Lastebilsjåførane Peter Leander (t.h) og Dirk Zadon fortviler. Den offentlege parkeringa ligg til venstre i bildet og butikken si til høgre. Innkøyringa til den offentlege parkeringa er ganske smal, så når dei som skal i butikken parkerar nærast mogleg på den «offentlege» sida, stenger dei vegen for tungbilar som skal inn og ut.
Lastebilsjåførane Peter Leander (t.h) og Dirk Zadon fortviler. Den offentlege parkeringa ligg til venstre i bildet og butikken si til høgre. Innkøyringa til den offentlege parkeringa er ganske smal, så når dei som skal i butikken parkerar nærast mogleg på den «offentlege» sida, stenger dei vegen for tungbilar som skal inn og ut. Foto: Håvard Ovesen

I Verdalen i Klepp, på hjørnet mellom Verdalsvegen og Bjørkestubben, ligg det ei asfaltert flate som Klepp kommune eig.

Dei siste 20 åra har han vorte populær blant lastebilsjåførar som bur i Verdalen. Dei nyttar han til å parkera bilane sine, sjølv om det ikkje er oppmerkt parkering der.

Trygg parkering

– Me kan køyra tungbilane inn i bustadfeltet og parkera nærare husa våre, men av omsyn til ungar og mjuke trafikantar i nabolaget føretrekker me å ikkje gjera det.

Det seier Peter Leander. Han køyrer tungbil for Risa, og har parkert på plassen dei siste 20 åra.

Han seier parkeringsplassen er godt eigna fordi han er så pass stor. Her går det an å køyra inn med snuten først og svinga rundt, slik at ein ikkje treng å rygga ut igjen, sjølv om bilen er lang.

Han tippar dei er rundt 15 lokale tungbilsjåførar som parkerer bilane sine der når dei ikkje er på jobb.

– Me føler me har rett til å vera her, seier Leander.

Det har dei sjølvsagt òg, men dei er ikkje aleine om det. I utgangspunktet kan kven som helst nytta den offentlege parkeringsplassen.

Den siste tida har det vorte ei kime til konflikt.

Eit ferskt døme på korleis ein ikkje bør parkera på den offentlege parkeringsplassen, tatt av Leander same dag som han traff Jærbladet.Foto: Peter Leander Står i vegen

For seks år sidan etablerte Rema seg med ein butikk rett overfor parkeringsplassen. Rema har sin eigen parkeringsplass, skilt av frå den kommunale, men det hender at folk som skal på butikken heller nyttar den offentlege.

Det har ikkje Leander noko imot, det er trass alt offentleg. Problemet er berre at dei parkerer i øvste delen, nærast butikken og rett ved innkøyringa til parkeringsplassen.

I mange tilfelle gjer det at tungbilsjåførane ikkje kjem inn med bilane sine.

– Dei står midt i svingen, heller enn å stå lenger nede på parkeringsplassen. Parkerer dei der, får me plass til å både køyra og svinga. Det gjer det tryggare for alle, seier han.

Ifølge Leander har problemet auka i omfang etter at Rema fekk post i butikk.

– Då tok det heilt av, seier han.

Problemet, ifølge tungbilsjåføren, er verst på ettermiddagane, i 15-16-tida.

– Folk tenker vel at dei berre skal rett inn og henta posten etter jobb. Men me får jo ikkje parkert!

Surmuling og krangling

Leander viser fram eit bilde han tok rett før han skulle møta Jærbladet: Ein bil med tilhengar har stilt seg opp på ein måte som gjer det vanskeleg å manøvrera tungbilar inn og ut av parkeringsplassen.

Det har hendt han har sagt frå til folk om at lastebilane ikkje kjem seg inn eller ut og spurt om kvifor dei ikkje kan parkera litt lenger nede på parkeringa. Det fører til, innrømmer han, «surmuling og krangling».

– Nokon svarer at eg ikkje har noko med det, andre har spurt om eg vil slåst. Men eg vil berre komma meg inn og ut med bilen, seier Leander.

Peter Leander og Dirk Zadon. Kantsteinen til venstre på bildet skil parkeringa til butikken og den offentlege parkeringa. Problemet oppstår når bilar parkerer på høgre side av kansteinene. Då kjem tungbilane seg korkje inn eller ut.
Peter Leander og Dirk Zadon. Kantsteinen til venstre på bildet skil parkeringa til butikken og den offentlege parkeringa. Problemet oppstår når bilar parkerer på høgre side av kansteinene. Då kjem tungbilane seg korkje inn eller ut. Foto: Foto: Håvard Ovesen

På parkeringsplassen treff Jærbladet òg tungtransportsjåføren Dirk Zadon. Han er på veg til å henta bilen sin for å køyra til Kristiansand same ettermiddag.

Zadon stadfestar bildet Leander teiknar opp for Jærbladet.

– Når personbilane står som dei av og til står, er det ikkje lett å svinga med ein semitrailer her, seier han.

Zadon påpeiker at det ikkje berre er lastebilsjåførar som bur i området som nyttar parkeringsplassen.

– Mange av dei som leverer varer, til dømes til EIK-senteret, parkerer her og søv før dei køyrer tilbake igjen, seier han.

Ber kommunen komma på banen

Leander seier han har vore i kontakt med kommunen om saka fleire gonger, og at dei skal ha vist til ein grusplass på andre sida av Solavegen.

Leander meiner denne ikkje er like god. Grusplassen ligg om lag 450 meter i luftlinje frå parkeringa i Verdalsvegen, og lenger unna bustadområdet.

– Dessutan vert han mykje brukt av dei som bur i blokkene i Kleppelunden, seier han.

– Kva vil du eigentleg kommunen skal gjera med dette?

– Eg veit ikkje, men skal me løysa dette, må me i alle fall få til ein dialog.

Leander legg til at han har inntrykk av at kommunen òg synest det er bra at dei nyttar den offentlege parkeringsplassen, heller enn å parkera inne i bustadfeltet.

Dirk Zadon (t.v) og Peter Leander har ein fast plass der.
Dirk Zadon (t.v) og Peter Leander har ein fast plass der. Foto: Foto: Håvard Ovesen

– Ikkje ei kommunal oppgåve

Kjersti Ohr er kommunalteknisk sjef i Klepp. Ho seier dei er kjende med problematikken.

– Kommunen eig grunnen på det aktuelle området. Dette er ikkje oppmerkt som parkering, og me har per nå ingen planar om å gjera det, seier ho.

Ohr seier kommunen har ein avtale med Kolumbus, om at bussar som må venta for å tilpassa seg rutetidene kan stå på området ved Verdalsvegen. Ifølge Ohr har dei ikkje fått tilbakemeldingar frå Kolumbus om at det er vanskeleg for bussane å komma seg inn eller ut av parkeringsplassen.

Ho minner om at det ikkje er ei kommunal oppgåve å sikra parkering for private næringsdrivande, men meiner dei likevel har vore løysingsorienterte etter at Leander tok kontakt.

– Dersom det ikkje er plass ved Verdalsvegen, har me vist til ein grusplass rett ved parkeringa til Kleppelunden. Denne er framleis tilgjengeleg, og det er kort avstand mellom desse, seier ho.