– Viss kommunen ikkje i sine eigne prosjekt tar universell utforming på alvor, opnar det opp for at privat kan gjera det også, åtvara leiaren av senior- og brukarrådet, Sissel Løche, under folkemøtet på onsdag.
– Viss kommunen ikkje i sine eigne prosjekt tar universell utforming på alvor, opnar det opp for at privat kan gjera det også, åtvara leiaren av senior- og brukarrådet, Sissel Løche, under folkemøtet på onsdag. Foto: Snorre Standish Norheim

I starten av 2025 vart det kalla inn til folkemøte om gågata, ein idé først lansert i 1965.

På eitt år har det skjedd mykje: Frå Jernbanegata til Erlandsbakken er det allereie opparbeidd gågate, og arbeidet lenger vest held på for fullt.

Gangen i saka er uvanleg ettersom opparbeidinga starta før gågateplanen er ferdig vedtatt, noko som truleg skjer til hausten.

Så fort har det gått, at kommunen onsdag vart skulda for å ta snarvegar.

Lågt detaljnivå

Detaljnivået i planen er halde lågt – dels for å gje ein fleksibel bruk av gata, men i stor grad for å halda kostnadene nede.

Delkapittelet om universell utforming i planen omtaler mellom anna val av gatedekke, allergivenlege artar og fare- og merksemdsfelt.

Gata får ei overvassrenne av smågatestein, som skal ta unna vatn og samstundes fungera som leigelinje for blinde og svaksynte.

Men dei fleste konkrete løysingane blir ikkje prosjekterte på førehand, står det i planomtalen:

«På grunn av planens ambisjonsnivå, er det diverre ikkje mogleg å avklara alle desse forhalda i denne reguleringsplanen, men dette må gjerast i vidare prosjektering.»

Representanten for barn og unge har tidlegare kritisert planen for å vera lite konkret om leikeareal.

Gata er ferdig opparbeidd ned til Erlandsbakken. Torget skal ikkje gjerast noko med.
Gata er ferdig opparbeidd ned til Erlandsbakken. Torget skal ikkje gjerast noko med. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Åtvara mot snarvegar

Kommunen har laga ein risiko- og sårbarheitsanalyse, som peikar på god prosjektering som nødvendig for å sikra universell utforming.

Ujamne dekke, manglande synlege ganglinjer for blinde og svaksynte, uheldig plassering av møblering, for smale passasjar og dårleg belysning, er potensielle risikoar som kan leia til fall og samanstøytar.

«Sidan gågata vil vere eit viktig byrom med mykje ferdsel, må desse forholda handterast godt i prosjekteringa», står det i ROS-analysen.

Senior- og brukarrådet i Time har lese både den og planomtalen, som dei behandla i eit møte sist måndag.

Leiar Sissel Løche las opp høyringsuttalen deira under onsdagens folkemøte.

– Rådet reagerer sterkt på at arbeidet allereie er sett i gang før høyring. Ingen andre planar har denne framgangsmåten. Rådet er redd for at når kommunen tar snarvegar i denne viktige saka, så blir det vanskelegare for kommunen i etterkant å krevja at andre utbyggarar skal forhalda seg til vanleg saksgang, sa ho.

Sissel Løche utfordra plan- og forvaltningssjef Martin Tengesdal Torstenbø. – Planen verkar å vera eit hastverksarbeid. Senior- og brukarrådet er skaka over at Time, som har vore pilotkommune for universell utforming, kan stå for ein så dårleg framgangsmåte for eit så viktig prosjekt som det gågata er.
Sissel Løche utfordra plan- og forvaltningssjef Martin Tengesdal Torstenbø. – Planen verkar å vera eit hastverksarbeid. Senior- og brukarrådet er skaka over at Time, som har vore pilotkommune for universell utforming, kan stå for ein så dårleg framgangsmåte for eit så viktig prosjekt som det gågata er. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

– Noko utradisjonelt

Plan- og forvaltningssjef Martin Tengesdal Torstenbø takka for gode innspel.

– Eg kan vera samd i at det er eit noko utradisjonelt val å begynna arbeidet før planen er vedtatt.

Samstundes presiserte han at kommunen har fått laga ein formingsrettleiar, med prinsipp for korleis gata skal sjå ut.

– Rettleiaren har vore ferdig ei stund og arbeidet til kommunalteknikk er i stor grad basert på den.

Seinare kommenterte han spørsmålet om opparbeiding før vedtatt plan, ved å visa til praksisen i andre kommunar.

– Det er eit definisjonsspørsmål om det er krav om ny plan. Me har sagt at me ønsker ein ny, men me har sett litt til praksisen i nabokommunar, som tar nærmast tilsvarande oppgraderingar som vedlikehald. Det er heilt i grenseland om det ein trengst her.

Samstundes gav han senior- og brukarrådet rett i at det er vanskelegare å gjera om på løysingar som er allereie etablerte, enn dersom innspela hadde kome først.

Eit tjutals tilhøyrarar, fleire av dei tilsette i kommunen, fekk høyra plan- og forvaltningssjefen fortelja om hovudgrepa i planen. Fristen for å koma med merknad til planen går ut 19. juni.
Eit tjutals tilhøyrarar, fleire av dei tilsette i kommunen, fekk høyra plan- og forvaltningssjefen fortelja om hovudgrepa i planen. Fristen for å koma med merknad til planen går ut 19. juni. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim