Trond Lode er styreleder i Nærbø Idrettslag. Han meiner Hå burde setta inn meir pengar for å redusera køen av idrettslag som ventar på investeringstilskot frå kommunen.
Trond Lode er styreleder i Nærbø Idrettslag. Han meiner Hå burde setta inn meir pengar for å redusera køen av idrettslag som ventar på investeringstilskot frå kommunen. Foto: Tarjei Sel

– Det er ikkje bra.

Det seier Trond Lode, styreleiar i Nærbø idrettslag, om forslaget som skal få ned ventetida på kommunale investeringstilskot i idretten.

Allereie for tre år sidan såg politikarane i Hå seg nøydde til å ta grep. I kommunen er det slik at eit idrettslag eller ei foreining som vil bygga eit nytt anlegg, som regel gjer det gjennom eit tredelt spleiselag. Idrettslaget tar ein tredel, ein annan kjem frå og den tredje kjem i form av investeringstilskot frå kommunen.

Problemet var berre at det var eit etterslep på utbetalinga: På grunn av stor pågang med mange prosjekt kunne det ta opp til åtte år før eit anlegg som kvalifiserte til spelemiddel fekk utbetaling, og heile femten år før investeringstilskotet frå kommunen var på plass.

Det som skjedde for tre år sidan, var at eit samla politisk miljø tok initiativ til å henta pengar frå disposisjonsfond for å kutta ned på etterslepet. Dette resulterte i ei ekstrautbetaling på 15,5 millionar kroner.

Ifølge kommunedirektøren førte dette til «eit positivt løft» for idrettslaga, men nå gjer pågangen av søknadar om nye og store prosjekt at køen og ventetida på utbetaling av støtte « ... er i ferd med å bli alt for lang».

Det kjem fram i ei sak som skal opp i Utval for oppvekst og kultur onsdag denne veka.

I saka går kommunedirektøren inn for å endra på reglane.

I dag er det nemleg slik at kommunen sin tredjedel blir rekna ut frå totalprisen på prosjektet, inkludert . Samtidig er det slik at idrettslaga får momsutgiftene sine kompensert av staten. Derfor foreslår kommunedirektøren at framover skal momsen ikkje skal vera rekna med når kommunen sitt investeringstilskot blir rekna ut.

Kommunedirektøren innrømmer at endringa kan slå negativt ut på anlegg som allereie er planlagt og sette i gang, men meiner det er nødvendig for å unngå at køen av prosjekt som ventar på tilskot blir stadig lenger.

– Går ut over aktiviteten

Trond Lode, styreleiar i Nærbø idrettslag, meiner det er feil medisin. Slik han har forstått det, vil ei eventuell endring føra til at idrettslaget får åtte prosent mindre tilskot enn dei får gjennom dagens ordning.

– Me har spelt inn at dette er me imot. Å redusera investeringstilskotet er feil veg å gå. Det vil auka belastninga når me skal investera i nye anlegg. Dei burde heller lagt inn meir pengar og redusert køen, seier Lode.

Han minner om at Hå kommune har god nytte av samarbeidsmodellen i Hå, der idrettslaga eig og har ansvar for anlegga, som kommunen får leiga.

Blir ordninga endra, kan det føra til at idrettslaget sit igjen med mindre pengar dei kan skapa aktivitet for.

– Dette er dei pengane som går på aktivitetstilbodet, seier Lode.

Den nye fotballhallen til Nærbø IL er blant prosjekta som ventar på utbetaling av investeringstilskot. Lode reknar med at dei må venta ein del år før utbetalinga kjem. På den andre sida har utbetalinga av spelemiddel allereie begynt.

– For ein del år sida var det motsett. Me venta lenge på spelemiddel, men ikkje fullt så lenge på investeringstilskot frå kommunen. Men nå har staten komme ovanpå, seier han.

Styreleiaren har eit inntrykk av at kommunen si tolking av den veksande køen av prosjekt som har søkt om investeringstilskot er at ordninga har vore for god.

– Det trur eg ikkje er rett. Det er heller eit bilde på at me har ein del gamle anlegg i Hå og at det er dags for å oppgradera dei og tilpassa kapasiteten til befolkninga, heller enn at det er ei overinvestering, meiner han.

Negativ motorsykkelklubb

Erling Skretting frå Elgane Motorsykkelklubb er òg kritisk.

Han meiner ordninga Hå kommune har, der det er organisasjonane som sjølv eig anlegga, har tent begge partar godt.

Han seier klubbane får flotte anlegg, som kommunen igjen kan leiga, utan at dei treng bruka pengar på vaktmeister eller vedlikehald. Eigentleg, seier Skretting, slepp kommunen billeg unna.

– Ser du på kva Hå kommune bruker på idretten, er det mykje mindre enn det naboane bruker, seier han.

Går endringa gjennom, kan det føra til at enkelte droppar nye investeringar, medan andre må ta meir frå drifta, noko som igjen kan gå ut over aktiviteten, meiner Skretting.

Skretting har førebels ikkje full oversikt over nøyaktig kor stor reduksjonen blir i kroner og øre, men han tviler ikkje på at endringa kan få betydning for Elgane òg.

– Me får nok redusert litt, me òg, seier han.

Ber om indeksregulering

Ifølge saksinnstillinga har styret og årsmøtet i Hå idrettsråd stilt seg bak kommunedirektøren sitt forslag.

Det er ei skildring Trond Lode ikkje kjenner seg igjen i.

– Eg var på årsmøtet i idrettslaget. Der var stemninga tydeleg på at me var kritiske til dette. Når det står i sakspapira som skal til politikarane at stemninga var motsett, er ikkje det rett, seier Lode.

Leiaren i Hå idrettsråd, Synnøve Veien, stadfestar dette.

– Det stemmer at det blei tatt opp i styret før årsmøtet, og at me då stilte oss bak det, men med dei signala som kom inn både før og etter årsmøtet vil det vera å strekka seg langt å seia at me stiller oss bak det, seier ho.

Samtidig nyanserer Veien bildet noko.

– På ein måte ville det vore ryddig å gjera det sånn. Det er sånn spelemidla blir rekna ut. Då ville det blitt likt. Samtidig er det ein avgrensa pott med pengar. Dette kunne anten korta ned på lista eller ført til at kvart prosjekt fekk meir pengar, seier ho.

I etterkant av årsmøtet i idrettsrådet har det vore god dialog med dei ulike idrettslaga. Eit av bodskapa er at dei kunne tenka seg eit skippertak for å kutta ned på køen av tiltak, lik det politikarane tok i 2023.

– Me trur eigentleg ikkje at dei kronene kommunen sparar på å ikkje ta med momsen i utrekninga vil bidra så mykje til å kutta ned lista så fort. For å gjera det, trengst det sterkare verkemiddel, seier ho.

Eit anna grep som vil bety mykje for idrettslaga, er indeksregulering av tilskotsmidla. Dette har idrettslaget tatt opp før òg, utan at noko så langt har skjedd.

– Idrettslaga får mindre for kronene nå enn dei gjorde for to eller fem eller ti år sidan, når tilskotet blei rekna ut. Det vil gjera det meir føreseieleg og du unngår at kvar krone blir mindre verdt for kvart år som går, seier Veien.

I kjølvatnet av årsmøtet har idrettsrådet, på vegne av idrettslaga, spelt inn desse forslaga til kommunen.

Som Skretting, minner Veien om at kommunen drar god nytte av samspelet med dei lokale idrettslaga.

– Hå får mykje igjen for kvar krone dei bruker på idretten, i og med at det er idrettslaga sjølv som eig anlegga, seier ho.

Kommunedirektøren går òg inn for å fasa ut ordninga med rentestøtteordning – altså at idrettslag som betalar renter medan dei ventar på utbetaling av støtte, anten frå kommunen eller spelemiddelordninga, kan få støtte til dette frå kommunen.

Dette kan frigjera 300.000 kroner i året som i staden gjerast til ein del av dei ordinære investeringstilskota.