Aker-eigde Greenstat vil, saman med 62 lokale interessentar, setta opp eit vindkraftverk rett ved motorsportanlegget på Elgane i Hå. Målet er åtte vindturbinar, kvar over hundre meter høg, som skal produsera straum tilsvarande forbruket til mellom 150 og 200 husstandar.
Politikarane i Hå har vore ambivalente, men enda opp med å setta av 350 dekar til prosjektet då dei i fjor vedtok ny kommuneplan.
Fylket og Statsforvaltaren protesterte
Det fekk Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune til å reagera. Dei meinte eit vindkraftanlegg på Elgane ville komma i konflikt med omsyn til landskap og naturmangfald.
Rogaland fylkeskommune var òg opptatt av at prosjektet kunne vera skjemmande for Vasshodl, eit freda gardsanlegg som skriv seg tilbake til jernalderen. Vasshodl, som ligg rett i nærleiken, er verna.
Både Statsforvaltaren og fylkeskommunen fremja motsegn mot denne delen av kommuneplanen.
Dermed måtte kommunen inn i forhandlingar med dei, men partane vart ikkje samde. Då gjekk saka vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd.
Fredag ettermiddag kom kommunal- og moderniseringsminister Bjørnar Skjæran (Ap) har tatt ei endeleg avgjerd: Motsegnene vert ikkje tatt til følge.
– Noreg treng meir fornybar energi, og ein del av den må komma frå vindkraft. Då er det bra at kommunane gjer vurderingar av den typen Hå har gjort her, og så må me berre passa på å handtera dei interessemotsetningane som er, seier Skjæran til Jærbladet.
Har justert planen
Departementet har justert planen for å ytterlegare sikra nokre av omsyna til miljø- og kulturmiljøverdiar.
Blant anna legg dei inn ulike omsynssoner som skal ta omsyn til kulturmiljø og ulike naturtypar. Dei har òg lagt inn føresegn om at omsynet til Synesvarden landskapsvernområde skal tilleggast vekt i områdereguleringa.
I nærleiken av der Greenstat vil bygga vindmøller, ligg det ei slåttemyr, som er ein kritisk trua naturtype. Departementet har derfor lagt inn ei føresegn om at ein skal unngå forringelse eller innskrenking av slåttemyr.
– Me meiner me har landa klokt, seier ministeren.
– Ein ting er at Noreg treng fornybar kraft, men me treng vel òg natur?
– Vår linje er at me skal passa på det, men i avveginga som er gjort, meiner me at med dei tilpassingane me gjer, vil det vera forsvarleg å gå vidare med dette, og det er bra.
Ikkje i mål
Sjølv om departementet ikkje tar motsegnene frå Statsforvaltaren og fylkeskommunen til følge, betyr ikkje det at det berre er å gå i gang og bygga. Prosjektet må blant anna gjennom ein kommunal reguleringsprosess, noko som kan legga sterke føringar på utforminga.
Greenstat er òg avhengige av at Noregs vassdrags- og energidirektorat innvilgar konsesjon til vindkraftanlegget.
I ei pressemelding frå departementet heiter det at dei legg til grunn at tiltak for å avgrensa negative verknadar av prosjektet vert vurdert og sikra gjennom føringar i områderegulering og konsesjonsbehandling.
Saka har vore til vurdering hjå departementet sidan i fjor sommar.
– Kvifor har det tatt så lang tid?
– Eg kan ikkje svara for forgjengarane mine, men eg kom inn i departementet den 16. september og nå har me avgjort saka. Me har avgjort seks motsegnsaker i løpet av fire månadar. Det er veldig mange dokument me må gjennom.
Ifølge ministeren har norske kommunar behandla om lag tusen plansaker i løpet av det siste året.
– Tolv av dei hamnar i departementet. Det er dei mest komplekse sakene, dei som er vanskelegast. Det er mykje å ta omsyn til, og enorme dokumentmengder. At det då tar litt tid, har si naturlege forklaring, seier Skjæran.
Nei til masseuttak
Statsforvaltaren i Rogaland fremja òg motsegn mot eit anna punkt i kommuneplanen: Eit masseuttak i Aniksdal. Her fekk ikkje kommunen medhald.
Departementet har bestemt at området skal settast av til landbruks-, natur- og friluftsformål i staden.