Katrine Mæland og Oddbjørg Haddeland går berre og ventar. Ein gong før sommaren, nøyaktig når er framleis ikkje avgjort, skal dei ta fagprøven og formelt bli ferskvarehandlarar.
Ikkje for det, med fem-seks års røynsle kvar, kan dei jobben sin og veit godt kva dei driv med, men det er noko eige med å ha papir på det.
– Det er gildt å læra meir om faget og kjenna på meistring, seier Mæland, som synest det er godt å komma seg ut av komfortsona.
Haddeland finn motivasjon på heimebane:
– Om ungane spør meg om eg har utdanning, kan eg svara at ja, det har eg faktisk, seier ho.
Og så er det ein ting til:
– Eg skal krevja høgare lønn.
Haddeland ser bort på sjefen sin og ler.
Fagleg tyngde
Reidar Skretting, dagleg leiar ved R. Skretting AS, tar ikkje lønnsforhandlingane i avisa, men han avviser det i alle fall ikkje.
Skretting er stolt over medarbeidarane, som på eige initiativ har meldt seg opp for å ta fagbrev.
– Det er kult gjort, seier han.
Totalt er det 15 personar som jobbar i slaktarbutikken på Varhaug. Av desse er det:
- To som tar fagbrev som ferskvarehandlarar.
- Ei som begynner på ferskvarehandlarfaget i sommar.
- Tre butikkslaktarar.
- Tre pølsemakarar.
- Ein pølsemakarlærling.
- Ein kokk.
Skretting slår fast at det ikkje er så mange igjen som ikkje har papir på kunnskapen sin. Samtidig er to av dei utan fagbrev blant dei mest røynde medarbeidarane dei har.
– Samanlagt har dei jobba her i over 50 år, seier Skretting.
Det var først då Mæland og Haddeland kom til han og ville melda seg opp til fagbrev at han begynte å rekna på kor mange kvalifiserte medarbeidarar slaktarforretninga eigentleg har.
– Det er ganske kult. For oss som butikk, er det eit kvalitetsteikn, seier han.
Mæland og Haddeland seier dei har lært mykje, særleg på det teoretiske planet. I tillegg kjenner dei på større fagleg tyngde når dei står i disken.
Variert jobb
Ferskvarehandlarfaget er det som før heitte butikkslaktar. Blant anna må dei kunna vurdera og behandla ferskvarer, skjera og finstykka kjøt og fisk, laga mat til catering eller ferskvaredisken og presentera varene på ein fin måte.
Ein stor del av jobben handlar om kundebehandling og om å gje gode råd til kundane.
– Me har mange faste kundar. Det er gildt. Jærbuane er fjåge, seier Mæland og Haddeland.
Hjå Skretting jobbar dei mest med kjøt, så for å læra seg meir om fisk og ost, har dei fått fri for å besøka Ystepikene på Skrettingland og Fonn i Eigersund.
Haddeland seier ferskvarehandlarfaget er gildt og variert.
– Du er litt i butikken og litt på kjøkkenet. Du får gjera ganske mykje forskjellig. Og sidan dette er ei ganske lita verksemd, får du vera med på det meste, seier ho.
Skretting seier fagutdanninga løfter blikket litt.
– Dei får innsikt i fleire av aspekta ved å driva butikk og blir merksame på mange av dei tinga som ruller og går utan at folk kjem på det, seier han.
Ville ikkje seia det til nokon
Dette kjem godt med når dei, ein gong i vår, skal avlegga fagprøven. Då må dei førebu og legga opp ein dag heilt frå botnen, gjennomføra etter planen og evaluera i etterkant. Dei må halda seg til tidsplanen, kjenna råvarene og ha kontroll på kostnadane.
– Dei må visa at dei har forståing for at heile prosessen heng i hop, seier Skretting.
Teoridelen er dei allereie ferdige med. Den gjekk greitt. Haddeland er likevel litt skeptisk til å gå ut i Jærbladet og snakka om fagbrevet før ho har det i handa.
– Eigentleg ville eg ikkje seia det til nokon. Tenk om eg ikkje står! seier ho.
Det er ikkje Reidar uroa for.
– Berre dei har hovudet på og gjer det dei er vande med, skal det ikkje vera rom for at dei stryk, meiner han.