Grusbanen er generelt lite brukt, men er ein del av anlegget som Bryne Friidrett trenar på. Styret i klubben reagerte umiddelbart då ordføraren for snart tre år sidan fortalde om planar om å legga kunstgras på heile flata.
Fylkeskommunen vil gje bort banen gratis, mot at Time kommunen bruker arealet til idrett. I 2024 meinte friidretten at ordføraren var overivrig som ikkje tok omsyn til korleis anlegget deira hadde hamna her.
Men alt det er gammalt historie nå, ifølge leiaren i Time idrettsråd.
– Konfliktane dei hadde, er løyste, seier Eirik Serigstad.
Saman om felles anlegg
Etter eit par år med skral kommuneøkonomi, plukka Time idrettsråd tidleg i år opp att arbeidet med grusbanen.
Denne gongen skjer det utan protestar, fordi både Bryne FK, Bryne Friidrett og Bryne Løpelag står bak planane.
Bryne FK har sprengt banekapasitet. Ein kunstgrasbane for 9-er-fotball skal frigjera kapasitet på treningsanlegget på stadion.
Rundt banen kjem ein løpebane på 250 meter og nye flaumlys, som vil gjera delanlegget meir komplett for friidretten.
– Lite kinderegg
I skuletida skal anlegget brukast av elevar på Bryne vgs., og av barne- og ungdomsskulen som ligg på kvar sin kant.
Totalt betyr det nye og betre fasilitetar ein plass mellom 1000 og 1500 barn og unge under 19 år, påpeikar Serigstad.
I tillegg får Bryne Løpelag og andre mosjonistar ein stad med fast dekke til å trena intervall.
– Me har selt det inn som eit lite kinderegg, for fotballen, friidrett og løping, og for alle skulane.
På fast grunn
Med støtte frå Jæren Sparebank har klubbane fått undersøkt grunnforholda, og redusert den økonomiske usikkerheita.
Svaret som kom før sommaren, var positivt: Fordi det ikkje må gravast så mykje, er dei forventa kostnadene blitt mykje lågare.
Nå er budsjettet på 17 millionar kroner for eit anlegg som – ifølge klubbane sjølve – er meir enn kvar av dei kunne greidd åleine.
Beløpet skal halda til ny grunnmur, overvatn og drenering, gjerde, kantstein, ballfangarar, flaumlys og miljøvenleg kunstgras.
– Ordføraren var jo her nå, og viss alt går som me håper, skal det vera klart til skulestart i august 2027. Det er målet, seier Serigstad.
Må inn i kommunebudsjettet
Klubbane må skaffa ein tredel sjølv, om mogleg med gåver. Kommunen tar ein tredel, mens sistedelen skal dekkast med spelemidlar.
Sjølv om klubben spyttar inn pengar, er det kommunen som skal vera utbyggar. Det er i alle fall planen.
– Målet er å få alt avklart i år. Signala me får, er positive, men svaret får me ikkje før i desember.
Då skal kommunestyret vedta budsjettet for 2027 og ein økonomiplan for dei neste fire åra.
Meir kinderegg
Ordførar Andreas Vollsund verkar å ha kjøpt visjonen. Han representerer det største partiet i kommunestyret, Høgre.
– Me har ikkje fått behandla dette, men personleg heiar eg på det. Her har me ein grusbane som nesten gror att. Fylket som eig banen, vil gje han til oss dersom me gjer noko med han. Derfor håper eg verkeleg at me får gjort noko her.
Time idrettsråd melder om godt samarbeid med politikarane – og kinderegg-metaforen ser ut til å ha fått bein å gå på.
Nærmare bestemt ordføraren sine bein.
– Her kan friidretten bli fornøgde, fotballen kan bli fornøgde, i tillegg kan det bli annan aktivitet på kveldstid. Ikkje minst kan han brukast i skuletida, for uteområdet på Bryne skule treng fornying. Dette er verkeleg eit kinderegg som eg håper me får til.
Han veit ikkje om anlegget ligg inne i økonomiplanforslaget som kommunedirektøren legg fram i slutten av oktober.
– Viss ikkje må me jobba politisk. Personleg heiar eg veldig på dette. Det er både bra for skulen og for idretten.
Han vil ikkje forskottera budsjettforhandlingane, men deler sjølv ambisjonen om ferdigstilling til neste år.