Ein lastebil parkert rett ved inngangen til Motlandsmarka barnehage i vinterferien. Det vanlegaste er at lastebilane parkerer lenger frå barnehagen, med hekken ut mot vegen.
Ein lastebil parkert rett ved inngangen til Motlandsmarka barnehage i vinterferien. Det vanlegaste er at lastebilane parkerer lenger frå barnehagen, med hekken ut mot vegen. Foto: Hå kommune

– Det er eigentleg ingen god idé å ha storbilparkering på barnehagen sin parkeringsplass.

Slik samanfatta Håkon Kvia (Frp) stemninga rundt bordet i Utval for samfunn 23. april.

Det er ikkje mange parkeringsplassar tilgjengelege for store køyretøy nær bustadområda på Nærbø, men parkeringa ved Motlandsmarka barnehage er eit unntak. Her gjekk politikarane i si tid inn for å utvida parkeringsplassen for å få plass til store køyretøy.

Det var i 2009. Parkeringsplassen opna i 2012. Barnehagen tre år seinare, i 2015.

Motlandsmarka barnehage opna i 2015.
Motlandsmarka barnehage opna i 2015. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Uro

Heilt sidan barnehagen opna har det vore uro rundt trafikk- og parkeringssituasjonen.

I saka som var oppe i utvalet, skreiv kommunedirektøren at kommunen si driftsavdeling har prøvd å finna gode løysingar, men at det har vist seg vanskeleg å etablera ordningar som varar over tid.

Ifølge kommunedirektørane er utfordringa størst på ettermiddagen, når tungbilane rygger inn på parkeringa.

Samtidig tyder måten dei parkerer på at sjåførane prøver å ta størst mogleg omsyn til dei andre som nyttar parkeringa.

Kommunedirektøren bad politikarane velja mellom to alternativ: Anten å fortsetta som i dag, eller å setta i gang ei reguleringsendring som skal avgrensa parkeringa til å berre vera for mindre køyretøy.

– Uheldig

I vurderinga si skriv kommunedirektøren at det er uheldig at store køyretøy manøvrerer inne på eit område som blir brukt til henting og levering i barnehagen.

På den andre sida har parkeringa vore etter politisk ønske, og det finst få liknande alternativ for dei yrkessjåførane som blir råka av endringa.

Lastebilane står oftast parkert med hekken ut mot vegen.
Lastebilane står oftast parkert med hekken ut mot vegen. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Kommunedirektøren erkjenner at parkering nær bustadområda er ein fordel for dei som køyrer desse store køyretøya, men meiner at slike ordningar er relativt sjeldne, blant anna fordi dei krev ein del plass.

«Det kan også diskuteres i hvilken grad kommunen skal legge til rette for denne typen parkering, som ideelt sett bør skje innenfor avsatte næringsområder», skriv kommunedirektøren.

Politikarane brukte ikkje lang tid på å bli einige om at løysinga må vera å regulera om parkeringa, slik at lastebilar ikkje lenger får høve til å parkera der.

– Tryggleiken til ungane går alltid først, som Kvia formulerte det.