– Hei, hei!
– God morgon!
Tidleg på
Det er torsdag 14. august 2025. Klokka er eit par minutt på åtte og rektor Johan Omland ved Varhaug skule har akkurat heist flagget i skulegarden.
Omland helsar blidt på elevar og foreldre som er i ferd med å ta fatt på det nye skuleåret.
– Sjå kor glade ungane er. Dei første var her halv åtte, seier rektoren.
Han har vore med på mange skulestartar, ja i år er det faktisk 50 år sidan han sjølv begynte i fyrste klasse på Varhaug skule.
Likevel kriblar det framleis litt i magen kvar einaste gong.
– Suverent opplegg
Sånn sett veit han litt om kva dei kjenner på, dei heilt yngste som denne dagen skal begynna i fyrste klasse.
Han fortel at på Varhaug skule legg dei vekt på førebuing, slik at ungane skal kjenna seg trygge heilt frå starten.
Barn som går siste året i barnehagen, vert medlemmar av noko som heiter skuleklubben.
Allereie i november året før dei sjølv skal begynna på skulen, får dei treffa lærarane sine, og frå januar er dei eit par timar på skulen annankvar fredag.
Eit heilt suverent opplegg, meiner Varhaug-rektoren.
– På den måten kjenner dei både lærarane og kvarandre når dei begynner på skulen. Det er trygt og godt, seier Omland.
– Positive ungar
Dermed var elevane som strøyma inn i klasserommet til 1B denne morgonen nærast å rekna for gamle kjente for kontaktlærar Maria Sunnarvik, som tok imot dei.
Det er fjerde gong ho er kontaktlærar på fyrste trinn.
– Det er veldig kjekt. Eg synest det er spennande å bygga lag, seier ho.
Ho seier fyrsteklassingar utmerker seg med å vera ekstra positive og klare for innsats.
– Det synest eg er veldig gildt, seier ho.
Nervøs far
Så kjem Elias Aarsland inn i klasserommet. Han strener rett ned til kompisen Marve Varhaug for å setta seg ved sida av han, før han finn ut at pulten med hans namn står eit hakk lenger framme.
Elias set seg der, like blid og spent, og smiler fint når far Kenneth Aarsland tar bilde av han.
Far Kenneth innrømmer overfor Jærbladet at han er litt nervøs.
– Men det er sånn det skal vera, seier han.
Han trur sonen Elias vil klara seg godt.
– Han verkar klar. Han liker å jobba med tal og bokstavar. Når dei har fått oppgåver i skuleklubben, har han vore ferdig mest før han får begynt, seier han.
Utanom har Kenneth eit nyfødd barn heime, og eit som går i barnehagen.
– Og nå har me ein som går på skulen òg, seier han stolt.
Kenneth kjem med eit råd til sonen.
– Hugs at du sit heilt framme. Gjer du noko du ikkje skal, får Maria det med seg med ein gong, formanar han smilande.
Røynde mødrer
Stemninga i klasserommet er god, men òg prega av spenning og forventingar – lydnivået er mykje lågare enn det ein forventar av ein fyrsteklasse.
Stolte foreldre tar bilde av avkommet sitt, medan kontaktlærar Maria går rundt i klasserommet og helsar på og småpratar med elevane etter tur.
Marve Varhaug var fyrst inn i klasserommet og rask til å finna pulten med namnet sitt på.
– Eg har gleda meg, stadfestar han når Jærbladet spør.
Marve ser mest fram til å jobba med matte.
– Eg liker det, seier han.
Ved sida av han sit Ragnvald Haddeland. Han fortel at han har vore med i skuleklubben.
– Så du kjenner rektor og Maria frå før av?
– Ja.
– Så då er det ikkje så skummelt?
– Nei.
Bak pultane til dei to fyrsteklassingane står mødrene Sandra Helen Varhaug og Oddbjørg Haddeland.
Dei har eit nokså avslappa forhold til heile seremonien.
– Det går ganske fint. Dette er nummer fire for meg, seier Varhaug.
For Haddeland er Ragnvald nummer tre.
– Det som er fint, er at nå er alle tre samla her på skulen, seier Haddeland.
Trygge elevar
Så er det tid for å møta opp i aulaen, saman med elevane og foreldra i dei to andre førsteklassane. Rektor Johan Omland ønsker velkommen.
– Fytti, som eg har gleda meg til å sjå dykk igjen, seier Omland.
På golvet i aulaen har han rulla ut den raude løparen.
– Det er fordi at i dag er de dei viktigaste av dei viktige, seier han.
Omland fortel elevane at i dag skal dei ha lesestund, leika og vera i lag med kvarandre, vera i gymsalen, gjera litt skulearbeid, ete i kantina, ha friminutt og eta frukt.
– Det vert ein gild dag, seier han.
Så, etter at rektor har lest litt frå Bukkene Bruse begynner på skolen, er det tid for å gå i klasseromma, denne gongen utan foreldra.
Lærarane stiller seg opp ved døra. Nokre få er litt atterhaldne, men dei fleste elevane spring ivrig ned til lærarane, vinker til foreldra og forsvinn inn i skulekvardagen.
Rektor Omland er stolt.
– Legg merke til kor trygge dei er. Sjølvsagt er det litt tyngre for nokon av dei, men det går seg til, seier han og gjev æra til skuleklubben.