– Summa summarum meiner eg faktisk at kommunen her har gjort seg skuldig i miljøkriminalitet. Det er mogleg – sjølv om eg sjølv er veldig i tvil – at administrasjonen har mynde til å gje dispensasjon i slike saker. Men det er i beste fall forferdeleg umusikalsk ikkje å legga dette fram for politikarane.

Kjell Olav Stangeland (Ap) viste til signalet politikarane sende då dei instruerte kommunedirektøren til å følga opp ulovlegheiter på Steinsland i Time.

Grunneigaren der fekk ikkje dispensasjon frå kravet i kommuneplanen som automatisk krev at det blir laga ein reguleringsplan når volumet på massefyllinga bikkar 10.000 kubikk.

Saka Stangeland drog opp av hatten sist veke er mykje større enn det – faktisk endå større enn han sjølv var klar over.

Avgjort av administrasjonen

Til torsdagens utval for lokal utvikling var det meldt inn 17 politiske saker.

Sist på møteinnkallinga stod «delegerte saker», som er ei oppsamling av 176 større og mindre plan- og byggesaker administrasjonen har avgjort på eiga hand.

Datasenteret leidde til eit stort overskot av massar. Stangeland Maskin fekk løyve til å køyra 37.700 kubikk til ein bonde i Mærlia.
Datasenteret leidde til eit stort overskot av massar. Stangeland Maskin fekk løyve til å køyra 37.700 kubikk til ein bonde i Mærlia. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Dei delegerte sakene blir i møteinnkallinga berre presenterte med tittelen, og det vanlege er at utvalet utan diskusjon vedtar å ta dei til orientering.

Det gjorde dei nå i august, og dei gjorde det også i april, då utvalet tok 86 saker til orientering.

Stangeland gjorde utvalet merksam på ein søknad han bestemt meiner skulle vore løfta fram for politikarane.

10. mars fekk Stangeland Maskin innvilga dispensasjon til å levera 21.000 kubikk massar frå datasentertomta til Green Mountain på Undheim.

– Eg må seia at då eg las saka og løyvet til dispensasjonen som vart gjeve, er eg glad eg ikkje drakk kaffi, for den hadde eg sett i halsen. Grunngjevinga for at fordelane skal vera klart større enn ulempene i denne saka, må eg berre karakterisera som direkte pinleg.

Samanlikna med golfklubb

Stangeland identifiserte to argument i favør av å gje dispensasjon.

– Den eine er tid og ressursar, og at det krevst meir ressursar ved ein plan. Ja, sjølvsagt gjer det det! Det gjeld i alle saker, og kan brukast som argument der ein søker fritak, sa han.

– Det andre er at området skal brukast til å dyrka mat. Til det må eg spørja om det er dispensasjonen frå plankravet som gjer at det veks noko der. Vil det ikkje veksa like godt dersom det blir laga ein plan? Jo, sjølvsagt vil det det!

Stangeland meiner begge vilkåra i dispensasjonsparagrafen i plan- og bygningsloven vart sette til sides, utan at det var grunnlag for det.

Han meiner offentlegheita – som inkluderer alle utanom dei offentlege instansane som er nøydde til å uttala seg om ein søknad – mista moglegheita til medverknad, og uttrykka sitt syn, som følge av at saka vart behandla som ein dispensasjon.

Han tykkjer òg at praksisen skil seg klart frå linja kommunen har lagt seg på tidlegare. Som døme trekte han fram utvidinga av klubbhuset som Jæren Golfklubb søkte om i førre periode.

Golfklubben argumenterte sjølvsagt òg med at dei vil spara tid og pengar, sa Stangeland, om dei fekk sleppa plankravet.

– Kva er årsaka til at tid og ressursar, private og økonomiske interesser, har avgrensa betyding for ein ideell organisasjon som Jæren Golfklubb, mens det er brukt som argument for ei overvekt av fordelar kontra ulemper, for eit stort entreprenørfirma som Stangeland Maskin?
– Kva er årsaka til at tid og ressursar, private og økonomiske interesser, har avgrensa betyding for ein ideell organisasjon som Jæren Golfklubb, mens det er brukt som argument for ei overvekt av fordelar kontra ulemper, for eit stort entreprenørfirma som Stangeland Maskin? Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Naturen var ofra allereie

Hovudregelen er at kommunedirektøren berre legg fram klagesaker og prinsipielle saker for utvalet, forklarte kommunalsjef samfunn og kultur, Reid Ivar Bjorland Dahl.

Han hadde fått spørsmåla frå Stangeland i forkant av møtet og førebudd ein kort presentasjon.

I 2022 og 2023, altså i førre periode, hadde utvalet ei nydyrkingssak i Mærlia til behandling.

Den gongen gav kommunedirektøren avslag, før politikarane gjorde om vedtaket til gunst for søkaren. Kjell Olav Stangeland sat også i førre periode i utvalet for Ap, og han røysta med fleirtalet.

I innstillinga rådde kommunedirektøren politikarane til å prioritera restareal som er blitt sjeldne langs Håvassdraget. Berre representanten frå Miljøpartiet Dei Grøne støtta innstillinga:

«Å dyrke resterende omsøkt beiteareal og bygge landbruksveien langs elvekanten vurderes til å være i strid med å ta hensyn til natur- og miljøverdier. Dette arealet bør for bli et beiteareal med variert fuktighet.»

Statsforvaltaren oppheva det første vedtaket i utval for lokal utvikling. Nydyrkinga vart først godkjent etter at kommunen knytte til det fleire vedtak for å motverka avrenning til Håvassdraget. Den aktuelle massefyllinga, synleg i trekanten midt på bildet, ligg lengre unna elva enn nydyrkinga, påpeika kommunalsjefen.
Statsforvaltaren oppheva det første vedtaket i utval for lokal utvikling. Nydyrkinga vart først godkjent etter at kommunen knytte til det fleire vedtak for å motverka avrenning til Håvassdraget. Den aktuelle massefyllinga, synleg i trekanten midt på bildet, ligg lengre unna elva enn nydyrkinga, påpeika kommunalsjefen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Heilt usamd

Etter fleire rundar med Statsforvaltaren definerte kommunen fleire vilkår som skulle hindra avrenning. Eit døme er eit krav om å planta vegetasjonsbelte langs åna.

Ifølge kommunalsjefen vart dei prinsipielle sidene ved søknaden til Stangeland Maskin avklarte i førre periode.

Tidlegare i år rådde Statsforvaltaren kommunen til å avvisa søknaden frå Stangeland Maskin, men inkluderte fleire råd til kva som burde vera på plass, dersom kommunen likevel ville gje dispensasjon.

Desse vart tatt inn i vedtaket, ifølge kommunalsjefen.

Han var heilt usamd i framstillinga til Stangeland. Han bad utvalet vera svært tydelege dersom dei ønsker ein lågare terskel for kva type saker som skal til politisk behandling.

Kommunalsjef samfunn og kultur, Reid Ivar Bjorland Dahl, forklarte at kommunen i vedtaket hadde lagt stor vekt på å legga til rette for matproduksjon.
Kommunalsjef samfunn og kultur, Reid Ivar Bjorland Dahl, forklarte at kommunen i vedtaket hadde lagt stor vekt på å legga til rette for matproduksjon. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Totalt 37.700 kubikk

Massefyllinga Stangeland reagerte sterkt på, er på 21.000 kubikk.

I tillegg til den fyllinga godkjende byggesakssjefen i kommunen i sommar ein søknad på 16.700 kubikk, rett ved sida. Løyvet til denne massefyllinga, datert 16. juni, gjeld same området som utvalet i førre periode tillèt nydyrka.

I orienteringa omtalte kommunalsjefen fem søknader om massefyllingar som Stangeland Maskin har fått godkjent. Han forklarte ikkje nærmare om søknad nummer to i Mærlia, som var éi av dei 86 sakene som utvalet tok til orientering i møtet.

Jærbladet har kontakta kommunalsjefen det samla omfanget på søknadene. Han svarer i ein e-post:

– I svaret mitt til representant Stangeland informerte eg om at Stangeland Maskin hadde søkte om fem vesentlege terrenginngrep, der to av disse var i Mærliå, og synte kor begge dei ulike områda var på kartet. Kommunen hadde relativt nyleg fått beskjed frå Stangeland Maskin om at dei berre kom til å nytta seg av dei eine løyvet i Mærliå, det som representant Stangeland etterspurde meir informasjon i møtet, og eg informerte òg om dette.

På oppfølgingsspørsmål om kvifor ikkje det totale volumet vart omtalt, svarer Bjorland Dahl at han prøvde å svara ut spørsmål på ein slik måte at det var relevant informasjon for heile utvalet, og at det då alltid er ei vurdering kor mange aspekt ein skal gå detaljert inn i.

Vil ha tenesteforsømming i protokollen

Det minst spanande punktet i eit politisk møte plar vera første sak etter namneoppropet. Men i neste møte kan det bli fort interessant, fordi då skal utvalet vedta protokollen frå torsdagens møte.

Utvekslinga på torsdag munna nemleg ut i eit krav frå Stangeland som vekte merksemd, og som særleg utvalsleiar Rein Harald Salte (H) verka særs ukomfortabel med.

Stangeland vil ha det ståande, svart på kvitt, at administrasjonen har brote lova ved å gje dispensasjon – og dessutan:

«Administrasjonen har vidare gjort seg skuldig i tenesteforsøming ved ikkje å leggja saka fram for politisk behandling før vedtak.»

Saksbehandlingsreglement i Time er ikkje heilt tydeleg på når protokolltilførslar kan tillatast, og dei er heller ikkje regulerte ved lov.

KS sin rettleiar for politiske møte forklarer at tilførslar kan nyttast av eit mindretal til markera sterk dissens, i forkant av ei røysting mindretalet ligg an til å tapa:

«Dette blir da en spesiell presisering i tillegg til det som stemmegivningen allerede viser», står det i handboka.

Spørsmåla og tilførselen frå Stangeland kom under punktet «eventuelt», ikkje som del av ei sak utvalet røysta over.

Ifølge handboka kan protokolltilførslar normalt ikkje nektast, men ei sjikanerande form kan vera eit særleg omsyn som tilseier eit anna utfall.

Orienteringa var ikkje nok til å roa Stangeland. Kommunalsjefen og byggesakssjefen deler ikkje vurderingane hans , mens utvalsleiaren ønsker å gripa inn for å moderera protokolltilførselen.
Orienteringa var ikkje nok til å roa Stangeland. Kommunalsjefen og byggesakssjefen deler ikkje vurderingane hans , mens utvalsleiaren ønsker å gripa inn for å moderera protokolltilførselen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim