Jan-Christian Vasshus er eit kjend fjes for mange. I nærare ti år var han leiar for Varhaug Idrettslag. Så, i 2024, blei han henta inn til Jæren Sparebank og stillinga «sparringpartnar for jærsk idrett», ei stilling spesialtilpassa Vasshus.
Men nå har han sagt opp. Til hausten skal han tilbake til sin gamle arbeidsgjevar, Aarsland Møbel på Vigrestad. Her jobba Vasshus som salssjef fram til han begynte i idrettslaget.
Nå gjer han comeback for å leia ei heilt ny satsing: Aarsland Kjøkken og Garderobe.
– Eg fekk ei veldig spennande moglegheit, seier Vasshus til Jærbladet.
For halvannan månad sidan ringde Martin Aarsland til Vasshus for å følga opp ein referanse han hadde skrive. Telefonsamtalen utvikla seg til ein avtale om at Vasshus skulle komma til Vigrestad på kaffi.
– Og nå sit me her, seier Vasshus og smiler breitt.
Inn på ny marknad
Aarsland Kjøkken og Garderobe er eit søsterfirma av den tradisjonsrike møbelfabrikken. Sidan starten for fire år sidan, har salsfirmaet bygd seg opp, stille og roleg, stein på stein. Nå er tida moden for å ta eit steg opp.
Martin Aarsland, tredje generasjon i Aarsland Møbelfabrikk, fortel at då sonen Erik Jonas tok over drifta, ville han ha noko anna å driva med.
Løysinga blei å starta eit selskap som sel kjøkken og garderobar laga av møbelfabrikken. Målet er å dra inn meir arbeid til fabrikken og sikra vekst og arbeidsplassar.
Aarsland Møbelfabrikk, som blei grunnlagt i 1922, er mest kjend for å laga kontormøbel, men vil gjerne ha fleire bein å stå på.
Ifølge Martin dalar etterspurnaden etter kontorhyller og -skap i takt med framveksten av det papirlause samfunn.
– Det som er fint, er at me treng ikkje investera så mykje for å laga kjøkkenskap i tillegg. Det er dei same maskinane, seier han.
Marknaden for kjøkken og garderobar, som rommar både privat- og proffmarknad, er mykje større enn den for kontormøblar.
– Då bør det vera plass til at ei lita bedrift på Vigrestad skal kunna selja litt, seier Erik Jonas.
Opnar butikkar i dei store byane
I fjor omsette Aarsland Kjøkken og Garderobe for 11,5 millionar kroner.
– Me har bygd oss opp gjennom jungeltelegrafen, seier Martin.
Aarsland Kjøkken og Garderobe har allereie utsal og visningslokale på Vigrestad.
Snart opnar det nyetablerte søsterfirmaet Aarsland Kjøkken AS to nye utsal i Oslo, eit i Bygdøy Allé og eit på Alnabru, begge under namnet Studio Aarsland. Det er òg konkrete planar om å starta opp i Bergen og Trondheim.
– Alle dei store byane, seier Erik Jonas.
Her kjem dei til å stilla ut ein heilt ny kjøkkenserie dei har utvikla.
Erik Jonas vil ikkje talfesta det nærare, men seier dei har satsa «ein god del millionar» på dette.
– Me har lagt eit godt grunnlag dei to siste åra og investerer mykje av overskotet tilbake i bedrifta, seier Erik Jonas.
Hentar inn propell
Møbelfabrikken har nokre særs gode år bak seg. Fabrikken, som er kjend for kvalitet, har blant anna levert bord og skap til heile regjeringskvartalet.
– Me investerte tungt i fjor. Nå har me rigga oss. Så nå satsar med på at me har marknaden med oss. Då er det godt å få inn ein Vasshus. Me treng ein propell, seier Erik Jonas.
Propellen sjølv røper at han i årevis har hatt ein tanke om å at han ville tilbake til Aarsland, sjølv om overgangen kom litt brått på.
– Eg trivst kjempegodt i den jobben eg har nå, som Jæren sparebank sin sparringpartnar for idretten. Eg ville aldri vurdert å slutta om eg ikkje hadde tru på dette, seier Jan-Christian Vasshus.
Den tidlegare salssjefen er godt kjend med kulturen og folka hjå Aarsland.
– Dette er solid, gjennomtenkt og fornuftig. Det er ikkje eit blaff. Og når eg i tillegg får folk i ryggen som har tru på det eg gjer, så triggar det meg, seier Vasshus.
Konkurransemennesket fortel at han har sakna resultatjaget.
– Men det var for så vidt resultatjag då eg jobba i idrettslaget òg. Inntektene må inn. Sal og marknad er noko av det eg dreiv mest med då eg var i Varhaug IL, seier Vasshus.
«Ekstrem» tru på suksess
Aarsland sitt omdømme i marknaden er godt. Av kontormøbelprodusentar, er dei blant landet største. Nå handlar det om å bygga opp ein ny merkevare innafor eit nytt segment.
– Aarsland Kjøkken og Garderobe har ein jobb å gjera med å nå ut til fleire. Det ser eg fram til, seier Vasshus.
Han bruker ikkje lang tid på å henta fram seljaren i seg då Jærbladet spør om kva som kjenneteiknar produkta han nå skal selja.
– Dette er god kvalitet, norskprodusert og laga av norske råvarer. Me har god lagerkapasitet, noko som gjer at kundane veit at leveransane vil komma på tida. Å finna gode salsargument for Aarsland er ikkje vanskeleg, seier Vasshus, som startar i jobben 1. september.
Erik Jonas seier trua deira på at dei vil lukkast, er «ekstrem».
– Klart det. Me har gode produkt og gode folk, strategien ligg her, fabrikken ligg her, og me har eit veldig godt styre, seier han.
Stilling ledig i banken
Vasshus sin jobb som sparringpartnar for jærsk idrett er nå lyst ut. Han er ikkje involvert i rekrutteringsprosessen, men seier fleire har kontakta han direkte for å høyra om kva stillinga inneber.
– Om berre eit par av dei søker, så er den stillinga i veldig gode hender, seier Vasshus.
Han seier han er glad banken, som oppretta stillinga spesielt til Vasshus, vel å vidareføra ho.
– Eg brenn veldig for det med barn, unge, frivilligheit og dugnad, seier Vasshus.
Han legg til at det gjer Aarsland-konsernet òg, som ivrig sponsor i det lokale organisasjonslivet.
– Me har dei same verdiane, slår Martin fast.
Senior: – Skal ikkje arbeida meir
– Kva skal forresten du gjera, Martin, når Jan-Christian nå kjem inn?
– Eg skal vel gjera som eg alltid har gjort: Ingenting.
Martin S. Aarsland ler godt.
– Eg blir 69 år i august. Eg skal ikkje arbeida. Eg sit på kunnskap og erfaring, men det er ikkje sikkert den er brukande i dag. Eg er opptatt av at eg ikkje vil stå i vegen. Eg må vera rimeleg på at tidene endrar seg, seier han.
– Det er jo du som er nestoren, her, protesterer Jan-Christian Vasshus.
Med eit godt glimt i auget svarar Aarsland at han håpar det.
– Sjølv reknar eg meg for uunnverleg, seier han.