I første omgang skal kommunen gjennomføra teljingar for å kartlegga dagens parkeringstilhøve. Det kom fram i siste kommunestyremøte før sommarferien.
Tar parkeringa frå butikkar
Jærbladet har ved fleire tidlegare høve skrive om parkeringssituasjonen på Nærbø.
Pendlarar som reiser med toget tar opp parkeringsplassar meint for kundar til næringslivet i Nærbø sentrum.
Fenomenet oppstod først når Bane Nor innførte betaling på parkeringsplassen sin rett ved jernbanestasjonen. Då var det ein del som begynte å parkera i Jadarvegen i staden. Det førte til parkeringskaos. Dermed såg kommunen seg nøydd til å innføra nye avgrensingar.
Som eit resultat, har fleire pendlarar begynt å parkera i sentrum.
I februar snakka Jærbladet med fleire næringsdrivande på Torgplassen.
– Tidvis kan det vera stappfullt utanfor, men ingen kundar i butikken, sa Mariann Hegrestad Egeland frå Livs klær og gaver då.
Bad om svar frå ordføraren
Saka var òg oppe i Utval for samfunn, der Merethe Elin Kvia (Hå-lista) tok til orde for å innføra to timars gratis parkering og parkeringsvakter i Nærbø sentrum. Per i dag er det ingen til å handheva dei få parkeringsavgrensingane som allereie finst på dei kommunale parkeringsplassane på Nærbø.
Ei sak politisk om parkeringssituasjonen på Nærbø, først etterspurd av utvalsleiar Magnus Ånestad (KrF) i fjor haust, er venta å komma opp til hausten.
Så langt er det få teikn til betring, i alle fall ikkje om ein skal tru ein interpellasjon Arne Husveg (Konservativt) heldt i kommunestyremøtet 19. juni.
– For å unngå betaling på Bane Nor si pendlarparkering, vel mange pendlarar å nytta Torgplassen og butikkparkeringane i nærleiken. Dette går ut over lokal handel, då det vert vanskeleg for butikken sine kundar å finna tilgjengeleg parkering i nærleiken, sa Husveg.
Representanten sa at han var kjend med at ordførar Andreas Bjorland (KrF) har hatt dialog med Bane Nor om situasjonen, og lurte på kva som hadde komme ut av dette.
Husveg spurde òg om ordføraren, for å skjerma sentrum og Torgplassen, ville ta initiativ til ei eiga pendlarparkering og om kommunen vurderer å innføra gratis tidsavgrensa parkering.
– Dyrt med betalingsløysing
I svaret til ordføraren, kom det fram at eit av alternativa som har vore vurdert, er innføringa av parkeringsavgift.
Bjorland sa han håpte å unngå dette.
– Dette er ei kostbar løysing, sa han.
Ifølge ordføraren var det på denne bakgrunnen han hadde tatt kontakt med Bane Nor. Så langt har partane vorte einige om at kommunen skal gjennomføra ei kartlegging av parkeringssituasjonen. Kommunen skal telja bilar og vurdera om nokon av dei tilhøyrer pendlarar.
– Når denne kartlegginga er gjennomført, vil me gå i ny dialog med Bane Nor for å finna løysingar som fungerer som alle partar, sa Bjorland.
Vidare viste han til saka som skal opp i Utval for samfunn til hausten og sa at i denne vil det komma meir informasjon om moglegheitene som finst.
– Eg vil òg peike på at det i Nærbø sentrum faktisk er nok parkeringsplassar dersom alle parkerer der det er tiltenkt. Det handlar i stor grad om å styre bruken betre, og sikre at dei ulike brukargruppene får tilgang til dei plassane som er meint for dei, sa Bjorland.
Rimeleg pendlarparkering
Merethe Elin Kvia (Hå-lista) melde seg òg på i diskusjonen.
– Eg både bur og har kontor midt i Nærbø sentrum. Eg ser at dei som pendlar parkerer framfor butikkane, sa ho.
Kvia tok til orde, slik ho òg har gjort tidlegare, for at kommunen bør inngå ein avtale med eit parkeringsselskap.
– Eg trur det kan vera lurt. Det er viktig for næringslivet, sa ho.
Både Kvia og ordføraren understreka i sine innlegg at Bane Nor si pendlarparkering ved Nærbø stasjon ikkje er særleg dyr. For ei veke kostar det 35 kroner, medan eit månadsabonnement, kostar 100 kroner.