Før helga blei Nærbø ishockeyklubb kjend konkurs. Det skjedde etter at styret tidlegare denne månaden innsåg at dei måtte kasta korta.
– Tragisk
Klubben hadde då 686.988 kroner i gjeld, i all hovudsak til Nye Loen AS, som eig ishallen klubben tidlegare haldt til i.
– Det er supertrist for alle, kommenterer styreleiar Tom Flesvik.
Han har vore med i klubben sidan 2007, då ishallen først opna.
– Det verste er for ungane, seier Flesvik.
Han legg til at situasjonen ikkje berre går ut over lokale barn på Jæren, men òg barn og vaksne frå Eigersund i sør til Sandnes i nord som har reist til Nærbø for å spela ishockey.
– Det er tragisk når sånne ting skjer, seier Flesvik.
– Betyr denne konkursen at det er heilt slutt med ishockey på Nærbø nå?
– Klubbmessig er det slutt på Nærbø. Eg veit at Nye Loen leier ut til nokre private grupper, og så trur eg Stavanger hockey leiger litt. I tillegg vil eg tru at det sikkert er litt kunstløp og slikt.
Klarte ikkje finna løysing
Det har ikkje vore aktivitet i klubben sidan mars i fjor, då dei fekk beskjed om at dei ikkje lenger fekk bruka ishallen i Nye Loen. Bakgrunnen var usemje kring leige og straumkostnadar, som til slutt enda med at huseigar Nye Loen AS terminerte leigekontrakten.
Sidan den gongen har eit nytt styre i ishockeyklubben prøvd å finna måtar å driva klubben vidare på. Nå har dei gitt opp.
Då klubben mista tilgangen på ishallen på Nærbø, mista dei ikkje berre isen å spela på, men òg inntektskjelda si.
Nyleg kom det eit nytt pengekrav frå huseigaren. Då såg ikkje styret annan utveg enn å begjæra konkurs.
– Me har ikkje pengar til å betala sidan me ikkje har hatt inntekter, grunna at me ikkje har kunna leiga ut isen. Då måtte me rett og slett berre gjera det, seier Flesvik.
Styreleiaren seier dei lenge har jobba bak kulissene og har prøvd å få til møter med Nye Loen AS for å finna ei løysing.
– Men når me ikkje får svar, blir det vanskeleg, seier han.
Nye Loen: – Me var tolmodige så lenge me kunne
Styreleiar Jon-Ingar Mæland i Nye Loen AS er ikkje samd i den tolkinga.
– Det får stå for deira rekning. Me kommuniserte at me var klare for å setta oss til forhandlingsbordet så snart det skuldige beløpet var gjort opp, seier han til Jærbladet.
Mæland synest det er synd at ishockeyklubben ikkje klarte å skapa ei berekraftig drift.
– Me hjelpte til så godt me kunne, med utsett oppstart av leigeinntekter. Me var tolmodige så lenge me kunne. Til sist måtte me seia opp leigeavtalen for å avgrensa tapet for Nye Loen og ikkje belasta dei andre eigarane for å dekka tapet, seier han.
Usemje om inntekter og utgifter
Ishockeyklubben har tidlegare vore del av Nærbø IL, som eig rundt 70 prosent av Nye Loen AS, men blei i 2023 skilt ut frå idrettslaget.
Diskusjonen om korleis inntekter og utgifter knyta til ishallen skal fordelast, har lenge vore eit stridstema mellom klubben og huseigaren.
Då klubben blei skilt ut frå idrettslaget, gjorde dei det, ifølge Flesvik, klart at dei ikkje hadde høve til å betala meir enn maksimalt 1,3 millionar kroner i året. Denne summen kom dei fram til ved å legga Norges Hockeyforbund sin «isbjørnmodell» til grunn. Denne sa i 2023 at utgiftene til drift av ein ishall ligg på rundt 1,2 millionar kroner i året.
Straumutgiftene til ishallen har ifølge Flesvik vist seg å vera høgare enn stipulert, noko som førte til problem for betalingsevna.
Klubben reforhandla ein avtale kommunen hadde med Nye Loen om leige av ishallen på dagtid. Det gjorde at leigeinntektene frå kommunen dobla seg frå 300.000 kroner i året til 600.000 kroner.
Flesvik seier at styret trudde dette skulle komma klubben til gode.
– Det gjorde det ikkje. Det synest me er veldig synd, seier han.
Til dette svarar Jon-Ingar Mæland at klubben si gjeld skriv seg lengre tilbake i tid.
– Det som Nærbø ishockeyklubb skulda Nye Loen AS, var for leige året før avtalen med kommunen var forhandla fram og gyldig, seier han.
Flesvik meiner på si side at løysinga Nye Loen la opp til, ville gitt huseigaren inntekter på 1,9 millionar kroner i året – 1,3 millionar kroner frå klubben og 600.000 kroner frå kommunen.
– Det er alt for mykje. Bygger du ein heilt ny ishall med ny isbil og alt er heilt nytt, så kostar det 1,3 millionar kroner å driva. Og då er alt heilt nytt. Det er merkeleg at me skal betala meir enn det på ein hall som faktisk er ferdig bygd, seier Flesvik.
– Innbyggarar har flytta
Flesvik gjentar at situasjonen er «supertrist». Han fortel at fleire av medlemmane har meldt overgang til Stavanger. Enkelte skal til og med ha flytta nærare Stavanger, slik at ungane deira skal få høve til å spela ishockey der.
– Andre driv ikkje med sport lenger. Det er tragisk, seier han.
Flesvik seier han håpar barna som tidlegare har spelt ishockey på Nærbø nå finn seg noko anna dei vil driva med og liker.
– Det er det eg har vore mest uroa for, seier han.
Nye Loen AS er for tida i ein prosess med Nærbø turn for å sjå på eit mogleg samarbeid knyta til eventuell ombygging av ishallen til ein kombinert turnhall og idrettshall.