Svein Kvalvåg i Rogaland Revisjon rår Hå kommune til å investera i aldersheimar for dei som er for svake til å bu heime men for friske til å bu på sjukeheim.
Svein Kvalvåg i Rogaland Revisjon rår Hå kommune til å investera i aldersheimar for dei som er for svake til å bu heime men for friske til å bu på sjukeheim. Foto: Håvard Ovesen

Demografien i Norge endrar seg. Me blir fleire eldre og færre yngre.

Dei gode nyheitene er at sjølv om me vert fleire eldre, er det stadig færre av dei eldre som treng hjelp.

I Hå er det berre 29 prosent av innbyggarane over 80 som anten bur på institusjon eller tar imot heimetenester.

Likevel, skal kommunane møta eldrebølga på ein god måte, er dei nøydde til å legga til rette for at fleire eldre skal kunna bu heime lenger.

God kapasitet

Ein ny rapport frå Rogaland Revisjon slår fast at Hå kommune har god kapasitet i heimetenestene. Det gjev rom for å gjera innbyggarar med behov for hjelp mest mogleg sjølvhjelpne.

Kommunen har òg nok tilgjengelege sjukeheimsplassar, både langtids- og korttidsplassar (at ikkje alle er i bruk er ifølge revisorane ein god ting – meir om det lenger nede i saka).

På Nærbø og Varhaug er det dessutan på gang bufellesskap for folk frå 55 år og oppover som vil ha sentralt plasserte leilegheiter som er lagt til rette for å verta eldre i. Dette er ikkje omsorgsbustadar, men dei er universelt forma ut og skal vera lett tilgjengelege for heimetenestene.

Men ein ting har kommunen ikkje: Heildøgnsbemanna omsorgsbustader.

Denne typen omsorgsbustadar minner om det som òg går under nemninga aldersheim. Altså ikkje ein institusjon, men eit døgnbemanna butilbod for folk som stort sett klarar seg sjølve, men kan trenga litt ekstra støtte i kvardagen.

Kan ta unna press

Dette er eit butilbod kommunen på sikt bør vurdera å skaffa seg. Det er tilrådinga frå Rogaland Revisjon.

«Slike boliger fungerer som et viktig "trappetrinn" mellom hjemmetjenester og sykehjemsplass, og vil kunne redusere presset på institusjonsplasser for de med de mest kritiske behovene», heiter det i den ferske rapporten.

Så langt har ikkje kommunen hatt behov for dette, fordi tilgangen på institusjonsplassar er god.

– Men det er ein framtidig risiko for feilbruk av sjukeheimsplassar og auka kostnadar, sa Svein Kvalvåg frå Rogaland Revisjon då han presenterte rapporten for kommunestyret i Hå torsdag.

Heildøgns omsorgsbustadar krev mindre bemanning enn institusjonsplassar og er mykje billigare. Om folk som eigentleg ikkje treng det får plass på institusjonsplass fordi det ikkje finst eit tilbod på lågare omsorgsnivå, kan det dessutan føra til at det vert færre plassar tilgjengeleg for dei med kritiske behov.

Under presentasjonen sin trakk Kvalvåg fram eit døme frå Stavanger: Ei satsing som heiter Omsorg+.

Dette skal verta bustadar, ikkje institusjonsplassar. Dei som flytter inn, får rett på omsorgstenester etter vedtak, på lik linje med alle andre.

– Det er eit samlokalisert fellesskap for dei som er litt for svake til å bu heime, men for friske til å bu på sjukeheim, sa Kvalvåg.

Dyre institusjonsplassar

Det var kontrollutvalet i Hå som i si tid bad Rogaland Revisjon om å laga ein rapport om den økonomiske situasjonen i Hå og korleis denne vert påverka av endringar i folkesetnaden.

Rapporten har særleg sett på berekrafta innan pleie- og omsorgstenestene i kommunen.

Konklusjonen er at ressursbruken er berekraftig, men at høge og aukande utgifter til institusjon er ei utfordring.

Å bygga aldersheim, kan vera med på redusera trykket på institusjonsplassane.

I dag har Hå fleire ledige plassar på institusjon.

Under presentasjonen, åtvara Kvalvåg kommunen mot freistinga om å tildela institusjonsplassar berre fordi det er ledig.

Ein liten overkapasitet kan fungera som ein buffer. Kommunen får armslag til å gje tenester ut frå brukaren sitt behov, heller enn ut frå kva som er tilgjengeleg.

– Det me ser i prosjekta våre, er at det er ein del brukarar som bur på sjukeheim i ti-tolv år. Det trur eg ikkje er spesielt bra for brukarane eller kommuneøkonomien. Får du mange av dei, blir det proppar i systemet, og dei som reelt sett har størst behov, får ikkje tilgang til plassane, sa Kvalvåg.

Om dei som treng det blir ståande i kø til institusjonsplass, aukar det presset på heimetenestene, som må gje helsehjelp i mellomtida.

Unge brukarar

Eit anna av funn til Rogaland Revisjon er at ein overraskande stor del av ressursbruken på heimetenester går til «unge» innbyggarar. Hovuddelen av dei som mottar heimetenester er under 67 år.

Dette er noko jærkommunane har til felles, og er del av ein nasjonal trend som har vore tydeleg i mange år.

Årsakene til dette er samansette. Rogaland Revisjon nemner blant anna endringar i regelverk og auke i rettar og forventingar, samtidig som eldreomsorga har blitt meir meistringsorientert.

Revisorane meiner det er viktig å jobba førebyggande opp mot denne gruppa, med mål om å auka meistringsevna deira, og dermed redusera behovet deira for kommunale tenester i framtida.

– Det vil vera bra for brukarane og kanskje også spara kommunen for utgifter framover i tid, sa Kvalvåg.

Rapporten peiker òg på at det kan vera vanskeleg å få tak i kvalifiserte folk til å yta tenestene. Ei mogleg løysing på dette, kan vera å omorganisera bu- og velferdssentera rundt om i kommunen.

I dag er alle brukargrupper representert ved dei ulike sentera. Rogaland Revisjon skriv at for å møta framtidige behov, bør kommunen vurdera å spesialisera dei mot bestemte brukargrupper.

Det gjev høve til å utnytta spisskompetanse betre, noko som kan føra til lågare driftskostnadar og eit betre og meir tilpassa tilbod for brukarane. Ulempa er at dei geografiske avstandane vert større og at breidda i kompetansen på dei ulike sentera blir svekka.

Rogaland Revisjon tilrår òg at Hå utviklar strategiar for å behalda og rekruttera personell på tvers av ulike sektorar.