– For meg som bonde betyr det mykje å få tilkøyrt massane. Me set utruleg stor pris på det. Utan det store prosjektet på Undheim, som massane kjem frå, ville me ha brukt mange år på å fylla dette anlegget.

I ein reklamefilm for Stangeland Maskin, publisert på Facebook 19. august, fortel Asbjørn Stokkeland om gratismassane maskinentreprenøren har køyrt til Brusand, der eit gammalt grustak skal fyllast.

Bru gard er éin av fleire gardar som kasta seg rundt og nytta moglegheita til å overta overskotsmassar frå tomta til Green Mountain.

Forum for natur og friluftsliv Rogaland – – har denne sommaren reagert kraftig på at massehandteringa i prosjektet.

Frustrasjonen voks ytterlegare då dei såg reklamefilmen på Facebook. Der fortel ressurskoordinator Kay Tjora om eit volum som er ti gonger større enn det kommunestyret la til grunn i 2021.

Jærbladet har kontakta Stangeland Maskin, som er ein underleverandør i prosjektet. Tilbakemeldinga er at dei ikkje svarer på spørsmål om datasenteret på Undheim.

Voluma eser ut

Konsekvensutgreiinga i planomtalen forklarer at overskotsmassar som ikkje kan gjenbrukast i planområdet, er planlagt brukt til jordforbetringstiltak på landbrukseigedommar i nærområdet.

Både planomtalen og massedisponeringsplanen som låg til grunn, omtaler eit masseoverskot på cirka 60.000 kubikk.

I eit brev sendt 10. juni skriv FNF Rogaland at volumet i prosjektet er langt høgare enn dette, og at transporten skjer over avstandar som klart ligg utanfor det som kan reknast som nærområdet.

Dei nyttar garden på Brusand som eitt av fleire eksempel. Bru gard ligg cirka 2,5 mil frå Undheim, når ein køyrer via Varhaug.

Her skal det, ifølge Stangeland Maskin, ha køyrt mellom 20 og 25 lastebilar kvar dag.

– Han er den me har levert mest massar til, seier ressurskoordinatoren i reklamefilmen.

FNF Rogaland viser også til søknaden om rammeløyve frå 2025, der overskotsmassane er estimerte til rundt 200.000 kubikk.

«Når massevolum og massehåndtering avviker så vesentlig fra det som ble lagt til grunn i konsekvensutredningen for reguleringen av arealet til kraftintensiv industri, reiser det alvorlige spørsmål om lovligheten av virksomheten. Overskuddsmassene er oppgitt til mer enn tre ganger volumet som opprinnelig ble lagt til grunn», skriv dei.

Ressurskoordinatoren opplyser at Stangeland Maskin har køyrt ut 600.000 kubikk med massar. Det tilsvarer nesten nøyaktig volumet til Avicii Arena, tidlegare kjent som Globen. Talet er henta frå Visit Stockholm.
Ressurskoordinatoren opplyser at Stangeland Maskin har køyrt ut 600.000 kubikk med massar. Det tilsvarer nesten nøyaktig volumet til Avicii Arena, tidlegare kjent som Globen. Talet er henta frå Visit Stockholm. Foto: Foto: Holger.Ellgaard – Eige verk, CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=48269442

Ber kommunen vurdera saksbehandlinga

«At utbygger har stort hastverk med å gjennomføre prosjektet, kan ikke frita fra krav om at gjeldende lover og regler må følges. Endringer i prosjektet må underlegges nødvendig søknadsbehandling», avsluttar FNF Rogaland.

Dei skriv at endringane i prosjektet er så omfattande at dei skulle ha utløyst ny utgreiing av konsekvensane og ei ny søknadsbehandling, der dei samla verknadene blir vurderte.

Svein Harald Dyngen, byggesakssjef i Time, har avvist oppmodinga om å gjennomføra tilsyn og lovlegheitskontroll.

I eit brev til FNF Rogaland svarer han at kommunen har hatt fleire tilsyn i saka. Kommunen skal ha vurdert eige tilsyn med massehandteringa, men ikkje prioritert det på nåverande tidspunkt.

Kor massane blir leverte, er ifølge byggesaksjefen separate saker i Time og nabokommunane. Alle desse er eigne vurderingar, legg han til.

Peikar på utbyggar

Byggesakssjefen svarer at kommunen følger opp saka etter ei risikobasert tilnærming, ut frå kommunen sin tilsynsstrategi.

Kommunen vurderer tilsyn etter behov. Utgangspunktet er at utbyggaren følger lovverket, minner han om:

«Det vises til tiltakshavers og ansvarlige foretaks plikt til å sørge for at tiltaket gjennomføres i samsvar med gjeldende regelverk, herunder plan- og bygningsloven med tilhørende forskrifter.».

Utbyggaren på Undheim var Vuu1 AS, som er selt vidare til den nåverande tomteeigaren, Green Mountain.

Dyngen avsluttar med å slå fast at tiltaket er i tråd med reguleringsplanen og at utbyggar derfor har eit rettskrav på å få bygga.

Frå 60 til 600 tusen kubikk

I starten av september sende FNF Rogaland eit nytt brev, der dei viser til reklamefilmen frå Stangeland Maskin.

– Me har fått eit prosjekt på Undheim der det er grunnarbeid og utlasting for eit datasenter. Der skal dei ut med cirka 600.000 kubikk med lausmassar. Me sat med det tidlegare i år og fann plassar å køyra tippmassane. Me er så å seia i hamn nå, med å finna adresse til all massen, fortel ressurskoordinator Kay Tjora der.

I det nye brevet gjentar FNF Rogaland at det er vesentlege avvik i forhold til søknader og konsekvensutgreiinga.

Dei er usamde i at massehandteringa skal behandlast som separate saker og meiner dei skulle vore behandla som ein del av datasenterprosjektet.

Dei har sett Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune på kopi og varslar at dei vil forfølga saka vidare.

«I opprinnelig konsekvensutredning som fulgte reguleringssaken ble det oppgitt at volumet overskuddsmasser var 60 000 m3. Dette hadde økt til 200 000 m3 i byggesøknaden og massehåndteringsplanen som fulgte denne, og i en video lagt ut på Facebook sida til Stangeland Maskin AS 13. august opplyses at volumet hadde vokst til 600 000 m3.»
«I opprinnelig konsekvensutredning som fulgte reguleringssaken ble det oppgitt at volumet overskuddsmasser var 60 000 m3. Dette hadde økt til 200 000 m3 i byggesøknaden og massehåndteringsplanen som fulgte denne, og i en video lagt ut på Facebook sida til Stangeland Maskin AS 13. august opplyses at volumet hadde vokst til 600 000 m3.» Foto: Foto: Montasje: Skjermdump frå Facebook