– No er me ferdige med restaureringa av Garborgheimen. Trur eg, seier handverkar Odd-Geir Rosland ved Jærmuseet med eit smil.
Dei har halde på i mange år. No er huset der Arne Garborg vaks opp, ført tilbake til omtrent slik det såg ut då det sto ferdig i 1848 – tre år før diktaren blei fødd.
At det er heilt likt, kan ingen garantera. Men handverkarane og dei andre fagfolka i Jærmuseet har undersøkt det som finst av gamle svart/kvitt-foto av huset, og har funne dokumentasjon der.
I tillegg veit dei ein del om korleis det var vanleg å byggja på Jæren på midten av 1800-talet.
Måtte laga teglpanner sjølv
Det siste store prosjektet har vore å byta ut den liggjande bordkledninga av tre oppe på sørveggen med teglstein. På dei eldste bilda som finst av huset frå den vinkelen var denne gavlveggen dekka med teglstein.
– Det blei truleg bytta til trekledning i 1951, i samband med at Garborgheimen blei opna som museum. Men på eldre bilde ser me at det var teglstein på veggen. Sannsynlegvis brukte dei Åslandspanner, frå Åsland Teglverk i Time, forklarar handverkar Odd-Geir Rosland.
Slike panner er ikkje hyllevare lenger, og handverkaren har faktisk måtta læra seg å laga teglsteinspanner sjølv.
– Me hadde nokre liggjande på lager, og Lars Ødemotland – den tidlegare gardsstyraren på Vitengarden – hugsa at dei hadde hatt nokre slike panner på eit tak på heimegarden hans, på eit hus som for lengst er rive. Pannene der blei sende vidare til ein annan gard, og der fann me dei liggjande på eit lager, fortel Rosland.
Men sjølv med dette funnet hadde handverkaren ikkje fullt dei 220 teglsteinspannene han trengde.
Så då var det berre å setja i gang. Med pågangsmot, lærevilje og gode rådgjevarar – og ein god rest med leire som var henta frå Njå til eit anna prosjekt på Jærmuseet i 2016 – fekk Rosland til å laga teglsteinspannene sjølv.
Å snikra formene gjekk greitt for den røynde tømrarmeisteren, men brenning av leire var eit heilt nytt fagfelt for han.
– Eg snakka med Jens Erland på Bryne og Asbjørn Emanuel Simonsen i Sandnes, som begge har mykje erfaring med leire, og fekk gode råd av begge, fortel Rosland.
– For at det skal bli sterk teglstein, må ein finna den rette tørkegraden og den rette temperaturen. Etter litt prøving og feiling fann me ut av det, så no veit me korleis det skal gjerast, seier Rosland, som anslår at han har laga rundt 30 av pannene som no heng på sørveggen på Garborgheimen.
– Det er ganske lett enno å sjå kva panner som er nye, seier han.
– Har blitt visuelt kult
Både godt synleg og mindre synleg arbeid er gjort med Garborgheimen dei siste åra. Skifting av undertaket var det første store prosjektet. Eit godt tak er viktig for at huset skal stå i mange år til.
På «framsidene» av huset, mot vest og mot nord, er det malt og gjort vedlikehald. Der er det framleis kvitmalt, liggjande bordkledning som gjeld.
Døra har gått frå grøn til brun. For nokre år sidan blei den originale døra til Garborgheimen funne, og konservatorane skrapa av lag for lag med maling. Heilt inne viste det seg å vera brunt.
Dei mest iaugefallande endringane har skjedd i sør, med teglsteinsveggen, og mot aust.
I aust, på baksida av huset, er den liggjande, kvitmalte kledninga er bytt ut med ståande, tjørebreidd kledning laga av hunen – det ytste, avrunda bordet på treet. Dette er i tråd med gammal byggjeskikk, og også i tråd med slik det var gjort på Garborgheimen i 1848. På den tida var baksida av huset ikkje var så forseggjort som framsida. Ei viktig årsak til dette var det var viktig å utnytta heile treet, inkludert hunen.
Resultatet no er at huset ser heilt annleis ut frå sør og aust enn det folk har vore vant til.
– Det har blitt visuelt kult, i tillegg til at Garborgheimen no er tilbakeført til omtrent slik huset såg ut då det var nybygd. Begge deler er viktig, seier formidlar Ørjan Zazzera Johansen i Garborgsenteret.
For handverkar Rosland er det viktig å ikkje kritisera det som er gjort med huset tidlegare.
– Det er gjort skikkeleg jobb, og alt er gjort i beste meining, for å vedlikehalda huset og gjera det fint. Men i dag tenkjer me at det er interessant å sjå omtrent korleis huset såg ut då det blei bygd, seier han.
75 år som museum
Time kommune overtok Garborgheimen i april 1940. Taiminga var med andre ord ikkje perfekt, og i løpet av andre verdskrigen blei huset brukt til å innkvartera ein familie som måtte reisa frå garden sin i Sola.
Ei stund etter krigen begynte arbeidet for fullt med å gjera om Garborgheimen til eit museum, og 12. august 1951 var det ei storstilt opning.
– To aviser rapporterte om folkelivet. Den eine – Jærbladet – melde om 2200 besøkjande. Ei anna melde om mellom 3000 og 4000 besøkjande. Det er i alle fall sikkert at det var mykje folk her den dagen, fortel Zazzera Johansen.
Til samanlikning: Det var drygt 5200 innbyggjarar i Time i 1951, ifølgje Statistisk sentralbyrå.
Året 1951 var ikkje valt tilfeldig for museumsopninga. Då var det nemleg 100 år sidan Arne Garborg blei fødd (25. januar 1851). Diktaren og samfunnsdebattanten døydde 14. januar 1924.
12. august i år, på dagen 75 år etter opninga av Garborgheimen som museum, hadde Garborgmuseet kalla saman til ei lita markering av jubileet. Der fortalde handverkar Odd-Geir Rosland om all jobben som er gjort dei siste åra og tankane bak.