Her er det mange skuleungar som kryssar vegen. Fartsgrensa er 40 kilometer i timen, men ifølge Arne Husveg (Konservativt) er det mange som opplever at ein del bilister ikkje respekterer dette.
Her er det mange skuleungar som kryssar vegen. Fartsgrensa er 40 kilometer i timen, men ifølge Arne Husveg (Konservativt) er det mange som opplever at ein del bilister ikkje respekterer dette. Foto: Nora Johansen Sevland

Det var Arne Husveg (Konservativt) som tok initiativ til saka i siste kommunestyremøte før sommaren. I eit spørsmål til ordføraren, viste han til at Ogna skule jamleg nyttar skogsområdet på sørsida av fylkesveg 44 til turar og undervisning.

– Skuleklassar kryssar i svingen

Då kryssar dei fylkesvegen rett ved Svingen Grill, der det òg er ein undergang under jernbanen.

– Det er ikkje uvanleg at heile klassar på over 20 elevar må kryssa vegen samla, sa Husveg.

Kryssingspunktet ligg i ein 90 graders sving på fylkesvegen, rett etter brua over Ognaelva, for dei som kjem nordfrå.

Lokalpolitikaren la til at mange opplever området som uoversiktleg, og at bilistar i mange tilfelle køyrer langt over fartsgrensa på 40 kilometer i timen.

Arne Husveg (Konservativt) meiner at sjølv om det er fylkeskommunen som har det formelle ansvaret for fylkesvegen, må kommunen likevel bidra til tryggleiken for eigne skuleelevar.
Arne Husveg (Konservativt) meiner at sjølv om det er fylkeskommunen som har det formelle ansvaret for fylkesvegen, må kommunen likevel bidra til tryggleiken for eigne skuleelevar. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Sidan Nordsjøvegen er ein fylkesveg, er det Rogaland fylkeskommune som har ansvar for tryggleiken.

– Eg meiner likevel det er viktig at kommunen bidreg til å ta vare på trafikktryggleiken for eigne skuleelevar, sa Husveg, som lurte på om ordføraren ville be administrasjonen kontakta fylkeskommunen og be dei vurdera eventuelle tryggingstiltak i svingen.

I snitt passerer rundt 4.300 bilar svingen kvar dag.

– Har gjort mykje allereie

Ordførar Andreas Bjorland (KrF) viste til at det allereie er innført ei lang rekke trafikktryggingstiltak på strekket frå Ogna sentrum til fartshumpen i botnen av bakken opp til Skoga.

Etter initiativ frå politikarane i Hå i 2017, har Vegvesenet etablert fire fartshumpar og eit oppheva gangfelt ved stasjonen. Dei utvida òg 40-sona på det aktuelle strekket.

Bjorland gav Husveg rett i at tryggleiken er fylkeskommunen sitt ansvar, men at det òg er viktig at kommunen bidreg til trafikktryggleiken.

– Som eit grunnlag for vidare arbeid vil me derfor gjennomføra nye målingar av fart og trafikk, sa Bjorland.

Han sa og at kommunen, i samband med skulestart, vil kartlegga kor mange som kryssar vegen.

Utval for samfunn vil bli orientert om resultatet av målingane.

– Dette vil vera eit grunnlag for om me vidare skal ta initiativ til ein formell førespurnad til Rogaland fylkeskommune, sa Bjorland.