– Eg var litt redd for at det ikkje skulle vera jenter på min alder å ha lag med, seier Astrid Ånestad.
Bånn gass
Det er ikkje til å nekta for at då foreldra fortalde Astrid (12), Birgitte (11) og Ingrid (6) at heile familien skulle reisa til Kenya i tre månadar, møtte dei beskjeden med skepsis.
Dei har det jo så fint heime!
Familien, som bur på gard på Ånestad, har sjeldan vore vekke heimanfrå meir enn ei veke i slengen.
Tanken med å reisa vekk så lenge, var at dette var tre månadar dei kunne dedikera til kvarandre, éin tanke foreldra først fekk under covid-nedstenginga, då dei merka kor godt det var å ha meir tid saman.
– Me tenkte dette var ein fin ting me kunne ha i lag. Me er jo mykje i lag heime òg, men kvardagen går ofte bånn gass, seier mor Ellen-Marie Aksdal.
I påsken kom familien heim igjen til Hå, og ungane sin opphavlege skepsis er bytta ut med entusiasme.
Astrid, som i Nairobi helst var meir ute på kveldane og leika enn ho er heime, er nå i full gang med å læra seg swahili med hjelp av språkappen Duolingo.
På spørsmål frå Jærbladet er ikkje dei tre søstrene i tvil: Alle vil tilbake.
Far Magnus Ånestad seier opphaldet svarte til forventingane.
– Å prioritera tid i lag med familien er slikt ein aldri vil angra på, seier han.
Populær bibelskule
Familien reiste på eit opphald i regi av TID Familie, ein tre månadars bibelskule driven av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Døtrene gjekk på norsk skule, medan foreldra gjekk på bibelskule.
Tilbodet er populært og det er avgrensa med plassar, så dei måtte søka nærare halvanna år før dei skulle reisa. Faktisk skulle dei eigentleg ha reist året før, men då var dei for seine med å søka og fekk ikkje plass.
– Så denne gongen søkte me med ein gong det var mogleg, seier Magnus.
To faktorar var avgjerande for Ellen-Marie og Magnus då dei bestemte seg for å reisa. Den første var at dei var trygge på at opphaldet kom til å vera bra for ungane. Den andre var at nokon kunne passa garden.
– Svigermor og svigerfar stilte opp. Det var heilt eineståande, seier Ellen-Marie takknemleg.
Blanke ark
Både vaksne og barn treivst i den nye skulekvardagen.
Skulen jentene gjekk på, Norwegian Community School, er eigd av NLM, som har drive han sidan 1978. Her er det om Jentene kom fort inn i gjengen som gjekk på den norske skulen frå før. Forholda er små, med mellom fire og åtte elevar på kvart trinn.
– Me er imponerte over kor gode både elevar og tilsette var til å ta imot og handtera såpass mange nye elevar for ein periode på tre månadar, seier Magnus.
Sjølv rapporterer han og Ellen om stort utbytte frå bibelskulen dei gjekk på. Kvar dag starta med stilletid, song og bøn før undervisninga, som hadde tema som ekteskap, islam, kyrkjelydsarbeid, misjonsarbeid og – sjølvsagt – Bibelen.
– Dette var jo ein veldig viktig grunn til at me valde å dra dit, seier Magnus.
Dei drog ikkje aleine. Sju andre familiar deltok på same opplegg.
Familiane brukte mykje tid saman.
– Det var veldig gilde folk. Det var berre positivt å reisa ned dit med dei, seier Magnus.
Ingen av dei kjente kvarandre frå før av. Det kan høyrast skummelt ut, men kan faktisk vera frigjerande, meiner Ellen-Marie:
– Du kjem ned med heilt blanke ark. Det er ingen som har forventingar til deg om at du er sånn og du er sånn, seier ho.
Mange leikekameratar
Dei tre månadane styrka familien deira på fleire vis, meiner Magnus: Dei fekk betre tid til kvarandre og dei fekk oppleva Afrika og nye kulturar, alt på ein måte som var i tråd med familien sine verdiar.
Både plassen der dei budde og gjekk på skule er ein del av NLM sin base i bydelen Karen i den kenyanske hovudstaden.
For Astrid var noko av det gildaste at dei budde så tett på folk, både andre nordmenn og fastbuande.
– Det var berre å gå ut døra, så var alle der, seier Astrid.
– Eg fekk mange nye vennar. Det var mange gilde folk, seier Birgitte.
Fattigdom
I Kenya er det mykje som er svært annleis frå heime. Tre ting som gjorde inntrykk på jentene, var kaotisk trafikk, at folk berre kastar frå seg søppel rett på bakken og at folk bur i skurbyar.
Under opphaldet besøkte familien ein heim i Kibera. Her bur mellom ein halv og éin million menneske i det som blir rekna for Afrikas største urbane slum.
Møtet med fattigdommen gjorde inntrykk.
– Det var litt ubehageleg å gå der. Det er mange fattige folk. Du vil hjelpa alle, men det er jo ikkje så lett, seier Birgitte.
I heimen dei besøkte, budde sju personar fordelt på to rom. Det vil seia, nå i regntida var det berre det eine rommet som kunne brukast. Det andre tolte ikkje regnet.
Familien Ånestad hadde med seg ris og annan mat til dei som budde i huset.
– Eg vart litt meir takknemleg for det eg har etter å ha sett korleis dei har det i slummen, seier Astrid.
Sykla på safari
I løpet av dei tre månadane dei var der, blei det òg tid til litt ferie. Familien besøkte blant anna Mombasa, Kenyas eldste by, ute ved kysten. Her var sjølve høgdepunktet for Ingrid.
– Eg fekk sitta framme i tuk-tuk, seier ho og smiler stolt.
Ein tuk-tuk er ei trehjula motorvogn med motorsykkelstyre og mykje nytta til kollektivtransport i delar av Asia og Afrika.
Familien har òg fått tid til å snorkla og fiska, reisa på telttur i bushen og sykla på safari.
Ingrid lister opp nokre av dyra dei har sett: Elefant, løve, sebra, antilope, sjiraff, flodhest, hyene, rev og haugar av apekattar.
Magnus slår fast at det blei tre månadar med mange, og varierte, opplevingar.
– Dette blir ein felles referanse som bind oss saman. Det er ei oppleving me kan ta med oss i mange år framover, seier han.