Då Kristeleg Folkeparti i januar kunngjorde si liste til kommunestyrevalet, stod den då 19 år gamle Sara Borgenvik på tredjeplass.
Men då Borgenvik (20) mandag denne veka vart valt inn i kommunestyret, hadde ho allereie meldt flytting.
Borgenvik, som kjem frå Vigrestad, bur nå i Stavanger. Ho har difor søkt om fritak frå politiske verv.
Borgenvik ønsker ikkje å kommentera flyttinga overfor Jærbladet.
Søknaden hennar kjem til å verta handsama i det nye kommunestyret sitt konstituerande møte den 19. oktober.
Regelverket rundt fritak frå politiske verv er strengt, men fritak på grunn av flytting vert alltid godkjent. Etter kommunelova vert politikarar som har flytta ut av kommunen eller fylket ikkje lenger rekna som valbare.
Stein Aarsland er første vara for Hå KrF, og vert den som rykkjer opp til fast plass i Hå kommunestyre.