Hennar framlegg kjem når kommunestyret skal oppdatera flaggreglementet onsdag ettermiddag.
– Vaksne folk veit når det er Pride-arrangement. Og viss dei lurer på korfor nasjonalflagget vaiar frå flaggstonga ved rådhuset, så vil det ikkje vera vanskeleg å leita opp svaret. Men ungar vil ikkje skjønna kva me markerer viss me ikkje bruker regnbogeflagget, seier Bjørghild Underhaug til Jærbladet før kommunestyremøtet onsdag.
Ja på skulen, nei på rådhuset
Der vil ho slutta seg til kommunedirektørens innstilling om at skulane kan heisa Pride-flagget på dagen for det årlege regnbogearrangementet i kommunen, eventuelt i samband med felles jærsk markering av Pride i ein av nabokommunane.
Ho vil også slutta seg til framlegget frå Høgre som fekk fleirtal i levekårsutvalet, der ho er leiar: Eit tillegg som slår fast at regnbogeflagget symboliserer mangfald og inkludering. Slik vil dei markera at flagget ikkje skal tilhøyra organisasjonen FRI, foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald.
– Dette tillegget seier akkurat kva me står for, og gjennom det også kva me ikkje står for.
Men så kjem vrien:
Underhaug vil fjerna dette omdiskuterte flagget frå flaggstonga på rådhuset. Det er i motsetning til kommunedirektørens framlegg om at kommunen kan bruka regnbogeflagget på dagen for kommunal eller interkommunal feiring av Pride.
– Me bør ha lik praksis for flagging av Pride og flagging av kvinnedagen 8. mars og FN-dagen 24. oktober. På desse dagane flaggar me med nasjonalflagget, seier Underhaug. Ho viser til at Stortinget gjer det same ved Pride-markeringar.
Nedstemt før
KrF-politikaren seier ho håpar dette grepet vil kunna verka samlande. Ho har delt framlegget sitt med gruppeleiarane til dei andre partia i Time-politikken, men visste onsdag formiddag ikkje korleis det er mottatt.
– Me foreslo det også sist gong me diskuterte flaggreglementet. Då blei det nedstemt, seier Bjørghild Underhaug.
– Nødvendig flagg på skulane
Ho har yrkesbakgrunn som helsesjukepleiar. I mange år leia ho helsestasjonane for ungdom i Sandnes og i Sola. Erfaringane derifrå pregar haldninga hennar i debatten om Pride og regnbogeflagget.
– Eg har jobba i mange år med barn og unge som har slite med identiteten sin, inkludert kjønnsidentiteten. Eg har sett at mange er redde for å flagga kven dei er, av frykt for å bli utestengd eller hetsa. Dessverre er det med god grunn. Når me ser kor sårbare dei er, treng me, enn så lenge, å heisa regnbogeflagget på skulane. Det er ikkje noko alternativ å ikkje gjera noko, meiner ho.
– Treng å vita at dei er gode som dei er
I yrkeslivet har Underhaug hatt ansvar for skulehelsetenesta både for ungdom og barne- og ungdomsskulebarn.
– Dei som er imot Pride-flagget på barneskular, hevdar at dei er for mangfald og inkludering, men at dette flagget ikkje skal trykkast på dei minste barna?
– Barn må ha solid og fagleg kunnskap om korleis me utviklar oss, frå dei er små, viss dei skal bli trygge på at dei er gode som dei er. Dette vil vera ei motvekt til noko av det foreininga FRI vil, meiner Underhaug.
– Motstanden handlar heller ikkje berre om dette flagget, men at nokre meiner det også symboliserer læreplanar i skulen som vatnar ut den tradisjonelle forståinga av kjønn?
– Me bør få inn helsepersonell i diskusjonen om kva undervisninga skal gå ut på, nettopp som motvekt mot politisering av undervisninga, seier Underhaug.
Bråk internt i KrF
I fjor blei det avisoverskrifter då Time KrF med eit lite fleirtal slutta seg til verdidokumentet til det tverrpolitiske og uavhengige Jæren Pride. Særleg blei det debatt då partileiar Dag-Inge Ulstein kritiserte dette steget.
Underhaug seier ho ikkje veit om nokon i partigruppa lokalt har endra synspunkt før flaggdebatten i kommunestyret onsdag.
Men éin av kollegaene ho har i ryggen, er nestleiar Kjetil Hustoft i Time KrF. Han er psykiater av yrke, og nyleg rykka han ut mot partiet si linje i ein kronikk i VG.
«Som mangeårig tillitsvalgt i KrFU og KrF er jeg svært uenig i måten KrF presenterer sin politikk mot mennesker med en skeiv identitet. Og jeg er helt uenig i at skolene ikke skal heise pride-flagget», skreiv han.
- Kva måte er det du kritiserer?
- Det er ein retorikk om skeive som frå min ståstad ikkje er i tråd med KrF sitt verdisyn om å inkludera alle. Eg er opptatt av å laga gode levekår, også for skeive, som mange ikkje har. KrF har i altfor liten grad fokus på dette, seier Hustoft til Jærbladet.
Meir sårbare enn andre
Akkurat som partikollegaen Underhaug viser Hustoft til kunnskap han har gjennom yrkesrollen som psykiater. Som gruppe har skeive høgare forekomst av psykiske plagar, lågare livskvalitet og er oftare einsame. Dessutan er dei meir utsette for vald og mobbing og har oftare rusproblem.
Dei som jobbar i akutte helsemottak ser også sjølvmords-problematikk i denne gruppa, som utgjer 5-7 prosent av befolkninga, ifølge Hustoft.
- Me ser korleis ein del skeive slit med seg sjølv og omgivnadene. Det finst kristne miljø som tar vel i mot skeive. Men ein del familiar kan ha konflikt mellom trua og det livet som eit skeivt familiemedlem har.
- Må jo snakka med FAU
Debatten om kva skulen underviser om i dette, viser sterke følelsar, ein del mistydingar og mangel på kunnskap, meiner Hustoft.
- Eg har ikkje lest frå perm til perm kva det er som blir undervist, men eg synest at styresmaktene seier lite om dette i det offentlege rom.
Viss han var statsråd for ein dag, seier han, ville han ha etablert eit breitt utval av helsepersonell, pedagogar, teologar, filosofar og foreldre for å lage eit undervisningsforslag til skulane «som tar hensyn til individets utvikling og identitetsbygging».
Den lokale debatten om pride-flagging braut ut då skuleleiarar i kommunen var blitt einige om ei endring utan at foreldreutvala ved skulane hadde diskutert det, påpeiker Kjetil Hustoft.
- I så viktige spørsmål må dei sjølvsagt snakka med FAU. Det var heilt galt å komma med dette etter at organisasjonsledda hadde gjort seg ferdige med saka.
Utfordrar skulesjefen
Bjørghild Underhaug oppfordrar skulesjefen til å ta ballen lokalt.
– Skulane må informera foreldre om kva dei underviser om, for å trygga dei. Mange er truleg usikre. Undervisninga kan ikkje bygga på politikk og ideologi. Det finst fagkunnskap om kjønnsidentitet, og det som må til, er informasjon og dialog om den, seier Bjørghild Underhaug i Time KrF.