Kommunedirektør Trygve Apeland brukte den strenge tonen då politikarane kom med forslag på direkten.
Kommunedirektør Trygve Apeland brukte den strenge tonen då politikarane kom med forslag på direkten. Foto: Snorre Standish Norheim

Onsdag vedtok kommunestyret i Time eit budsjett for 2026 og ein handlingsplan for dei neste fire åra, langs varsla linjer.

Den største investeringsposten er ein ny sjukeheim på Bryne, med 70 plassar og ei kostnadsramme på formidable 550 millionar kroner.

Ein 113-siders konsulentrapport anbefaler at kommunen bygger sjukeheimen i tilknyting til Sivdamheimen, heller enn Bryneheimen

Politikarane nemnde ikkje Bryneheimen med eitt ord då dei vedtok at den halve milliarden skal brukast på å bygga ved Sivdammen.

Dermed vart lokaliseringsdebatten ein kort affære – men debatten om den største investeringa til kommunen nokosinne, tok fyr.

– Me har dårleg råd for tida, og me trur det er ein del grep me kan gjera for å få ein god sjukeheim til ein akseptabel pris, sa Bjørghild Underhaug (KrF).
– Me har dårleg råd for tida, og me trur det er ein del grep me kan gjera for å få ein god sjukeheim til ein akseptabel pris, sa Bjørghild Underhaug (KrF). Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Stegla mot rivingsforslag

Heilt mot slutten av rapporten kjem konsulentane med eit forslag om å plassera den nye sjukeheimen der Sivdamsenteret ligg i dag.

Bassenget i underetasjen – eitt av to basseng i kommunen – blir nå rehabilitert for 18 millionar kroner etter å ha vore stengt i eitt år.

Høgre likte tanken på å riva eit tretti år gammalt bygg – som er under oppussing, og i dagleg bruk – så dårleg at partiet sette fram eit forslag med følgande ordlyd:

«Eksisterande bygg behaldes som dei er i dag, og nybygget bygges som eit sjølvstendig bygg, med tilknytning til eksisterande bygg.»

Sivdamheimen øvst til høgre på bildet, er éin av to sjukeheimar i Time. Høgre vil utvida sjukeheimen utan  at Sivdamsenteret til venstre på bildet må rivast.
Sivdamheimen øvst til høgre på bildet, er éin av to sjukeheimar i Time. Høgre vil utvida sjukeheimen utan at Sivdamsenteret til venstre på bildet må rivast. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Den strenge tonen

Forslaget var eitt av to som fekk kommunedirektør Trygve Apeland til å finna fram den strenge tonen.

– Det er mi klare tilråding til kommunestyret at dette punktet ikkje blir vedtatt. Ei så viktig avgjerd bør ikkje bli vedtatt utan å vera greidd ut på førehand og lagt fram for kommunestyret.

Apeland sa at forslaget er svært definerande for sjukeheimprosjektet.

– Mi vurdering er at kommunen løper ein stor risiko for at investeringsprosjektet kan få høgare kostnader. Drifta i ettertid har ein risiko for å vera mindre hensiktsmessig enn han kunne vore – og dermed dyrare. Det tenker eg er eit viktig punkt for meg å informera dykk om.

– Dette er kommunens største investeringsprosjekt nokosinne, sa kommunedirektør Trygve Apeland.
– Dette er kommunens største investeringsprosjekt nokosinne, sa kommunedirektør Trygve Apeland. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Trur bygget trengst

Tilbakemeldinga fekk Tarald Magne Oma (Sp) til å be Høgre om å trekka forslaget, som han sjølv var sterkt imot.

Ordførar Andreas Vollsund (H) bad om ordet både éin og to gongar, for å svara på kritikken frå talarstolen.

Partiet ville senda eit tidleg signal om at det er rett å bevara eit godt bygg, som kommunen vil ha behov for.

– Me blir ekstremt mange eldre i Time kommune. At me vil trenga lokalet, er det ikkje tvil om.

Dersom Sivdamsenteret blir rive til fordel for ny sjukeheim, må kommunen finna eit nytt bygg til funksjonane som er der i dag.

Men ordlyden i det opphavlege forslaget kunne kanskje justerast noko – det ville partiet vurdera under eit gruppemøte.

Feil bodskap å senda til innbyggarane å riva eit godt bygg for å setta opp eit nytt, meinte ordføraren
Feil bodskap å senda til innbyggarane å riva eit godt bygg for å setta opp eit nytt, meinte ordføraren Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Satsar på entreprenørane

Iveren etter å koma tidleg inn i prosessen skuldast at fleirtalspartia i fleire år har ønskt alternative kontraktsformer ved store prosjekt.

I staden for at kommunen legg ferdig teikna prosjekt på anbod, vil politikarane lytta til gode og billigare innspel frå entreprenørane.

Erfaringa ved den andre store helsesatsinga Time – omsorgsbustader på Kvernaland – var at dei var for seine med å legga føringar.

Derfor la Bjørghild Underhaug (KrF) fram eit fellesforslag frå alle partia som langt på veg var direkte val av anbodsform.

Heile kommunestyret føreslo å gjennomføra anbodet som «ein funksjonsbeskreve totalentreprise med eit tak i entreprisekostnaden».

Kommunen skulle først skildra dei viktigaste forholda ved prosjektet i eit dokument som danna utgangspunktet for anbodsrunden.

Dokumentet kunne òg gjerne ta med innspel frå planarbeidet i andre kommunar og liknande prosjekt, står det i forslaget.

Men i tur og orden valde Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV å trekka seg, etter å ha høyrt innvendingane frå Apeland.

– Tusen takk til kommunedirektøren for klar tale, sa Karen Hognestad Liland (Ap) då ho varsla at partiet ikkje ville støtta tilleggsforslaga.
– Tusen takk til kommunedirektøren for klar tale, sa Karen Hognestad Liland (Ap) då ho varsla at partiet ikkje ville støtta tilleggsforslaga. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Saksbehandlarar?

Saka om lokalisering av ny sjukeheim har vore i to politiske utval, der innstillinga vart samrøystes tatt til orientering, utan endringar.

Tilleggsforslaga vart kjende på direkten i kommunestyret, utan at administrasjonen har fått vurdera konsekvensane av dei.

– Det tenker eg er uheldig. To av tilleggsforslaga tar viktige vegval for prosjektet utan ei utgreiing, sa Apeland.

Han har starta førebuinga av ei sak til formannskapet, som over nyttår skal få moglegheita til å velja anbodsform.

Han meiner at det er betre at politikarane får ei vurdering av aktuelle anbodsformer i sjukeheimprosjektet, før dei konkluderer.

Kjell Olav Stangeland (Ap) sa at saka handla om lokalisering, og meinte at politikarane hadde lagt seg på linje som saksbehandlarar.

I fellesforslaget som Ap i utgangspunktet støtta, står det mellom anna at «nøkternheit og berekraft i valg av materialer og løysingar, effektiv drift, trivsel og fleksibilitet ift. endringar i behov», skal leggast vekt på.

Gruppeleiar Ole Jørgen Alstadsæter var ikkje med på at Høgre dreiv med detaljstyring.

– Det er ingen detalj om me skal riva eit tretti år gammalt, funksjonelt bygg eller ikkje.

Gruppemøtet i Høgre valde å moderera ordlyden i det opphavlege forslaget.
Gruppemøtet i Høgre valde å moderera ordlyden i det opphavlege forslaget. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Modererte forslag

Etter gruppemøtet kom Bjørghild Underhaug (KrF) og Thomas Liland-Vik (H) tilbake med to modererte forslag.

Høgre hadde endra forslaget sitt for å få fram at dei vil behalda bygningsmassen, ikkje plent låsa bruken av bygget:

«Kommunestyret gir et signal om at eksisterande bygningsmasse behaldes i mest mogleg grad som dei er i dag, og nybygget bygges som eit sjølvstendig bygg, med tilknyting til eksisterande bygg.»

I fellesforslaget som Underhaug presenterte, hadde ein kategorisk ordlyd om anbodsform blitt mildna gjennom eit «vurderes».

Ranveig Undheim (Sp) delte intensjonane i fellesforslaget, der alle punkta har som mål å få ned kostnadene.

Eitt av punkta seier: «Budsjettramma skal haldast. Auka kostnader skal i all hovedsak tas inn gjennom omprioriteringar i prosjektet.»

Samstundes var ho opptatt av ikkje å overstyra kommunedirektøren og folka hans.

Kommunedirektøren hadde eigentleg ikkje planlagt å seia meir. Undheim inviterte han opp for å vurdera Høgre sitt nye forslag.

– Eg opprettheld det eg sa i mitt første innlegg, sa Apeland, som altså stod ved anbefalinga om ikkje å seia noko om bevaring.

Kommunedirektøren kjem opp éin gong til, på oppmoding frå Ranveig Undheim (Sp).
Kommunedirektøren kjem opp éin gong til, på oppmoding frå Ranveig Undheim (Sp). Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Fleirtal for bevaring

Etter klargjeringa meinte Kjell Olav Stangeland at det ville vera «totalt feil» å røysta for tilleggsforslaga.

– Eg vurderer om eg skal legga fram forslag om raud takstein på dette bygget, sa han for å illustrera detaljnivået.

Stangeland meinte at tilleggsforslaga var på grensa til å erklæra mistillit til kommunedirektøren.

Pål Undheim (H) viste til prosjekt der kostnadene berre har auka, utan at politikarane hadde andre alternativ enn å løyva meir pengar.

– Hovudmisjonen er å sikra at me får gode, funksjonelle og kostnadseffektive bygg.

Undheim viste til rapporten på 113 sider, som har føringar frå arkitektane som er medforfattarar, og meinte den viser at det er rett å senda tydelege politiske signal nå.

Begge tilleggsforslaga vart vedtatte:

  • Fellesforslaget fekk 18 røyster (H, Frp, KrF, V og INP), 9 røysta mot (SV, Sp og Ap)
  • Høgre sitt forslag fekk støtte frå 17 representantar (mot: SV, Sp, Ap og INP).
Kommunestyret sender eit tydeleg signal til administrasjonen.
Kommunestyret sender eit tydeleg signal til administrasjonen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim