– Eg har aldri angra. Ikkje ein einaste dag.

Det er klart, Line Risa kan, som alle andre, ha ein tung dag innimellom. Men då er det berre å gå til løvene.

– Berre eg ser dei, og ser det eg faktisk klarar å gje dei, så er alt vekke igjen, seier ho til Jærbladet.

Starta med to vekers ferietur

Det er ti år sidan undheimsjenta braut opp frå eit trygt tilhøve med fast jobb for å via livet sitt til å ta seg av store kattedyr.

Nå bur ho på ein ti tusen dekar stor gard der ho har to leopardar, to tigrar og elleve løver, i tillegg til eit utal sjiraffar, sebraar og gnuar.

– Eg reddar store kattedyr og gjev dei eit liv så naturleg dei berre kan få i fangenskap, fram til dei døyr, seier Risa.

Det begynte i 2015. Då budde Risa i Oslo, der ho jobba i Politiets Utlendingsenhet.

I samband med ferie drog ho til Sør-Afrika for å jobba som frivillig ved eit redningssenter for store kattedyr.

Redningssenteret ho drog til gjev løver, tigrar og andre kattedyr som har vakse opp i fangenskap, høve til å bu tilnærma slik dei ville gjort det i det fri. Denne typen redningssenter finansierer drifta gjennom å ta inn frivillige som betalar for å få jobba der i bytte mot kost og losji.

Store kattedyr, blir dei kalla. Når du ser poten, er det ikkje vanskeleg å forstå.
Store kattedyr, blir dei kalla. Når du ser poten, er det ikkje vanskeleg å forstå. Foto: Foto: Privat

For Risa var opphaldet ein moglegheit til å kombinera ferie med draumen om å jobba med store kattedyr.

– Eg har alltid elska dyr, fortel Risa, som òg har vore hundeførar i militæret.

Etter berre tre månadar tilbake på jobben i Oslo tok ho ut to nye veker med ferie for å gjera det same ein gong til.

Møtet med løvene hadde gjort noko med henne.

– Då eg kom ned hit og såg at kvar løve har sin personlegdom, akkurat som menneske, nokre er rolege, andre har meir energi, nokre er kjærlege medan andre held avstand, begynte eg etter kvart å få ein kjærleik til kvart individ, fortel Risa.

På same tid blei ho var det ho refererer til som «løveavlsindustrien» i Sør-Afrika. Løver blir avla opp i fangenskap, og endar opp anten som byte for tilreisande jegerar med draum om å ein dag fella ei løve eller som skinn, bein og avkok smugla ut til bruk i asiatisk alternativmedisin. Nokre løveungar blir òg nytta i turistindustrien, fram til dei blir for store.

Risa kallar det «ein forferdeleg business».

Sa opp jobben

Dyra, hevdar ho, blir mishandla. Dei har for lite plass, får ikkje dei næringsstoffa dei treng og får heller ikkje utvikla seg slik dei skal.

– Då eg fann ut kor forferdeleg løvene har det, var det noko som vakna i meg, seier Risa.

Tigrar høyrer ikkje naturleg heime i Afrika, men når dei først er her, og har blitt redda ut av fangenskap, slik som den bengalske tigeren Cane, må dei ha ein plass å vera.
Tigrar høyrer ikkje naturleg heime i Afrika, men når dei først er her, og har blitt redda ut av fangenskap, slik som den bengalske tigeren Cane, må dei ha ein plass å vera. Foto: Foto: Privat

Å jobba med løver var ikkje lenger noko å gjera berre for gildt. Risa innsåg at løvene treng menneska si hjelp.

– Eg klarte ikkje halda meg vekke. Eg var berre nøydd til å gjera noko, seier Risa.

Risa søkte ho om, og fekk, eitt års permisjon utan lønn. Året brukte ho ved redningssenteret i Sør-Afrika.

– Eg ville testa korleis det var å faktisk bu her. Det er stor skilnad på det og det å vera på to vekers ferie. Eg ville finna ut om det var noko for meg, seier Risa.

På sommaren 2016 måtte ho ta eit endeleg val: Anten å komma tilbake til jobben i Oslo, eller å seia opp og flytta til Sør-Afrika permanent.

Av omsyn til velferda, vil eit ekte redningssenter aldri tilby nærkontakt med dyra, korkje til turistar eller frivillige. Det gjer dei heller ikkje hjå Indlulamithi. Det hender likevel at eit par av dyra oppsøker Line Risa for kos gjennom gjerdet, slik som løva Timba gjer her.
Av omsyn til velferda, vil eit ekte redningssenter aldri tilby nærkontakt med dyra, korkje til turistar eller frivillige. Det gjer dei heller ikkje hjå Indlulamithi. Det hender likevel at eit par av dyra oppsøker Line Risa for kos gjennom gjerdet, slik som løva Timba gjer her. Foto: Foto: Privat

Det blei det siste.

– Eg berre hoppa i det, seier Risa.

Ho pakka med seg det aller viktigaste, stort sett dei to dvergpinscherane sine, pluss litt bagasje, og reiste til Sør-Afrika.

– Eg hadde ikkje peiling på om eg ville klara meg og få inntekter. Eg tok ein stor sjanse, men drivet mitt var så stort. Når eg tenker på det nå var det litt gale.

Risa ler.

– Men eg er glad for at eg gjorde det.

Selde huset

I fleire år jobba ho 24 timar i døgnet med løver, tigrar og jaguarar. Ho blei òg ein del av sjølve organisasjonen ho jobba for. Med tida fann ho ut at ho ville starta for seg sjølv.

Risa selde huset sitt i Bjørndal i Oslo og begynte å sjå seg om etter høveleg land i Sør-Afrika.

Etter nærmare eit år fann ho ein avsidesliggande gard på ti tusen dekar utanfor Vaalwater i Limpopo-provinsen.

Her har ho bygd opp sin eigen lille fristad for løver og andre kattedyr som har blitt redda ut av kummerlege forhold.

Risa sin gard har fått namnet Indlulamithi, etter sjiraffane som bur der. Det fulle namnet er Indlulamithi Wild Big Cat Sanctuary.
Risa sin gard har fått namnet Indlulamithi, etter sjiraffane som bur der. Det fulle namnet er Indlulamithi Wild Big Cat Sanctuary. Foto: Foto: Privat

Fleire av løvene hennar kjem frå avlsgardar. To av dei er tidlegare sirksusløver.

Den eine tigeren kjem frå ein avlsgard som rettar seg mot eksport til den asiatiske gråmarknaden, medan den andre hadde vore kjæledyr i Johannesburg.

– Han var veldig redd då han kom hit. Arbeidarane der han budde før, pleidde å slå han, fortel Risa.

Ifølge Risa har Sør-Afrika veldig strenge reglar for hald av løver som kjæledyr. For tigrar finst det derimot eit smotthol: Dei finst ikkje naturleg i Afrika og blir dermed rekna som eksotiske kjæledyr, eit dyrehald som ikkje er like strengt regulert.

Forholdet tigeren levde under i Johannesburg var likevel så graverande at eigaren ikkje fekk lov å ha han lenger. I staden blei tigeren plassert ut på garden til Risa. Her skal han bu fram til han døyr, bak elektriske gjerde, men under forhold som er så nær naturlege det er mogleg å komma.

Dei fleste av dyra på garden kan aldri sleppast fri, men for den eine leoparden er det håp. Ho blei født i det fri. I dag er ho åtte-ni månadar. Planen er å sleppa ho ut når ho blir to år gammal. Derfor er dei aldri i kontakt med henne. Stort sett følger dei henne berre med overvakingskamera.

Risa prøver å ha minst mogleg nærkontakt med dyra, som skal oppleva eit så naturleg tilhøve som mogleg. Av og til må dei likevel inspiserast. Dette bildet blei tatt under sjekken då løva Kimba kom til Indlulamithi.
Risa prøver å ha minst mogleg nærkontakt med dyra, som skal oppleva eit så naturleg tilhøve som mogleg. Av og til må dei likevel inspiserast. Dette bildet blei tatt under sjekken då løva Kimba kom til Indlulamithi. Foto: Foto: Privat

Planen er at når leoparden blir to skal ho bedøvast og få eit GPS-halsband. Så skal dei setta henne ut i naturen.

– Halsbandet gjer at me kan følga med på henne, seier Risa.

Sjeldan løvekos

Garden hennar er delt inn i ulike innhegningar som er frå 1,3 til 1,6 hektar store. Her bur dyra i lag, nokon to og to, nokon i grupper på fire. I innhegningane er vegetasjon dei kan gøyma seg i og små fjell dei kan gå opp på, om dei ønsker det.

Målet er å gje dei eit så nært som naturleg liv som er mogleg.

Som ein konsekvens av at dyra skal få leva så tett opp mot vilt som mogleg, er det heller ingen som får lov til å ta på dyra. Risa sjølv er einaste unntak, og då berre i eit par tilfelle.

– Nokre av løvene kom inn då dei var veldig små. Då måtte eg vera veldig tett på, blant anna med å gje dei mat på flaske. Dei blir veldig knyta til deg. Dei er veldig kjærlege, både løver og tigrar, fortel ho.

Risa går ikkje inn til dyra i innhegningane, men det hender at den eine tigeren og den eine løva som har knyta seg sterkast til henne, stiller seg opp ved porten i gjerdet og forventar kos. Når ho då klappar dei gjennom gjerdet, lagar dyra tydelege koselydar.

– Det er berre eg som gjer det, ingen andre. Dei får ikkje lov. Hadde dei prøvd, kunne dei fort ha mista ein arm, seier Risa.

Då garden fekk to nye løver, kom dei slik, i bur på lasteplanet på ein pickup.
Då garden fekk to nye løver, kom dei slik, i bur på lasteplanet på ein pickup. Foto: Foto: Privat

Leopardar, tigrar og løver er som andre kattedyr: Søte. På den andre sida er dei òg råsterke drapsmaskinar.

Derfor praktiserer garden strenge tryggleiksreglar.

Innhegningane grensar til eit 30 gonger 30 meter stort sluseområde. Der må dyra vera medan innhegningane deira blir reinska og rydda, graset blir klipt, vatnet reinsa og beina frå kjøtmaten dei et blir plukka opp.

I desse overgangane gjeld det å vera på vakt. Risa har tre tilsette, men det er berre ho sjølv som har lov til å flytta løvene.

– Når det kjem til å opna og lukkar portar, stoler eg ikkje på andre enn meg sjølv. Berre ein liten feil kan bli det siste du gjer, seier Risa.

Kattedyra får mat tre-fire gonger i veka. Dei er glupske. Kvar einaste veke set dei til livs rundt 320 kilo med reint kjøt, anten det er frå gnu, sebra, sjiraff, eland eller anna vilt. Det svarar til 1,3 tonn i månaden.

– Dei er veldig dyre, seier ho.

Avhengig av sponsorar og frivillige

Senteret må klara seg heilt utan støtte frå styresmaktene.

Nokre av inntektene kjem frå sponsorar, men dei fleste inntektene skriv seg frå frivillige som betalar for å jobba, slik Risa i si tid gjorde.

I byte får dei frivillige mat og husrom og, ikkje minst, erfaringar for livet.

Dyra til Risa et over eit tonn viltkjøt i månaden.
Dyra til Risa et over eit tonn viltkjøt i månaden. Foto: Foto: Privat

På nyåret dei to siste åra har ei gruppe på mellom elleve og tjue elevar frå Jæren folkehøgskule reist ned for å jobba som frivillige ved Indlulamithi Wild Big Cat Sanctuary, som er det fulle namnet på garden.

– Då er det full rulle. Dei er med ut og arbeider, reinskar innhegningar og kappar opp kjøt. Dei elskar det, seier ho.

Nyleg fekk ho på plass ein avtale med store agentar som skal gjera det lettare å rekruttera frivillige til å jobba ved Indlulamithi Wild.

– Den 20. oktober får eg faktisk frivillige frå Bryne som skal vera her i to veker. Det blir gøy, seier Risa.

Regelverket rundt det å driva denne typen redningssenter er strengt. Risa fortel at det tok bortimot halvanna år berre å skriva søknaden. Nå har senteret vore i full drift i om lag to år.

Kjensla av å kunna driva sjølv, utan å trenga å spørja andre om råd, er fantastisk.

Risa innrømmer at ho aldri hadde trudd ho skulle klara det.

– Det har vore mykje hardt arbeid for å komma hit eg er nå. Det er ein ganske stor ting å grunnlegga og starta opp noko slikt. Då eg begynte, visste eg ingenting. Det finst ikkje utdanning for dette. Den einaste måten du kan læra det på, er arbeidserfaring, seier Risa.

I mars i år skjedde det noko stort: Indlulamithi Wild Big Cat Sanctuary fekk akkreditering frå den ideelle sørafrikanske organisasjonen . Krava er strenge. Berre åtte institusjonar i heile landet har fått akkreditering som eit ekte redningssenter.

– Det var veldig stort å få den akkrediteringa. Det viser at me er eit av dei beste sentera i Sør-Afrika, seier Risa.

Fekk høyra ho var galen

Det har blitt ti år sidan ho fortalde kollegaane sine at ho hadde sagt opp og skulle flytta til Sør-Afrika for å jobba med store kattedyr. Det første ho fekk høyra var at ho var galen. Det andre var at ho var i ferd med å gjera det alle drøymer om: Å driva med noko dei elskar, noko som ikkje kjennest som jobb.

Nå bur ho aleine på ein stor gard i Sør-Afrika, heilt inst i ein 24 kilometer lang grus- og sandveg.

– Eg kjem nok aldri til å flytta heim igjen. Eg skal driva med dette resten av livet. Det er mitt ansvar nå, seier Risa.

Det er andre forhold i Sør-Afrika enn på Undheim. For ei tid tilbake stakk Line Risa sin sabelantilopehann over til nabogarden. Då måtte ho hyra inn helikopterpiloten Lambert Van Westhuizen til å henta han inn igjen. Kvar september flyr same mann med veterinæren hennar for å vaksinera sjiraffane.
Det er andre forhold i Sør-Afrika enn på Undheim. For ei tid tilbake stakk Line Risa sin sabelantilopehann over til nabogarden. Då måtte ho hyra inn helikopterpiloten Lambert Van Westhuizen til å henta han inn igjen. Kvar september flyr same mann med veterinæren hennar for å vaksinera sjiraffane. Foto: Foto: Privat

Løver som lever i fangenskap og blir godt tatt vare på, kan bli godt over 20 år gamle. Dei yngste løvene på garden til Risa er berre eit par år. Dessutan, forventar Risa, vil det nok komma fleire dyr til etter kvart.

– Eg har ei plikt eg ikkje berre kan droppa og reisa frå, seier ho.

Livet hennar er mykje jobb og forsvinnande lite fritid. Risa understrekar at ho etter kvart har fått dyktige tilsette som kan trø til om det trengst. Likevel, er det ei ledig stund blir det liksom ikkje til at ho går og set seg i sofaen.

– Det er alltid ein jobb å gjera, seier ho og høyrest med eitt veldig ut som bøndene heime på Jæren.

Risa kjem frå bygda, men vaks ikkje opp på gard sjølv. Gjennom onklar og tanter er ho likevel godt vand med gardsarbeid. Arbeidslysta trur ho kjem frå faren, som alltid må finna seg nok å gjera. Risa har det litt på same måten.

– Eg kjedar meg fort, seier ho.

Til tider kan det kjennast einsamt, å bu aleine inst i vegen ni og eit halvt tusen kilometer heimanfrå. Men ho har tilsette, og ho har venner som av og til kjem på besøk. Ho har òg venner i storbyane Pretoria og Cape Town, som ho av og til besøker.

Stort sett er ho likevel aleine.

– Det er eit spesielt liv. Då er det gildt å komma seg ut og treffa folk av og til, seier Risa.

Med over to mil til næraste butikk, prøver ho å gjera storhandelen unna ein gong i veka. Då set ho òg av tid til å dyrka ein annan hobby: Trening og vektløfting.

Ikkje for det, ho har bygd opp eit lite treningsrom heime òg, men det er liksom noko eige med å gå på treningssenter. Og så er det godt å bryta opp tilværet med noko som ikkje handlar om store kattedyr.

Dette er Kidson, ein av dei to leopardane hjå Indlulamithi Wild Big Cat Sanctuary.
Dette er Kidson, ein av dei to leopardane hjå Indlulamithi Wild Big Cat Sanctuary. Foto: Foto: Privat

Sør-Afrika har stygge kriminalstatistikkar. Der Risa bur, langt ute på landet, kjennest det annleis. Her er det gode naboar, skikkelege folk.

– I løpet av dei elleve åra eg har budd i Sør-Afrika har eg aldri vore redd og eg er ei kvinne som bur aleine på ein gard, seier Risa.

Ho låsar korkje bilen eller huset. I storbyane er det sjølvsagt annleis. Der er ho meir på vakt.

– Men eg går ikkje rundt og er redd, seier ho.

Saknar snøen

Det er ikkje til å komma unna at ho saknar dei ho hadde rundt seg då ho budde i Norge, men då ho flytta visste ho at det kom til å skje. Det er ein del av valet ho tok. Ho prøver å halda kontakten, men når avstandane er store, er det ikkje til å unngå at det blir meir sporadisk.

Heldigvis er det mange som kjem på besøk. Foreldra kjem eit par gongar i året. Då blir dei kanskje ein månad i slengen.

– Dei elskar å vera her. Det er veldig koseleg, seier Risa.

Faren er, som nemnt, glad i å ta i eit tak. Han sende derfor ned to konteinarar med landbruksreiskap frå Norge.

– Han meinte kvaliteten på dei produkta du får i Norge er betre. Så nå, når han kjem ned hit, sit han i gravemaskinen, fiksar på gardsvegar, lagar og fiksar ting. Han storkoser seg, seier Risa.

Ikkje alle store kattedyr som har vakse opp i fangenskap kan settast ut i naturen. Indlulamithi Wild sitt mål er å gje nokre av dei ein god og trygg stad å bu. Her nyt Timba den afrikanske solnedgangen.
Ikkje alle store kattedyr som har vakse opp i fangenskap kan settast ut i naturen. Indlulamithi Wild sitt mål er å gje nokre av dei ein god og trygg stad å bu. Her nyt Timba den afrikanske solnedgangen. Foto: Foto: Privat

Det aller gildaste faren gjer, er visstnok å likevel sitta heilt i ro på verandaen og sjå ut på dyrelivet som vandrar rundt på garden: Gnu, sebra og sjiraff, for å nemna noko.

Det er sistnemnde som har gitt garden til Risa namn. «Indlulamithi» er isizulu og tyder nettopp sjiraff.

– Eg ville ha eit namn som ikkje alle andre har. Dessutan er det eit av favorittdyra mine. Det passar godt til garden, seier ho.

Det er ikkje ofte ho er heime i Norge. Skal ho heim, siktar ho seg oftast inn på januar eller februar. Då får ho nemleg ein sjeldan sjanse til eit møte med det ho saknar mest: Snø.

– Eg er ein veldig aktiv person. Eg liker å gå i fjellet. Foreldra mine har ei hytte i Sirdal. Kjem eg dit på vinteren, kan eg stå på ski. Det er nok det eg saknar mest. Sommaren i Norge er ikkje noko eg saknar. Det er betre klima her, seier Line Risa.