– Dette vil eg kjempa mot, seier Torkjell Ødegård.
Ødegård bur i eit hus med adresse i Langgata på Vigrestad. Etter eit vedtak politikarane i Utval for samfunn gjorde torsdag i førre veke, ser det ut til at huset hans anten må rivast, flyttast eller erstattast på annan måte.
Ny skuleveg
Årsaka er at den nye barneskulen Hå kommune skal bygga på rett ved sida av idrettsklubben sitt anlegg aust for Vigrestad sentrum, skal få ein ny tilkomstveg med fortau. Den nye vegen skal gå frå Haugstadvegen i sør, opp langs idrettsanlegget, opp austsida av skuletomta og vidare nordover til han til slutt møter Langgata, omtrent der Ødegård bur.
Målet med vegen er at han skal avlasta eksisterande vegar, betra framkomsten, gjera det lettare å setta av og henta elevar og fungera som flaumvoll for dei austre delane av Vigrestad. Vegen skal òg kunna fungera som nødveg og anleggsveg under bygginga av den nye skulen.
Den nordlege delen av tilkomstvegen har vist seg å vera ei vanskeleg nøtt å knekka for kommunen. Alle alternativa som har vore vurdert, inneber ei avveging av omsyn til jordvern, trafikktryggleik og bebuarane på sørsida av Langgata.
Då Utval for samfunn møttest torsdag i førre veke, måtte dei ta eit endeleg traséval. På førehand hadde kommunedirektøren greia ut fire ulike alternativ:
- Alternativ 1: Nyttar eksisterande avkøyrsel. Medfører at Ødegård sitt hus og eit tilbygg på naboeigedommen må rivast. Tydeleggjer den langsiktige grensa for landbruk på austsida av Vigrestad. Dette er det føretrekte alternativet til både fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Rogaland, særleg ut frå jordvernomsyn. Det var òg alternativet kommunedirektøren tilrådde Politikarane måtte ta eit val mellom fire moglege til nye Vigrestad skule frå Langgata i nord.Foto: Hå kommune
- Alternativ 2: I dette alternativet er det større terrengforskjellar der tilkomstvegen møter Langgata. For å unngå at huset til Ødegård må rivast, må kommunen bygga opp ein mur i sideterrenget. Kommunedirektøren si vurdering er at denne løysinga vil gå betydeleg ut over bukvaliteten. Eit tilbygg på ein naboeigedom må rivast. Denne traseen vil dela gardseigedommen i to
- Alternativ 3: Fremja av Knut Åge Gjersdal (Sp) i Utval for samfunn tidlegare i vinter. Tilkomstvegen er lagt lenger vest for å unngå å riva våningshuset til Ødegård og går over eit jorde som ligg mellom to bustadhus. Alternativet sparar meir jordbruksjord enn dei andre, men medfører framleis riving, fordi enkelte bygg hamnar i frisiktsona til krysset. Fylkeskommunen har komme med innspel om at dette alternativet, ut frå eit trafikktryggleiksperspektiv, ikkje er aktuelt
- Alternativ 4: Ligg lenger aust, på utsida av den langsiktige grensa for jordbruk og, i kommunedirektøren si vurdering, utfordrar denne «i stor grad». Dette alternativet medfører bygging av store flaumvollar skal vegen kunna fungera som flaumhinder. I tillegg vil skulevegen verta lengre. Vegen følger ein eksisterande landbruksveg. Dette alternativet vart spelt inn på vegner av fleire av dei som bur i området. Dette alternativet unngår riving av huset til Ødegård, men inneber riving av eit tilbygg på naboeigedommen for å gjera plass til fortau.
– Heilt på villspor
Politikarane enda opp med å gå inn for kommunedirektøren sitt forslag. Alternativet inneber at bustaden til Torkjell Ødegård anten må rivast eller flyttast.
– Eg finn meg ikkje i det. Dei som har tenkt dette ut, er heilt på villspor, meiner Ødegård, som er «totalt usamd» i avgjerda.
Han legg til at han ikkje forstår kva politikarane har tenkt.
– Om 15–20 år er det ikkje fleire felt å bygga på på Vigrestad. Den vegen eg har føreslått går i ytterkanten. Den vegen dei har vedtatt er 18 meter brei og går rett gjennom det som skal vera eit bustadfelt, noko av det litle som er igjen av tomter på Vigrestad. Det vert heilt feil, seier Ødegård.
Samde politikarar
Då politikarane gjekk inn for alternativ 1, var dei samrøystes. Overfor Jærbladet legg utvalsleiar Magnus Ånestad (KrF) særleg vekt på trafikktryggleiken, men seier det ligg ei heilskapleg vurdering bak avgjerda.
I saksinnstillinga er dei ulike traséalternativa vurdert ut frå kostnadar, samfunnsnytte, bukvalitet, trafikktryggleik, støy, jordvern, kor mykje jord av særs god kvalitet som går tapt, overvannsproblematikk, kor store vegskråningane vert, og om bygg må rivast. Alternativ 1 kom best ut.
– Ødegård seier han ikkje forstår at de ikkje føretrekte alternativ 4?
– Då er me på utsida av dei langsiktige grensene for jordvernet. Me ville ikkje utfordra dei. Jordvernet står sterkt hos oss lokalpolitikarar, seier Ånestad.
Han legg til at det «låg i korta» at om dei hadde gått for dette alternativet, kunne Statsforvaltaren fort ha varsla motsegn.
– I tillegg var det noko med flaumproblematikken, sjølv om dette nok kunne ha latt seg løysa om det var slik at me meinte dette alternativet var det beste, seier Ånestad, og gjentar argumenta om omsyn til jordvern og trafikktryggleik.
Han seier dei er kjende med argumentet om at alternativet dei til slutt valde, vil føra til at Vigrestad får mindre rom til å veksa.
– Det er ein del av vurderinga men, igjen, jordvernet veg tyngre. Og så er det andre plassar på Vigrestad det framleis vil vera plass til bustadar. I tillegg har du det med trafikktryggleiken. Kjem skulevegen for langt aust, er det ikkje sikkert han vil verta nytta så mykje, seier Ånestad.
– Kva tenker du om at Ødegård står i fare for å mista huset?
– Det er bra me har dialog med dei. Me hadde møte med alle dei involverte grunneigarane etter utvalsmøtet. Det er ein del utfordringar der, så det er godt å starta tidleg.
– Kjempevanskeleg
Under utvalsmøtet la Ånestad fram eit tilleggsforslag om å be kommunedirektøren om å sjå på moglegheitene for trinnvis utbygging av tilkomstvegen. Forslaget, som vart samrøystes vedtatt, var eit fellesforslag frå alle partia i utvalet.
– Sidan grunneigarane har signalisert så sterkt at dei ikkje ønsker dette, vil me nytta den trinnvise utbygginga til sjå på dei moglegheitene som finst for å løysa dette på andre måtar, seier han.
Ånestad poengterer at det er skilnad på regulering og bygging av veg, og at siste ord er langt frå sagt.
– Kjenner du deg trygg på at de har tatt den rette avgjerda?
– Avgjerda vart gjort samrøystes, og det kjennest alltid tryggare. Me har brukt mykje tid på dette, og nå skal det ut på høyring. Nå skal mynder og berørte partar gje innspel. Det er ikkje slik at planen er godkjend og vedtatt. Det einaste me har bestemt, er kva for eit alternativ som skal leggast til grunn i det vidare arbeidet.
Ånestad kallar det «ei kjempevanskeleg sak».
– Det er mange omsyn som skal vegast opp mot kvarandre. Det å setta ting opp mot kvarandre er ikkje enkelt, men me prøver å lytta og legga opp til ein god dialog, så langt det lar seg gjera. Me må ta vanskelege val, men har respekt for grunneigaren.
Skal omregulera ein tredjedel av Vigrestad
Same dag som Utval for samfunn avgjorde trasévalet, var det møte i kommunestyret. Der vedtok politikarane eit planprogram for områdereguleringa til den nye skulen og idrettsområdet. Eit planprogram er eit grunnlag for arbeidet som må gjerast i samband med områdereguleringa.
Planområdet er stort, over 320 dekar. Det svarar til ein tredjedel av heile Vigrestad.
Programmet skildrar området som skal regulerast og kva tiltaket gjeld. Det er, kort samanfatta, regulering av ny barneskule og fleirbrukshall, ny tilkomstveg og vegløysingar innanfor planområdet. I tillegg vil kommunen betra forbindelsane i området, skapa ein heilskapleg og samanhengande plan og føra tilbake enkelte område til landbruk-, natur- og friluftsformål. I samband med tilkomstvegen, skal det òg etablerast ein flaumvoll som etter planen skal førebygga flaum på austsida av Vigrestad.
Planprogrammet identifiserer fleire moglege farar som må greiast ut. Det dreier seg blant anna om overvasshandtering, trafikktryggleik, forureining og støy, vindpåverknad og brann.
I tillegg må det følgande konsekvensane av eller for det følgande utgreiast:
- Naturmangfald
- Økosystemtenester
- Miljømål
- Kulturminne og -miljø
- Friluftsliv
- Landskap
- Forureining
- Jord- og mineralressursar
- Transportbehov, energibruk og -løysingar
- Beredskap og ulukkesrisiko
- Klimaendringar
- Helse
- Tilkomst til uteområde og gang- og sykkelvegnett
- Oppvekstvilkår
- Arkitektonisk og estetisk utforming
Klar plan i 2026
Fram til september neste år skal kommunen nå utarbeida eit planforslag for den nye skulen på Vigrestad og området rundt. Til hausten 2025 er planen at planforslaget skal vedtas og presenterast for innbyggarane på eit informasjonsmøte før det vert sendt ut på høyring.
Basert på innspela folk sender inn i samband med høyringa, skal kommunen tilverka planforslaget. Målet er å vedta ein endeleg plan i løpet av første kvartal 2026.