Det har etter kvart utvikla seg til ei eiga øving i Hå-politikken: Å sjekka med kommunen kva for verkemiddel som finst for å gripa inn når eit hus står til nedfalls.
Denne gongen var det Jan Harald Forsmo (uavhengig) sin tur. Forsmo hadde vore med Ung Forebygging, ei avdeling i kommunen som jobbar for eit trygt og inkluderande nærmiljø for unge i Hå.
Ung Forebygging hadde drive oppsøkande arbeid ute på Nærbø, med Forsmo på slep.
– Risiko
I formannskapet 2. juni kunne Forsmo fortelja at han hadde fått nyttig innsikt i arbeidet dei gjer. Men samtidig hadde varhaugbuen fått augene opp for noko anna: At det i sentrum er fleire bygg i det han meiner er «svært dårleg forfatning».
Forsmo nemnde tre konkrete adressar, blant dei den gamle Underhaug-fabrikken på Nærbø.
– Bygga er usikra og det er tydelege teikn til uønska aktivitet. Dette representerar ein risiko for innbyggarane, og særleg for barn og unge, slo han fast.
Forsmo nemnte at det finst tilsvarande plassar på Varhaug, og lurte på kva verkemiddel kommunen har for å følga opp og sikra bygg som kan vera til fare for ålmenta. Han ville òg vita om kommunen vurderte konkrete tiltak på adressene han hadde nemnt.
Lite høve til å gripa inn
Svaret han fekk, er eit kommunalsjef Jan Gunnar Mattingsdal har gjeve politikarane nokre gonger før, kanskje særleg dei som sit i Utval for samfunn.
Enkelt sagt er det ikkje så mykje kommunen har høve til å gjera, ut over å pålegga sikring om det er noko som er til direkte fare, til dømes om det er veldig lett å komma seg inn ein plass der det er fare for å ramla ned.
Om ikkje slike pålegg blir innfridd, kan det vanka dagbøter.
Det gjer det neppe på eigarane av eigedommane Forsmo nemnte.
Mattingsdal fortalde at kommunen allereie hadde vore og kikka på det gamle fabrikkbygget. Der, sa han, var det godt sperra, slik at det ikkje går an å komma inn i første etasje. Kjellaretasjen er open, sa han, men det er ingenting å skada seg på der.
Dei to andre adressane sa han at kommunen vil ta ein ny runde på for å sjekka om dei er godt nok sikra.
– Men me kan ikkje gjera noko med at ein eigar lar eit bygg forfalla, sa Mattingsdal.
I utgangspunktet kan dei heller ikkje gripa inn om det føregår uheldige aktivitetar på ein eigedom, til dømes om ungdommar samlar seg der.
– Det er eventuelt opp til politiet, sa Mattingsdal.