Kinesisk granitt dekker snart halve Storgata, frå Jernbanegata til Jær:bu. Arbeidet med å legga steinen starta i vår, og kommunen skal etter planen vidareføra ned til Reevegen i 2027 og 2028.
Men korleis skal det skje?
I slutten av juni varsla byggesakssjefen at byggesaka er sett på vent. Svein Harald Dyngen meinte mellom anna at løysinga som er valt for fleire av inngangspartia, «vil være lett å snuble i og forvirrende for svaksynte».
Framfor alt meiner han at opparbeidinga ikkje er i samsvar med reguleringsplanen for gågata, som politikarane sende på høyring i vår.
Nyleg svarte sjefen for kommunalteknikk i Time.
I brevet stiller Ole Bjørn Maråk seg undrande til vurderingane av universell utforming, og meiner byggesakssjefen er historielaus i krava han stiller til utforminga av gata.
Bryt med planforslag
Planforslaget bygger dels på ein formingsrettleiar frå Norconsult.
Dokumentet gjev rettleiing til korleis gågata kan utformast og brukast. Rettleiaren deler gata inn i ulike soner og anbefaler – av omsyn til universell utforming – at dei har forskjellige gatedekke:
Et bevisst og variert bruk av gatedekke kan skape både struktur og lesbarhet i gaterommet. Ved en tydelig og gjennomgående bruk kan man markere ulike soner og punkter uten å bruke skilt eller fysiske skiller. Dette gjør gaten mer lesbar og er ledende for utformingen av uterommet selv om møbleringen av gaten endres.
Ifølge føresegnene i planforslaget skal prinsippa i formingsrettleiaren leggast til grunn ved opparbeiding av gata.
Byggesakssjefen har kikka på dei tekniske teikningane i byggesøknaden og ser at prinsippet om soneinndeling ikkje er følgt der.
Og alle som har besøkt den fornya delen av Storgata – der berre éin type stein er brukt – ser at prinsippet heller ikkje er følgt der.
Søkte seint om oppgradering
Under eit folkemøte i juni vart administrasjonen spurt om den pussige rekkjefølga der kommunen opparbeider gata før planen er klar.
Plan- og forvaltningssjefen forklarte at kommunen ønskte å ha ein ny plan i botnen, men opplyste at andre kommunar i distriktet har gjort tilsvarande oppgraderingar som vedlikehald.
Det rimar med tilbakemeldinga frå sjefen for kommunalteknikk, som i utgangspunktet ikkje hadde tenkt å søka om arbeida i Storgata.
«Kommunalteknikk vurderte at det å skifte frå eit dekke med asfalt og betongstein til granitt ville vere ein oppgradering, men likevel ikkje noko anna enn vanleg vedlikehald», skriv Maråk til byggesakssjefen.
Søknaden om oppgradering vart først sendt inn i starten av juni, etter krav frå byggesaksavdelinga.
Undringa var stor
Maråk er samd i at anbefalinga frå Norconsult ikkje er følgt. Han skriv at undringa var stor då formingsrettleiaren føreslo ei løysing med ulike dekke, som dei ikkje vil ha.
Kommunalteknikk vil unngå eit rotete lappeteppe av mange ulike dekke. Maråk meiner det var situasjonen før opprustinga av Reevegen, Kaizersplassen og Mølledammen, i perioden 2015–2018.
Han forklarer òg at leigetakarane, og dermed ønska om å nytta gateareal til handel og servering, vil endra seg mange gongar i løpet av dei minimum hundre åra granitten skal vara.
Derfor understrekar han: «Fleksibilitet og minst mogleg faste installasjonar har vore sentralt under planlegginga.»
Alt starta med Jær:bu
Kommunalteknikk fekk dei tekniske planane til leilegheitsprosjektet Jær:bu sommaren for to år sidan. Då var planen å setta gata tilbake i same form som før, med fortau på begge sider.
Gatetypen har konsekvensar for valet av overvassløysing. Kort sagt vart det vurdert som svært kostbart å bygga om til gågate med V-fall på eit seinare tidspunkt.
Hausten 2024 vart det sett av pengar i økonomiplanen til å oppgradera dekket opp til torget. Anbodet var klart hausten 2025, skriv Maråk i svaret til byggesakssjefen.
«Me stille oss undrande til at kommunalteknikk skulle legge ein formingsrettleiar, som ikkje er godkjent, til grunn for eit prosjekt som var planlagt og bestilt nesten eit år før planen og formingsrettleiaren vart lagt ut på høyring.»
Sender oppgåva vidare
Det er uklart kva som blir konsekvensen av brevet frå byggesak.
Men sjefen for kommunalteknikk åtvarar om at ein pause i anleggsarbeida, fram til ein reguleringsplan er klar, vil forlenga anleggsperioden og påføra kommunen store kostnader.
Byggesakssjefen skriv at uansett kva som skjer vidare, må Storgata vera i samsvar med den endelege reguleringsplanen.
Maråk sender oppgåva vidare: «Om formingsrettleiaren skal endrast eller ei, tenkjer me må vere opp til planavdelinga.»
Må løysa motsegn
Planavdelinga har uansett ein jobb å gjera, etter gjennomført høyringsrunde.
Rogaland fylkeskommune gjev fagleg råd om å legga fram analysar av solforhold og detaljert plan for utforming av leikeareala.
Statsforvaltaren i Rogaland går hardare til verks. Han trekk òg fram at leikeareala er ein føresetnad for bustadene i M44-utbygginga.
Han fremjar motsegn både til leikeareal, massehandtering og overvasshandtering.
– Detaljnivået er for lågt, og dette kan få uheldige konsekvensar seinare i prosjektet, konkluderer han.
Både byggesak, kommunalteknikk og planavdelinga sorterer under tenesteområdet samfunn og kultur.
Han som kunne svart på kva kommunen meiner, kommunalsjef Reid Ivar Bjorland, er for tida på ferie.