Atta Assad Sharif smiler nesten rundt. Fredag 21. august kunne endeleg Jæren Bilpleie på Re opna igjen.

Det var tidleg om morgonen den 7. januar ein powerbank med batteristartar som stod på lading, tok fyr. Den etterfølgande brannen førte til store skadar, både på utstyr, maskinar og lokal.

– Tungt

Nå er det meste på plass.

– Me måtte bytta heile taket. Det var derfor det tok så lang tid å få opna igjen. Det var spesialbestilling, seier Sharif til Jærbladet.

Det er han som eig Jæren Bilpleie.

Austveggen er heil ny, det same er venterommet og kontorlokala over.
Austveggen er heil ny, det same er venterommet og kontorlokala over. Foto: Foto: Håvard Ovesen
Slik såg austveggen i vaskehallen ut dagar etter brannen.
Slik såg austveggen i vaskehallen ut dagar etter brannen. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Sharif fortel at særleg den første tida etter brannen var tung.

– Dei første ti dagane klarte eg ikkje tenka på det, men så bestemte eg meg berre for å gå i gang, seier han.

«Onkel»

Medan hallen har vore stengt, har forsikringsselskapet betalt husleiga. Dei tilsette har vore permitterte.

– Fleire av dei fann seg andre jobbar, men eg sa heile vegen til dei at når me opnar igjen må dei komma tilbake. Det gjorde dei, seier Sharif.

Han smiler igjen.

– Eg kjenner meg meir som onkelen deira enn styreleiaren i vaskehallen. Då me hadde stengt ringde dei og kom på besøk for å høyra korleis eg hadde det, seier han.

Reber Ahmed seier det er kjekt å vera tilbake på jobb. – Og så er det bra for kundane, seier han.
Reber Ahmed seier det er kjekt å vera tilbake på jobb. – Og så er det bra for kundane, seier han. Foto: Foto: Håvard Ovesen

– Kjennest godt

Fredag klokka ni, då vaskehallen endeleg kunne opna igjen, stod dei første kundane allereie klare.

Reber Ahmed, som jobbar i vaskehallen, fortel at det gjennom dei åtte månadane som har gått, har komme ein jamn straum med førespurnadar frå kundar som har lurt på når dei skal opna igjen. Han seier det kjennest godt å vera tilbake på jobb.

– Det er kjekt. Og så er det bra for kundane. Dette er den einaste plassen rundt her der du kan få vaska for hand og ikkje maskin. Det er ikkje alle som vil vaska sjølv eller har det rette utstyret til det heime, seier Ahmed.

Sist Jærbladet var i vaskehallen, var han full av sot, støv og skit etter brannen. Nå er han gullande rein og fin, slik det høver seg for ein vaskehall.
Sist Jærbladet var i vaskehallen, var han full av sot, støv og skit etter brannen. Nå er han gullande rein og fin, slik det høver seg for ein vaskehall. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Trur kundane kjem tilbake

Sharif er trygg på at kundane vil komma tilbake igjen, trass i den lange tida som har gått.

– Det kundane er gode på, er prisen og tida. Her kan du komma på drop-inn utan at det tar for lang tid. Det er derfor dei kjem hit. Pluss den gode servicen, seier han.

Forsikringa til Sharif har vore til god hjelp, men ho har ikkje dekka alt av utgifter som brannen har ført med seg. Mykje av det vaskehallen hadde i eigenkapital har derfor gått med på å setta han i stand igjen.

– Eg har ein diskusjon gåande med forsikringsselskapet om dyre vaskemiddel som gjekk tapt i brannen. Dei seier eg ikkje har lagerforsikring, men eg meiner dette er ting som ikkje stod lagra, men som var i bruk. Det kan kosta meg fleire hundre tusen kroner, fortel Sharif.