Jan Harald Forsmo har meldt seg ut av Høgre.
Jan Harald Forsmo har meldt seg ut av Høgre. Foto: Håvard Ovesen

– Det er ting som gjer at eg ikkje kan vera i Høgre akkurat nå, seier Forsmo til Jærbladet.

Forsmo, som til valet i 2023 stod på femte plass på Høgre si liste, er inne i sin andre periode i kommunestyret. Forsmo er leiar i Utval for kultur og oppvekst og vararepresentant til formannskapet.

Han melde seg ut av partiet 7. mai og orienterte kommunestyregruppa om avgjerda same dag.

Spelestil

Forsmo er atterhalden med å utdjupa grunnane for at han melde seg ut.

– Eg har informert gruppa, og ønsker ikkje å gå inn i ein nærare diskusjon, seier han.

Forsmo meiner det først og fremst er ei sak mellom han og Høgre og som ikkje vedkjem andre.

– Dei som stemte på deg og Høgre vil vel ha rettkommen interesse i kvifor du ikkje lenger er medlem?

Til dette svarar Forsmo at det er mykje god politikk i Høgre, og hentar fram ein metafor frå sine dagar på fotballbanen:

– Det handlar eigentleg om spelestil. Det er sånn når du speler på eit lag. Trivst du ikkje med spelestilen, så må du kanskje finne noko anna.

Forsmo legg til at han lovar å jobba vidare med dei sakene folk stemte han inn på.

– Det var nyleg nominasjonsmøte i Høgre. Kan utmeldinga di knytast til dette?

– I utgangspunktet ikkje.

Held fram i same roller

Forsmo understrekar at han har eit veldig godt forhold til mange av dei i Hå Høgre.

– Det er ikkje nokon dramatikk i dette. At nokon melder seg ut av eit parti har skjedd før og vil skje igjen. Sånn er livet, seier han.

Høgre går nå frå sju til seks representantar i kommunestyret.

Forsmo seier han som uavhengig framleis vil vera ein del av den styrande koalisjonen i Hå.

Frå nå av skal kommunen altså styrast av Kristeleg Folkeparti, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet, Arbeidarpartiet og den uavhengige representanten Jan Harald Forsmo.

Sjølv om Høgre no har ein representant mindre i kommunestyret enn dei hadde valnatta, blir det ikkje omfordeling av verva. Forsmo held fram som vararepresentant til formannskapet og som leiar i Utval for oppvekst og kultur. Det er han glad for.

– Det er liksom «mitt» område. Det er det eg brenn mest for, seier Forsmo, som til dagleg jobbar som kommunalsjef for kultur og oppvekst i Eigersund.

Den tidlegare Bryne-spelaren har òg vore skulesjef i Klepp og rektor på Orstad. I mange år var han rektor på Varhaug skule i heimbygda. Forsmo har òg vore styreleiar i Varhaug idrettslag.

– Neste år er det val. Kunne du tenka deg å stilla til val igjen?

– Eg har ikkje tenkt så langt. Eg synest det er kjekt å vera med og bidra i Hå, men det er eit spørsmål eg ikkje har landa.

Han utelukkar ikkje at det kan bli aktuelt å melda seg inn i eit anna parti eller ei liste.

– Eg får bruke litt tid på å tenka på det framover, seier Forsmo.

– Forferdeleg trist

Trond Knutsen er gruppeleiar i Hå Høgre. Han seier heile gruppa synest Forsmo si utmelding er forferdeleg trist.

– Forsmo seier det har med «spelestilen» å gjera. Kva trur du han legg i det?

– Eg føler ikkje sjølv at det er nokon grunn til det, men eg kan jo ikkje svara for kva han føler. Etter at me fekk beskjeden har me snakka ein del om dette, og eg kan berre igjen seia at me synest det er forferdeleg trist. Eg følger ikkje sjølv at spelestilen har vore spesielt dårleg.

Gruppeleiar Trond Knutsen i Hå Høgre har eit håp om at Forsmo kan finna vegen tilbake igjen.
Gruppeleiar Trond Knutsen i Hå Høgre har eit håp om at Forsmo kan finna vegen tilbake igjen. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

– Kva betyr dette for Høgre?

– Det betyr at me mister ein fagleg dyktig politikar. Me får ein mindre å spela på. Samtidig er gruppa heilt klar på at me ønsker at han framleis skal vera leiar av Utval for oppvekst og kultur, sjølv om det eigentleg er Høgre som har det vervet. Det fortel vel litt om at me ønsker minst mogleg støy rundt dette. Me har framleis eit håp om at me kan finna tilbake til kvarandre.

– Får dette noko å seia for kommunestyrevalet neste haust?

– Det er alltid vanskeleg å seia. Når du ser på det som skjer nasjonalt har me ein stor jobb å gjera, uavhengig av dette. Då er det klart at det blir viktig for oss å få til ei god liste i Hå.

Knutsen seier utfordringa med å vera ein del av ein stor posisjon, er at det kan bli vanskeleg å skilja seg ut.

– Ofte blir det partiet med ordføraren og varaordføraren som får dei største overskriftene, med mindre du plutseleg gjer noko som er heilt på krasj med resten, men det er jo ikkje noko mål, seier han.

Gjekk sjølv til Nærbølista

– Hå Høgre har ei lang fortid med utmeldingar, sjølv om det er ei stund sidan sist. Alle dei fire faste representantane til Hå-lista har ei fortid i Høgre. Du har sjølv gått frå Høgre til Nærbølista og tilbake igjen. Korleis står det til med organisasjonskulturen?

– Eg trur eigentleg ikkje det har å gjera med organisasjonskultur. Eg trur dette er saker som har levd sitt eige liv og ikkje kan relaterast til kvarandre.

Knutsen understrekar at han ikkje melde seg ut midt i ein kommunestyreperiode, men var ferdig med sine to periodar som vara til kommunestyret for Høgre då han stilte til val for Nærbølista.

– På den tida følte eg at eg ikkje blei tatt på alvor. Då eg blei spurt om å stilla for Nærbølista var det eit val eg tok for å komma til ein posisjon der eg kunne gjera ein skilnad, seier han.

Knutsen avsluttar med å seia at han håpar Forsmo kjem tilbake igjen til partiet.

– Frå gruppa si side er det i alle fall ingenting som tyder på at med aldri kan finna tilbake igjen, for å seia det sånn.