I Hå har dei ikkje eigne parkeringsføresegner. I staden er parkeringa regulert med skilting, i tillegg til reglane nedfelt i den nasjonale parkeringsføresegna.
Har ikkje lov å gje bot
Dermed er det heilt innafor av kommunen å setta opp eit skilt der det står at det ikkje er lov å parkera i meir enn tre timar på Torgplassen. Men sjansane for at du får bot for å stå lenger enn dei tre timane, er minimale, om ikkje ikkje-eksisterande.
I utgangspunktet er det nemleg berre politiet som har lov til å gje deg bot eller taua vekk bilen din om du har parkert på ein måte som strir mot reglane. Men at politiet tar seg tid til å opptre som parkeringsvakter er heller sjeldan.
I Hå har det heller ikkje vore eit sakn, i alle fall ikkje før Bane Nor innførte avgift på den romslege parkeringsplassen sin ved jernbanestasjonen på Nærbø.
Då blei trykket høgare på andre parkeringsplassar i sentrum.
Togpendlarar og tilsette ved store arbeidsgjevarar i sentrum tar opp mange av dei. Det går igjen ut over den lokale handelsstanden.
Parkeringssituasjonen på Nærbø har med ujamne mellomrom vore oppe til politisk diskusjon dei siste to åra, førebels utan avklaring.
I mellomtida er det bestemt at Nærbø skal få ny park. Torvundparken, som skal vera klar neste år, vil legga beslag på dei parkeringsplassane som i dag ligg på Nærbø torg.
Med færre plassar tilgjengeleg, blir det endå meir prekært å sikra at sirkulasjonen på dei som er igjen, er god.
– Har venta vanvitig lenge
Torsdag førre veke vedtok kommunestyret i Hå at dei skal søka Vegdirektoratet om mynde til å handheva stand- og parkeringsføresegner. I praksis betyr det at kommunen sjølv skal få lov til å gje bøter eller taua vekk bilar som står feilparkerte.
– Endeleg, sa Merethe Elin Kvia (Hå-lista), som er ein av politikarane som over tid har engasjert seg i saka.
Ho meinte saka hadde tatt for lang tid.
– Dette har me venta vanvitig lenge på, sa Kvia.
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) fortalde at kommunen har vore i kontakt med Bane Nor for å høyra om det er mogleg å leiga nokon av deira parkeringsplassar i Jadarvegen til bruk for folk som jobbar i sentrum.
Bane Nor skal ikkje ha utelukka dette, men sette ifølge Bjorland som føresetnad at kommunen først innfører ein måte å handheva eigne parkeringsreglar på.
– Dei ønsker me skal starta slik me gjer nå, og så skal me sjå korleis parkeringa på Nærbø utviklar seg før me snakkast nærare, sa Bjorland.
Seier Vegdirektoratet ja til søknaden, betyr det at det blir opp til kommunen å handheva parkeringsreglane i heile kommunen, ikkje berre Nærbø. Myndet er heller ikkje avgrensa til å gje bøter, men opnar òg opp for borttauing.
Arne Husveg (Konservativt) var redd dette var å gå for langt.
Han meinte at problemet var avgrensa til Nærbø sentrum, og at kommunen derfor, i alle fall i ein pilotfase, burde avgrensa seg til å innføra tidsavgrensa parkering på dagtid her og å handheva dette med hjelp av bøter.
– Borttauing bør ikkje vera eit grep i denne fasen, meinte Husveg.
Husveg la fram eit alternativt forslag om dette, men fekk ikkje resten av kommunestyret med seg.
Parkeringsvakter frå Sandnes?
Dei gjekk i staden for kommunedirektøren si innstilling.
Seier Vegdirektoratet ja, blir det altså opp til kommunen å handheva parkeringsføresegnene over heile kommunen. Kommunedirektøren ser føre seg at ansvaret hamnar inn under tenesteområdet Samfunn og at det personalet som treng det, skal få opplæring.
Sjølve organiseringa er ikkje avgjort. Kommunedirektøren lister opp fire ulike alternativ:
- Tenesteområdet samfunn tar seg av alt frå bøter til borttauing og saksbehandling. Dette kan bli litt komplisert å organisera
- Samfunn kan laga ei underavdeling med ansvar for parkering. Enklare enn alternativet over, men føreset at kommunen tilset folk som skal jobba utelukkande med dette
- Kommunen kan leiga inn Sandnes Parkering til å handheva dei lokale reglane, slik Time kommune gjer i dag. Sandnes Parkering skal vera interessert i å utvida til fleire kommunar
- Kommunen kan starta eit eige kommunalt parkeringsføretak, liknande Hå energi. Dette må sannsynlegvis finansierast gjennom parkeringsavgifter
Olaus Trygve Bjuland (KrF) kalla søknaden kommunen nå sender til Vegdirektoratet «eit nødvendig første steg».
– Det er ryddig, først sikrar me oss moglegheita til å handheva, og så tar me dei praktiske løysningane etterpå. Dette handlar ikkje berre om Nærbø, men om heile kommunen. Det handlar om trafikktryggleik, men òg respekt for felles reglar, sa Bjuland.