Når datasenteret på Undheim kjem i drift i 2028, ligg det an til at det vil sleppa ut store mengder varm luft som held Syden-temperatur; mellom 25 og 28 grader.
Dette er såkalla overskotsvarme frå kjøling av datahallar.
– Me har hatt dialog med aktørar i biogass og veksthus om å få avsetting for overskotsvarmen, opplyser driftsdirektør Stig Erlend Eidså i Green Mountain, til Jærbladet.
Men dialogen har så langt ikkje ført fram.
Ifølge Green Mountain har dei ikkje funne løysingar med god nok kost-nytte-verdi for avtakaren, sjølv om dei vil få varmen gratis.
Selskapet held derfor fram med å utforska alternativa, meldte kommunikasjonssjef Mette Berger Gulbrandsen i juni.
Ikkje plass til andre på området
På det 70.000 m² store bygningsarealet er det heller ikkje plass til aktørar som måtte vera interessert, ifølge Eidså.
– Det er ikkje plass på vår tomt. Men ein slik aktør kan heller ikkje liggja for langt vekk, maksimalt nokre kilometer, elles går effekten tapt, sa han til Jærbladet under omvising på datasenteranlegget nyleg.
Datasenter i kjellaren på veksthus
Green Mountain har ifølge Eidså ikkje vurdert sambruk med veksthus, slik datasenterselskapet Green Horizon har fått rammeløyve til å organisera i samarbeid med Miljøgartneriet i Kviamarka:
Eit datasenter i kjellaren til Norges største gartneri, der overskotsvarmen kan nyttast i agurk- og tomatproduksjonen.
– Det høyrest veldig fint ut å gjera det på den måten. Men om det er teknisk mogleg å gjera det slik, veit eg ikkje, sa driftsdirektøren i Green Mountain.
Stormyråna renn parallelt med fv 505 forbi datasenteret. Foto: Ingeborg Eliassen
Bekymra for utslepp til elv
Jærbladet har dei siste månadene fått bekymra tips frå folk som har høyrt at datasenteret ved Undheim vil sleppa ut overskotsvarmen frå kjøling av datahallane som varmt vatn.
Fleire har peikt på det sårbare miljøet rett over vegen frå datasenteret.
Der renn Stormyråna, som er del av det verna vassdraget Håelva.
Skal vatn gå i røyr til havs? Eller skal noko gå ut i elva nedanfor, som er den viktigaste gyteelva for aureparadiset på Høg-Jæren? spurte ein lesar.
– Brukar ikkje mykje vatn
– Det er ei vanleg misoppfatting at kjøleløysinga vår brukar mykje vatn, svarte Green Mountains kommunikasjonssjef, Mette Berger Gulbrandsen, då Jærbladet spurte om dette i juni.
Driftsdirektør Stig Erlend Eidså konkretiserer opplegget:
– Me brukar vatn på lik linje med andre industri- og næringsbygg, altså til vanleg reinhald, sanitær, kantine og anna. Me forbruker ikkje vatn til kjøling av datahallane.
– Væska me brukar til kjølinga, køyrer i lukka krets og blir dermed brukt om igjen kontinuerleg. Vassforbruket vårt er på linje med eit vanleg kontorbygg og blir betalt gjennom ordinære kommunale avgifter, skriv han i ein e-post.
– Varm luft som ikkje skader
Den varme lufta som kjem frå kjølinga og som vil bli sluppen ut frå datasenteret når det kjem i drift, vil ha temperatur på mellom 25 og 28 grader.
Den vil ikkje forureina miljøet, ifølge Green Mountain.
– Dette er ikkje forureinande stoff eller klimagassar, men luft som berre har tatt opp varme frå datasenteret. Når den blir sluppen ut, blandar den seg med lufta ute, og temperaturen går raskt ned, skriv Eidså.
Ein brøkdel av varmen er nok til heile Undheim
Datasenteret på Undheim er forventa å bruka 90 MW (megawatt) straum når det kjem i drift, ifølge ein kost- og nytteanalyse som Green Mountain fekk utarbeidd i oktober 2025.
Varmen som potensielt vil kunna gjenvinnast, vil utgjera 394 GWh (gigawattimar) per år.
Dette talet er vanskeleg å begripa, men konsulentselskapet Niras illustrerer det sånn:
- Eit framtidig biogassanlegg ovanfor datasenteret er forventa å bli stort i norsk samanheng. Det vil kunna bruka overskotsvarme.
- Det går òg an å byggja eit fjernvarmenett frå datasenteret til alle dei 291 hushalda i Undheim-området. Det kan gi oppvarming og varmt vatn.
- Skulen, barnehagen, idrettshallen, kyrkja og samfunnshuset kan òg knyttast til dette, og fotballstadion kan få varme i underjordiske røyr.
- Viss alt dette skulle bli gjort, vil det krevja 12,3 GWh per år. Men dette utgjer berre tre prosent av den overskotsvarmen frå datasenteret som kan gjenvinnast, går det fram av rapporten.
Kunne varma opp 32.000 leilegheiter
Ifølge ei utrekning som NRK fekk gjort av fagfolk i 2024, har kvar MW på eit datasenter teoretisk kapasitet til å varma opp 714 leilegheiter med spillvarme.
Anlegget på Undheim vil generera enorme mengder overskotsvarme, men langt ifrå heile denne varmen vil kunna gjenvinnast, går det fram av analysen. Green Mountain meiner at halvparten av kjølelasta på Undheim - 45 MW - kan gjenvinnast som nyttevarme.
Det betyr i så fall at overskotsvarmen frå datasenteret på Undheim teoretisk skulle kunna varma opp
Det er omtrent like mange leilegheiter som finst i Klepp, Time, Hå, Gjesdal, Sandnes og Stavanger, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
– Manglar fjernvarme-infrastruktur
Driftsdirektøren i Green Mountain er ikkje usamd i påstanden om at datasenteret representerer ei mengd energi som kunne ha varma opp eit stort antal bustader.
– Eit slikt teoretisk reknestykke kan ein gjera for alle moglege typar kraftkrevjande verksemd. Det er ikkje det same som at det enkelt lar seg gjera, skriv han.
Utfordringa er at distrikts-Norge har lite infrastruktur for fjernvarme til å bruka denne energien til noko nyttig, ifølge Eidså.
– Eit av verdas mest energieffektive
– Våre datasenter er designa og klargjort for avtakarar, og me gir gjerne bort denne ressursen. Men utfordringa ligg i å finna rette avtakarar. På Undheim er det i dagens situasjon andre typar avtakarar som er meir aktuelle for overskotsvarmen, skriv han.
Sjølv utan gjenvinning av overskotsvarme vil anlegget ved Undheim bli eit av dei mest energieffektive i verda, hevdar Green Mountain.
Selskapet viser til effektiv kjøleteknologi og at dei kan henta kjølinga rett frå kaldt, nordisk klima.
Krav på Kalberg, men ikkje på Undheim
I Time har planane for ei endå mykje større datasenter-utbygging på Kalberg gått seg fast, mellom anna i kravet frå kommunepolitikarane om at restvarmen skal komma til nytte.
Eit slikt vilkår har dei folkevalde ikkje stilt til Green Mountain-prosjektet på Undheim.
I reguleringsplanen frå 2021 heiter det berre at formålet er å «legge til rette for kraftintensiv næringsverksemd og næringsverksemd som kan utnytte overskuddsvarme frå kraftintensiv næringsvirksomhet».
– Feil rekkefølge er eit stort problem
Det er eit stort problem at datasenter og andre store straumslukarar ikkje er pålagde å utnytta denne energien, meiner Naturvernforbundet sin fagsjef, Holger Schlaupitz.
– Det finst mange ønske om å etablere nye verksemder med høgt straumforbruk utan at dei blir planlagde med tanke på å utnytta overskotsvarmen, tilsynelatande òg dette ved Undheim, seier Schlaupitz.
– Dei prøver å finna avtakarar av varmen etter at planane er bestemt og lokalisering er vald. Det blir feil, meiner han.
Vil ha mykje strengare krav
Naturvernforbundet vil ha meir politisk styring for å bruka knappe kraftressursar best mogleg.
Dei ser for seg ei konsesjonsordning som krev at utbyggarar må presentera ein truverdig plan for å utnytta overskotsvarmen.
– For datasenter spesielt kan det vera ein ide å setja av ei viss mengd kraft til dette. Og så bør dei beste prosjekta med tanke på utnytting av energi, areal- og miljøskade og øvrig samfunnsnytte få tilgang til straumen. Andre bør få avslag, meiner Schlaupitz.
Før eit slikt system for betre styring er på plass, bør styresmaktene stansa slike utbyggingar, krev Naturvernforbundet.
Green Mountain vil ikkje ha krav til bruk
Datasenter-utbyggar Green Mountain er samd i at det er rimeleg å krevja at datasenter legg til rette for å utnytta overskotsvarmen, skriv Stig Erlend Eidså.
– Men det er noko anna enn å krevja at all varmen faktisk skal brukast om igjen.
Eit slikt krav er avhengig av at mottakarar i nærleiken treng rett mengd varme, på rett temperaturnivå og til rett tid, ifølge driftsdirektøren.
– Derfor er dette like mykje eit spørsmål om areal- og næringsplanlegging som om sjølve datasenteret. Viss Norge skal bli gode på å utnytta overskotsvarme, må me planleggja datasenter og potensielle varmebrukarar i samanheng. Det er me positive til, skriv Stig Erlend Eidså, driftsdirektør i Green Mountain, til Jærbladet.