Hå kommune ber om innspel til ein ny detaljreguleringsplan for området mellom Jerbanevegen, Bernervegen og Opstadvegen.
Hå kommune ber om innspel til ein ny detaljreguleringsplan for området mellom Jerbanevegen, Bernervegen og Opstadvegen. Foto: Håvard Ovesen

Det hadde, som kjent, ikkje vore noko Nærbø å snakka om om det ikkje var for Jærbanen. Tettstaden vaks fram rundt stasjonen.

Det er for så vidt ikkje unikt for Nærbø, men det som er litt meir unikt, er at her er framleis litt av det opphavlege stasjonsmiljøet, slik det såg ut før andre verdskrig, nokonlunde tatt i vare.

I fagkretsar er Nærbøgata kjend som eit av dei best bevarte kulturmiljøa på Jæren.

Nyleg vedtok fylkestinget ei oppdatert liste over kulturmiljø av regional interesse. Blant dei nemnde, var Nærbøgata.

Nærbøgata er eit av dei best bevarte stasjonsmiljøa på Jæren.
Nærbøgata er eit av dei best bevarte stasjonsmiljøa på Jæren. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Vern og nybygg

Fleire bygningar i gata er verna.

Saman med fylkeskommunen, har kommunen òg gjort eit arbeid med å kartlegga korleis resten av husa opphavleg såg ut. Målet er at om eigarane vil, skal dei lettare kunna føra husa tilbake til opphavleg stil.

Nå varslar kommunen oppstart av ein detaljreguleringsplan for området.

– Hovudmålet med planen er å legga til rette for vern og vidareutvikling av området. Me skal ta vare på kulturmiljøet og enkeltbygg rundt det, i tråd med det som er vedtatt i kommuneplanen, seier plansjef Ole von Erpecom Vikse til Jærbladet.

Området som skal regulerast strekk seg frå brannstasjonen til krysset mellom Jernbanevegen og Bernervegen og krysset mellom Bernervegen og Opstadvegen.
Området som skal regulerast strekk seg frå brannstasjonen til krysset mellom Jernbanevegen og Bernervegen og krysset mellom Bernervegen og Opstadvegen. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Området som skal regulerast er mykje større enn berre Nærbøgata. Totalt er det snakk om rundt 117 dekar i ein trekant som ligg mellom jernbanen, Bernervegen og Opstadvegen.

Den nye detaljreguleringa inngår i kommunen sitt arbeid med å digitalisera, forenkla og rydda opp i gamle reguleringsplanar. Ei lang rekke føresegner – for alt frå vinkel på taket til farge på taksteinen – skal mjukast opp, samtidig som det vert lettare å fortetta.

– Denne planen har stått på lista vår ei stund. Nå har me komme dit at me tar det opp. Politikarane ønsker at det skal skje ting i dette området og i kommunedelplanen ligg det klare føringar for kva, seier Vikse.

Han seier den kommande detaljreguleringa skal legga til rette for god integrasjon mellom det verna miljøet og ny busetnad. Det kan til dømes handla om kor nær og kor høgt det er lov til å bygga.

– Me vil få til noko som fungerer begge vegar, seier Vikse.

Plansjefen meiner delar av det rundt 117 dekar store området er godt eigna til fortetting i tråd med dei same retningslinjene som nå vert lagt inn i andre reguleringsplanar.

Delar av området kan eigna seg til fortetting, men det må leggast ein plan for korleis dette kan harmonera med det verna kulturmiljøet rundt Nærbøgata.
Delar av området kan eigna seg til fortetting, men det må leggast ein plan for korleis dette kan harmonera med det verna kulturmiljøet rundt Nærbøgata. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Tryggare trafikk

Han legg til at arbeidet òg skal styrka trafikktryggleiken i området.

– Når me nå regulerer, nyttar me høvet til å rydda opp i trafikksituasjonen, seier Vikse.

Jærbladet har tidlegare omtalt usemje og uavklarte forhold knytt til parkering, innkøyrslar og trafikktryggleik rundt Gravarsbrotet, som ligg heilt vest i området som nå skal detaljregulerast. I fjor kom det på plass ei mellombels løysing i påvente av ny reguleringsplan.

I samband med at brannstasjonen på Nærbø skal flyttast til austsida av tettstaden i løpet av neste år, skal kommunen òg i gang med å sjå på nye trafikkløysingar i delar av Opstadvegen.

– Me ser på det parallelt med dette, seier Vikse.

Området sett frå nordaust.
Området sett frå nordaust. Foto: Foto: Håvard Ovesen
Kommunen har eit ønske om å opna opp for nye grøntdrag og møtestader i området.
Kommunen har eit ønske om å opna opp for nye grøntdrag og møtestader i området. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Nye parkområde?

Plansjefen seier at det i dag ikkje er mange grøntareal på denne sida av jernbanen.

– Byrom og parkar er viktige verdiar i så sentrumsnære område som dette. Kulturmiljø handlar òg om møteplassar. Kanskje kunne det vore ein ide å sjå nærare på det som går på grønt- og parkfunksjonar, seier han.

Det gamle fabrikkbygget til Underhaug, eit bygg som i kommunen sin kulturminneplan er lista som bevaringsverdig, ligg i det aktuelle planområdet og utgjer ein del av omsynssona til det verna kulturmiljøet i Nærbøgata.

Fabrikkbygget har stått tomt lenge, og ber preg av forfall.

– Kva kan ein ny reguleringsplan bety for framtida til Underhaugbygget?

– Kanskje kan me legga betre til rette for vern gjennom bruk. Det handlar om korleis me kan ta omsyn til og integrera verna kulturminner med nye delar.

Sjølve den gamle Underhaugfabrikken er ikkje verna, men han ligg i ei omsynssone til eit verna kulturmiljø i Nærbøgata.
Sjølve den gamle Underhaugfabrikken er ikkje verna, men han ligg i ei omsynssone til eit verna kulturmiljø i Nærbøgata. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Vikse seier han håpar mange vil engasjera seg når dei nå varslar planoppstart.

– Me håpar det kjem mange innspel om kva me bør sjå på i det vidare arbeidet. Eg veit det har komme nokre allereie. Det er ein stor plan på 117 dekar. Det er mykje som ligg i han, så det er god grunn til å engasjera seg, seier plansjefen.

Fristen for å komma med innspel er 16. januar.