ho eit alternativt forslag, på vegner av Arbeidarpartiet og Industripartiet, om å starte eit forprosjekt for rehabilitering av Orstad skule for 1.–10. trinn og Orstad læringssenter.

Folkehjelpshuset, fullt av tilskodarar, sette i applaus.

Ordførar Kjetil Maudal måtte banke med klubba for å få ro i salen.

Fekk ikkje hovudutvalet med på å behalde ungdomstrinnet

I april 2024 vedtok kommunestyret at Orstad skule skulle rehabiliterast/byggast om og få eit påbygg. Med dette bestemte politikarane seg for å behalde ungdomsskuletrinnet på Orstad.

No har det vist seg at rehabiliteringa blir dyrare enn tidlegare anslått.

I handlings- og økonomiplanen er det sett av 162,5 millionar kroner. Oppdaterte anslag viser at prisen kan bli oppimot 250 millionar kroner om bygda skal behalde ungdomstrinnet sitt. Dersom kommunen ønskjer å behalde berre barnetrinnet, blir kostnaden 187 millionar.

FAU og hovudutval for barn og unge etterspurde pris for skuleskyss frå Orstad til Klepp. Prisen er rundt 900.000 kroner per år, var svaret frå kommunen.
FAU og hovudutval for barn og unge etterspurde pris for skuleskyss frå Orstad til Klepp. Prisen er rundt 900.000 kroner per år, var svaret frå kommunen. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Kommunedirektør Torild Lende Fjermestad føreslår å flytte desse eldste elevane til Klepp ungdomsskule og Bore ungdomsskule.

Ho argumenterer også for at det kan styrke fagleg kompetanse og sosial inkludering.

FAU har sagt til Jærbladet at dei opplever det som ein omkamp.

Saka blei først behandla i hovudutval for barn og unge torsdag. Ap føreslo først der å behalde alle noverande klassetrinn, men fekk berre med seg to av åtte andre på forslaget.

Vil høyre bygdefolkets meining

Heller ikkje i formannskapet måndag fekk Ap gehør. Sjølv om forslagsstillarane Rørstad (Ap) og Elisabeth Thomassen (INP) var dei einaste som stemte for det, verka ikkje saka til å vere heilt avgjort for alle politikarane som stemte for kommunedirektørens innstilling heller.

For eksempel er det framleis ulike syn i Frp si gruppe, ifølgje Siri Øksnevad Olsen.

– Nokon vil ha ei grundigare vurdering før endeleg vedtak. Klepp Frp er ikkje ferdige med saka i dag, sa ho.

Litt seinare i diskusjonen fremma ordførar Maudal (Frp) eit tilleggsforslag, som gjekk ut på at den vidare behandlinga av saka blir sett til kommunestyremøtet 11. mai, i staden for 9. februar.

Forslaget kom som ein naturleg følgje av at hovudutval for barn og unge gjekk inn for å be administrasjonen om å gjennomføre ei høyringsrunde for råka elevar og innbyggjarar tilknytt skulen.

– Eg vil at det skal brukast nok tid til å gjere grundige vurderingar. Alle som har høyringsinnspel skal ha anledning til å gjere det, sa han, og fekk med seg alle på forslaget sitt.

Fleire av politikarane i formannskapet var glade for at høyringsrunden blir gjennomført. I hovudutvalet kom den som eit forslag frå Senterpartiet og Venstre.

– Eg trur den kan bli viktig for å sjå vegen vidare, i alle fall for oss i KrF, sa Siri Lindtveit.

Samarbeid med Frøyland?

I diskusjonen var det også fleire som etterspurde eit mogleg samarbeid med Time om ein felles ungdomsskule for Frøyland og Orstad skulekrins. Temaet var også ein del av vedtaket i 2024.

I kommunedirektørens forslag som no ligg på bordet, ligg det også inne at forprosjektet skal avklare kva ungdomsskule åttande til tiande klasse ved Orstad skal gå på i framtida, inkludert om eit framtidig samarbeid med Time er aktuelt.

Dette er ikkje avklart per no, fordi ei utgreiing av ny skulestruktur ikkje fekk fleirtal i kommunestyret, forklarer ho i sakspapira.

Ove Horpestad (H) var klar på at Høgre vil flytte ungdomsskuleelevane frå Orstad.
Ove Horpestad (H) var klar på at Høgre vil flytte ungdomsskuleelevane frå Orstad. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Dialog med Time kommune burde me ha avklart på førehand, at me enten går me for det eller ikkje, sa Rørstad (Ap), og stilte spørsmål ved om Klepp har midlane til ein fellesskule no.

– Dette Time-sporet har vore litt ullent. Eg føler ikkje det har vore ei god nok utgreiing når det gjeld forslaget som me la fram der, sa Roar Lima Grødeland (Sp).

Klepp og Time har allereie eit samarbeid i Vardheia ungdomsskule.

– Ikkje riktig at dei to ungdomsskulane skal ligge i sentrum

Ove Horpestad (H) sa at han, etter at partigruppa deira fekk besøk av FAU, har inntrykk av at foreldre er skeptiske til å sende ungdommane til sentrum.

– Viss me kunne fått til eit ungdomstrinn med Frøyland, trur eg det kunne vore ei god løysing. Eg trur det er litt enklare for bygda, sa han.

Han var likevel klar på at Høgre heiar på å behalde berre barnetrinnet på Orstad, og fortalde at han har tru på at det er sunt å gjere noko nytt etter sju år på ein plass.

– Eg personleg er også eigentleg for å bytte miljø når ein kjem på ungdomsskulen. Likevel synest eg ikkje det er riktig at dei to ungdomsskulane me har i Klepp skal ligge i sentrum, sa Thomassen (INP).

– Eg synest også at å få til eit samarbeid med Time hadde vore veldig bra, men me har jo ikkje noko svar på det. Eg føler dette blir ein lovnad om at «kanskje på sikt, om me vil sjå på det».

Det vil bli tatt kontakt med Time om eit samarbeid, dersom utsettingsforslaget til ordførar Maudal går gjennom i kommunestyret 9. februar også.

Blir behandlinga utsett, kjem den opp igjen i vår.