Magnus Ånestad (KrF) og familie skal til Afrika på tre månadards bibelskule.
Magnus Ånestad (KrF) og familie skal til Afrika på tre månadards bibelskule. Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Magnus Ånestad er inne i sin andre periode som kommunestyrepolitikar i Hå for Kristeleg Folkeparti.

Denne perioden har han òg fått vervet som leiar i Utval for samfunn.

Nå har han søkt kommunestyret om fritak frå rolla som utvalsleiar i dei tre første månadane av 2026.

Grunnen er at han og resten av familien skal gå på Norsk luthersk misjonssamband sin familiebibelskule TID i Nairobi, Kenya.

Utvida horisont og nye perspektiv

Det vil seie, det er Ånestad og kona som skal gå på bibelskule, medan dei tre døtrene vert innrullert ved den norske skulen i Nairobi.

– Eg håpar dette er noko som kan utvida horisontar og gje nye perspektiv på ting, både for ungane og oss vaksne. Å sjå verda trur eg alle har godt av, seier han til Jærbladet.

Planen har mogna heilt sidan nedstengingane under covid-19-pandemien.

– Som mange andre, kjende me på at nedstenginga gjorde at me fekk meir tid saman som familie. Me såg kor lett det er å hamna i eit hamsterhjul der den eine dagen tar den andre, og at det er vanskeleg å komma ut av.

– Det er kjekt at ungane går på mykje, men det er òg viktig at me har god tid til kvarandre. Det var slik ideen dukka opp, fortel han.

Han legg til at dei har høyrt fleire positive tilbakemeldingar frå folk dei kjenner som har vore på same opplegg tidlegare.

Ikkje lett å reisa frå garden

I tillegg til familien Ånestad, skal sju andre familiar gå på skulen desse månadane.

Ånestad fortel om mykje gilde opplegg som kjem på toppen av den ordinære undervisninga.

– Me skal reisa på nokre turar. Det skal vera ein bli kjent-tur, og ein tur litt rundt om i landet. I tillegg vert det ein ferie. Kva me skal gjera er ikkje planlagt, men det vert nok ei reise rundt i Kenya, seier han.

Ånestad og kona har så vidt vore i Kenya før, i samband med at dei for 15 år sidan vitja Haydom-hospitalet i Tanzania.

Då var dei vekke i ti dagar. Denne gongen skal den heimekjære familien vera vekke i tre månadar.

– Det er ikkje berre å reisa når du driv gard. Dette har måtta mogna over lengre tid. Me er veldig avhengige av god hjelp rundt oss. Sånn sett er det ikkje vår forteneste at me kan reisa. I tillegg får me litt hjelp av årstida. Det skjer relativt lite på garden dei tre første månadane av året, seier han.

– Du har søkt kommunestyret om tre månadars fritak frå utvalsleiarvervet. Kva skjer om dei seier nei?

– Det er to utvalsmøte og eitt kommunestyremøte eg går glipp av. Det som var spørsmålet var om eg skulle be om fritak eller melda forfall. Eg har meld forfall til kommunestyret, men med leiarvervet i utvalet følger det med såpass mykje utanom møta som gjer at det er greitt å søka fritak.

– Ansvarleg å be om fritak

Utvalsleiarrolla er rekna som ei åtte prosent stilling.

Kor mykje tid han faktisk bruker på ho veit han ikkje, sidan han ikkje fører timar, men seier det i alle fall er «mykje meir enn det».

Utanom møter og lesing av sakspapir har Ånestad jamlege møter med administrasjonen. Som leiar for eit utval med stort ansvarsområde, får han òg ein del førespurnadar frå innbyggarar og andre.

– Det vert reinare linjer om at det er tydeleg at i desse månadane er det ein annan som er leiar, og at eg ikkje må prøva å følga opp saker frå der nede, seier han.

– Då du tok på deg leiarvervet i Utval for samfunn, var det ei forplikting for fire år. Du tar ikkje for lett på det?

– Nei. Nå søker eg om fri frå dette vervet i tre månadar. Eg tenker det vil vera meir ansvarleg enn å berre melda forfall. Og for oss som familie er det nå det passar, både med tanke på ungane sin alder og når me kan få det til på garden. Eg tar ikkje lett på det. Det er snakk om to utvalsmøte og eitt kommunestyremøte.