– Eg lurer på korleis eg har klart å gjera det.

For siste gong – igjen

Ivan Storm Juliussen har sin eigen rytme. I sjutida på kvelden tuslar han ut i atelieret sitt for å måla. Der held han på fram til tre-firetida på natta. Så går han over i hovudhuset og legg seg. Dagane brukar han gjerne på å spikra rammer og gjera anna arbeid for å førebu neste utstilling.

Slik går dagane i ein femårig syklus, avbrotne av bandøvingar og konsertar, besøk, drøs og kaffipausar. Så er det tid for ny utstilling, oftast akkompagnert av utsegn om at dette blir hans aller siste.

– Men eg har trudd det òg, seier 81-åringen og ler.

Torsdag opnar han ei salsutstilling på Solatranden Gård. Nå er han midt inne i dei siste førebuingane. Det er mildt sagt arbeidsintensivt.

Samtidig er det ikkje til å komma vekk frå at ein kropp som er inne i sitt åttande tiår set visse avgrensingar. Magen held eit helsike, og det eine kneet sviktar. Han kan ikkje løfta som før.

– Eg kjenner eg er sliten, innrømmer han.

Fjernt

Heldigvis har han gode folk med seg, som blant anna hjelper han med å pakka ned måleri, frakta dei, pakka dei ut igjen og henga dei opp.

Juliussen er spent på korleis det blir sjåande ut. Han målar eitt og eit bilde om gongen. Når han er ferdig set han det vekk og tenker ikkje meir på det.

Ivan Storm Juliussen poserer blant nokre av dei over 80 måleria som nå er pakka ned og skal fraktast til utstillingslokalet i Sola.
Ivan Storm Juliussen poserer blant nokre av dei over 80 måleria som nå er pakka ned og skal fraktast til utstillingslokalet i Sola. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Å sjå bilda igjen på utstilling er ei underleg kjensle.

– Eg veit ikkje kor mange hundre tusen penselstrok det er i kvart bilde. Når eg ser kor mykje arbeid det er, kor mykje eg har tatt ut av kroppen, tenker eg at eg kan ikkje ha gjort det. Det er for mykje arbeid. Eg er for gammal, seier han.

Tanken på at det er han som har lagt alt arbeidet som skulle til for å få til dei forseggjorde måleria av seglskuter, mystisk natur, overnaturlege vesen, skipsforlis og alt mogleg anna, er fjern.

Dyrt

At ein kunstnar bruker mykje tid framfor lerretet er kanskje ikkje anna å forventa, men ei salsutstilling av Juliussen sitt kaliber fordrar tung innsats òg på det pekuniære planet.

– Utstillinga har kosta meg 350.000 kroner før eg i det heile tatt har opna dørene, seier Juliussen.

Ein ting er lokal og marknadsføring, men ting ballar fort på seg. Materialet til dei forseggjorde rammene han snikrar sjølv er svindyrt, dei små lampane på rammene er heller ikkje billige. Berre lyspærene har kosta åtte-ti tusen.

I tillegg må han organisera transport av over åtti bilde i ulik storleik og han må betala medhjelparane sine.

Når han torsdag opnar ei fire dagars salsutstilling, er det for ein gongs skuld ikkje i Klepp rådhus, der han har pleidd å vera, men på Solastranden gård i Sola.

Grunnen er at det nye rådhuset i Klepp framleis er under bygging. Det er ikkje så lenge til det skal stå klart, men Juliussen vil ikkje venta.

Klarar seg fint

Han vil ha tak i publikum før dei har brukt pengane sine på julegåver, akevitt og medisterkaker.

Ikkje det at han er så knallhard forretningsmann, eigentleg. Etter eit langt virke som kritikarslakta publikumsfavoritt, har han så han klarar seg.

– Eg gjer ikkje dette for å dra inn mest mogleg pengar. Eg klarar meg fint om eg ikkje sel eit bilde til, seier 81-åringen.

Målet med utstillinga er i staden at måleria hans skal gje folk ei god oppleving; at dei skal komma til Solastranden Gård og kunna forstå det dei ser.

– Klarar dei finna noko skjønt i det, er oppgåva mi fullendt, seier Juliussen.

Han har merka seg at det, parallelt med debattar om det skjønne i kunsten, synest å vera ein renessanse for den klassiske målarkunsten, representert ved blant anna Vebjørn Sand, Odd Nerdrum og andre i same krins.

Personleg blir ikkje Juliussen så veldig imponert når nokon teipar ei banan til veggen og kallar det kunst, men han meiner det må vera rom for begge delar.

– Eg er glad det er eit stort spekter i kunstlivet. Det ville vore veldig trist om alle berre måla gamle skuter, seier han.