– Uff av meg!
Turbinar og anleggsveg
Reaksjonen kjem heilt spontant.
Eit følge på rundt 40 personar frå Stavanger Turistforening og Jæren Turlag er på søndagstur til Karten og Brusaknuden. På Karten har dei tatt ein liten pause og Odd Helge Løyning, fagsjef for naturforvalting i Turistforeningen og styremedlem i , skal til å ta ordet.
For å innleia peikar turleiar Bjørn Kristoffersen ut vindkraftanlegga i sør, aust og vest. Så kikkar han bort på Moifjellet og Bjerkreimsendaren i aust.
– Der er det planlagt 40 vindturbinar. Då er horisonten dekka.
Det er då utbrotet kjem.
Løyning fortel at det er Statkraft som har planar om å bygga 40 vindturbinar på Moifjellet, rett over kommunegrensa til Bjerkreim. På Time-sida vil dei bygga ytterlegare to til fire vindturbinar, pluss ein anleggsveg som skal gå til begge anlegg.
Kvar vindturbin kan vera så mykje som 200 meter høg.
Rekna under eit vil vindkraftverket i Bjerkreim og satellitten på Time-sida produsera 984 gigawatt-timar straum i året. Til samanlikning er det årlege straumforbruket i Noreg på over 300 terawatt-timar. I ein terawatt-time går det tusen gigawatt-timar.
– Må skru på bremsene
Styret i Stavanger Turistforening har vedtatt at dei ikkje ønsker meir vindkraftutbygging i Sør-Rogaland.
– Den utbygginga som allereie har skjedd, har skjedd i eit sånt tempo og eit slikt omfang at nokon må skru på bremsene og sjå på konsekvensane av dette, seier Løyning.
På toppen av Karten minner han turfølget om at dette ikkje er første gongen nokon luftar tanken om å bygga vindmøller på Moifjellet. Førre gong var i 2012.
– Då vart det avslag frå øvste hald på grunn av dei høge naturverdiane i området. Men nå har altså Statkraft, eigd av den same staten som sa nei i 2012, starta opp planane på nytt. Dei meiner fordelane med å bygga er større enn ulempene, seier Løyning.
Løyning seier at korkje Turistforeningen eller samarbeidsorganet Forum for Natur og Friluftsliv er einige i den vurderinga, noko dei har gitt uttrykk for i høyringsuttalar.
På toppen av Karten legg Løyning særleg vekt på naturverdiane i området, og særleg rovfuglen.
– Dette er kjente trekkområde for hubro og havørn, seier han.
Som på bestilling kjem det eit nytt utbrot frå turfølget.
Denne gongen er det ikkje avsky som ligg bak, men begeistring. Ivrige fingrar peiker opp i lufta. Over dei svever ei havørn på dei same luftstraumane Statkraft vil nytta til straumproduksjon.
I høyringsuttalane skriv FNF at den samla belastninga, ikkje berre for fuglar, men for landskap, verneområde, vassmiljø, friluftsliv, artar, landskapsøkologiske samanhengar og økologiske funksjonsområde, bør greiast ut nøye før ein avgjer om ein skal gå vidare med planane.
– Må kunna ta vare på noko
Anne Reidun Garpestad er leiar i . Ho håpar konklusjonen vert den same som sist: At fordelane ikkje veg opp for ulempene.
Garpestad seier innbyggarane, ikkje berre på Jæren, men i heile Rogaland kan mista noko viktig om det vert noko av dei planlagde kraftverka.
– Me vil mista eit flott turområde, seier ho.
Pådrivarane for kraftverket legg vekt på at det i området allereie er gjort mange inngrep i form av andre vindkraftverk og at det derfor er avgrensa kor mykje eit nytt vindkraftverk vil svekka verdien av området.
Garpestad er ikkje samd i dette. Ho slår fast at det er snakk om viktige friluftsområde.
– Det kan vera flott å gå på tur her, trass i dei vindmøllene som allereie er i nærleiken. Men det som er planlagt nå, vil vera eit massivt inngrep. Når det er så mange vindmøller her frå før, må me kunna ta vare på det litle som ikkje er industrialisert, seier ho.
– Me må kunna ta vare på noko. Elles tar me noko frå kommande generasjonar som dei aldri vil få igjen, seier Gry Veronica Line.
Jærbladet spør om ikkje det vil vera meir i jærsk ånd å nytta naturressursane. Trass alt er mest heile Jæren berre kulturlandskap med beiteområde og myrer som har vorte grøfta og gjort til kjelver.
Turlagsmedlemmane drar litt på det.
– Det er eit vanskeleg spørsmål. Me brukar mykje straum, sjølv om det sjølvsagt kan disktuerast kva det er me brukar den straumen på, både her og globalt. Men her på Jæren og i Rogaland er det allereie mykje vindmøller. Spørsmålet er om kva tid nok er nok, seier Garpestad.
Inger-Johanne Rørheim seier at sjølvsagt kan ikkje alt vernast.
– Me må jo til dømes ha matjord. Men det er ikkje dermed sagt at me må bygga ned alt me har, seier ho.
Rørheim seier at friluftsområda handlar om å kunna oppleva ro.
– Skal vindturbinane sviva og det skal gå vegar overalt mellom dei, vert det ikkje den same opplevinga, seier ho.
Skulptur
Det er eit poeng kunstnaren «Pøbel» frå Jæren òg prøver å få fram, ved å setta opp ein ti meter høg betongskulptur på ei fjellhylle rett under Karten. Skulpturen skal førestilla eit mute-symbol, kjend blant anna frå fjernkontrollen – altså eit ønske om ro.
Politikarane i Time er positive til desse planane, medan Statsforvaltaren i Rogaland er negativ. Statsforvaltaren har vist til mykje av det same som Forum for Natur og Friluftsliv har vist til i sine høyringsuttaler til vindmølleplanane på Moifjellet og Mellomstrand: Her er nasjonalt viktig og kartlagt landskap, rett i nærleiken av både etablerte og planlagde landskapsvernområde. I tillegg kan tiltaket komma i konflikt med freda rovfugl i området.
Når Jærbladet spør gjengen i turlaget om «Pøbel» sine skulpturplanar, vert det tydeleg at meiningane er delte.
Inger-Johanne Rørheim meiner det er positivt om skulpturen kan trekka fleire ut på tur, men synest det er paradoksalt om politikarane seier ja til Mute-skulpturen og samtidig gjev tommel opp til fleire vindkraftverk i same område.
Garpestad er i utgangspunktet ikkje like begeistra for skulpturen, men minner om at «Pøbel» har vurdert andre plasseringar tidlegare. På eit tidspunkt var det aktuelt å setta skulpturen ut i området rundt Skårlandskula.
– Då kom me med ein høyringsuttale der me oppmoda til heller å velja Karten, kor det allereie er tilkomstveg og installasjonar i form av eit militært anlegg. Det er betre enn å setta han opp i eit område der det ikkje er noko frå før, seier ho.