Ein ny områdeplan for Vigrestad aust er ute på høyring. Her skal det komma ny skule, fleirbrukshall, bustadfelt og veg, for å nemna noko. Men dei to siste tinga kan ta tid.
Ein ny områdeplan for Vigrestad aust er ute på høyring. Her skal det komma ny skule, fleirbrukshall, bustadfelt og veg, for å nemna noko. Men dei to siste tinga kan ta tid. Foto: Håvard Ovesen

Vigrestad skal – litt på overtid, vil nok enkelte innbyggarar meina – få ny barneskule med plass til om lag 450 elevar.

Ambisiøs plan

Den nye skulen skal byggast på austsida av Vigrestad sentrum, i området mellom Vigrestad barnehage og «Klobben», Vigrestad idrettsklubb sitt anlegg.

I same slengen vil kommunen ta ein del andre grep for å løysa utfordringar på Vigrestad, blant anna desse:

  • Bygga ny fleirbrukshall som skal nyttast av både skulen og idrettsklubben
  • Flaumsikra dei austre delane av Vigrestad
  • Legga til rette for utviklinga av to nye bustadfelt; eitt med plass til minst 60 bueiningar og eit mindre med plass til ytterlegare 15 einingar
  • Ein ny veg mellom Haugstadvegen i sør og Langgata i nord skal gje tilkomst til skulen og løysa trafikkutfordringar i området

Kommunen har nå sendt ein ny reguleringsplan for området ut på høyring.

Den omfattande planen dekker eit over 300 dekar stort område som har fått tilnamnet «Campus Vigrest».

Ny veg

Planforslaget er send ut i to ulike variantar. I utgangspunktet ser det ut som om skilnaden mellom dei to er små, men bak skilnaden kan det skjula seg store konsekvensar.

Kort oppsummert handlar det om vegen som skal gå mellom Haugstadvegen og Langgata.

Dette er ein veg med fleire funksjonar. Viktigast er at han skal betra framkomsten og løysa lokale trafikkutfordringar, samtidig som han flaumsikrar dei austre delane av Vigrestad.

Politikarane har allereie bestemt kor vegen skal gå.

Men det går ikkje an å laga omelett utan å knusa egg, og det nordlegaste strekket, det som skal gå mellom den nye skulen og Langgata, byr på utfordringar. Før vegen kan realiserast, må nemleg eit bustadhus i Langgata rivast eller flyttast, noko huseigaren ikkje samtykker til.

Då saka var oppe i Utval for Samfunn for eitt år sidan, var politikarane opptatt av å kjøpa seg tid for å prøva å finna ei løysing både huseigaren og kommunen kan vera nøydd med.

Dei bad derfor kommunedirektøren om å legga to ulike alternativ til grunn i det vidare arbeidet: Eitt alternativ der heile vegen vert realisert med ein gong, og eitt alternativ der vegen vert bygd ut trinnvis.

Fjerna tidsfrist

I september i år la plansjef Ole von Erpecom Vikse fram to ulike alternativ til områderegulering:

  • Å bygga heile vegen på ein gong (Alternativ 1A)

eller

  • Å først bygga veg frå Haugstadvegen og opp til den kommande skulen, slik at han kan nyttast til anleggsveg. Resten av vegen føreslo kommunedirektøren å bygga resten seinast same år som skulen vert tatt i bruk (Alternativ 1B)

Dei to alternativa er òg noko ulike på flaumgrøftene. Alternativ 1A legg opp til litt meir omfattande grøfting, vil samla opp meir overvatn og er det som er tilrådd i overvannsrapporten. Samtidig vil dette alternativet ta meir landbruksjord enn grøfta i alternativ 1B.

Områdeplanen legg opp til 60 nye bueiningar på nordsida av Vigrestad barnehage. Dei føreslåtte bueiningane er markert i gult i illustrasjonen. Barnehagen ligg på høgre side. Det nye bustadfeltet kan i utgangspunktet ikkje realiserast før den nye vegen mellom Langgata og Haugstadvegen er på plass.
Områdeplanen legg opp til 60 nye bueiningar på nordsida av Vigrestad barnehage. Dei føreslåtte bueiningane er markert i gult i illustrasjonen. Barnehagen ligg på høgre side. Det nye bustadfeltet kan i utgangspunktet ikkje realiserast før den nye vegen mellom Langgata og Haugstadvegen er på plass. Foto: Foto: Autodesk Forma

Politikarane i Utval for samfunn vedtok å senda dei to alternativa ut på høyring, men med éi viktig endring: Dei tok vekk tidsfristen for når vegen må vera heilt ferdig og huset fjerna.

Konsekvensar for bustadar og flaumsikring

I kunngjeringa av høyringa på kommunen sine nettsider, skriv kommunedirektøren at «dette skaper usikkerhet om når resten av veien blir bygget».

Det kan, ifølge kommunedirektøren, få fleire konsekvensar.

Blant anna er vegen ein føresetnad for å utvikla det planlagde bustadfeltet mellom barnehagen og skulen i sør og Langgata i nord.

Dei 60 bueiningane som er planlagt her, kan ikkje realiserast før vegen står klar.

Dermed vert også den øvste delen av grøfta som skal beskytta mot flaum utsett på ubestemt tid og flaumvatn vil framleis renna inn i området frå aust og samla seg ved barnehagen.

Det betyr at området ikkje vert beskytta mot 200-årsflaum.

I tillegg, skriv kommunedirektøren, vil all trafikk til og frå området gå gjennom krysset ved Vigrestad idrettsklubb og naboar som vert påverka av byggetrinn to må leva med uvisse til på ubestemt tid.

Vigrestad vart råka av flaum så seint som førre helg. Den nye områdeplanen skal førebygga flaum på austsida av tettstaden.
Vigrestad vart råka av flaum så seint som førre helg. Den nye områdeplanen skal førebygga flaum på austsida av tettstaden. Foto: Foto: Simon Hobberstad

Vil ikkje risikera at skulen vert forseinka

Det var Olaus Trygve Bjuland (KrF) som på vegner av eit samla Utval for samfunn føreslo å fjerna tidsfristen for når siste del av vegen skal vera ferdig i Alternativ 1B.

Bjuland er likevel krystallklar på kva alternativ han meiner er best.

– Å få bygd vegen heilt opp er heilt klart best, seier han til Jærbladet

Når han likevel tok til orde for eit alternativ der det er heilt ope når vegen skal ferdigstillast, var det for å sikra meir fleksibilitet utan at ein risikerer at den nye skulen vert forseinka.

Fleksibiliteten kan trengast, all den tid ein, i alle fall førebels, ikkje har klart å komma til semje med eigaren av huset som må fjernast.

– For oss som utval har det heile vegen vore det viktigaste, at me ikkje mister framdrifta, seier Bjuland.

Dei to alternativa som ligg føre sikrar, ifølge Bjuland, at eventuelle komplikasjonar knytt til huset som må fjernast, ikkje smittar over på bygginga av den nye skulen.

Ønsker ikkje ekspropriasjon

– Men når de i det eine alternativet har fjerna tidsfristen, er det ikkje då ein sjanse for at vegen aldri kjem heilt opp til Langgata?

– Det kan godt vera at det går ganske lang tid før vegen står ferdig, men me regulerer inn heile vegen, og med å legga inn ein mellombels snuhammar ved skulen, sikrar me at me uansett får bygd han, og så vil vegen eventuelt verta bygd ferdig på eit seinare tidspunkt.

Olaus Trygve Bjuland (KrF) er ikkje i tvil om kva alternativ som er det beste, men seier fleire alternativ må til for å sikra at den nye skulen ikkje vert forseinka.
Olaus Trygve Bjuland (KrF) er ikkje i tvil om kva alternativ som er det beste, men seier fleire alternativ må til for å sikra at den nye skulen ikkje vert forseinka. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

KrF-politikaren legg til at han er sikker på at det uansett er nok politisk vilje til å bygga den siste delen av vegen når det lar seg gjera.

– Eg trur ikkje nokon vil skyva på dette i det uendelege, men det fordrar at me kjem i mål med grunneigar. I Hå har me ikkje tradisjon for . Eg trur dei fleste politikarane her er samde om at det ikkje er noko me ønsker, seier han.

Tidlegare i oktober møtte Hå kommune ein innbyggar i skjønnsretten i samband med ein planlagt ekspropriasjon av rundt 650 kvadratmeter på austsida av fylkesveg 44 forbi Grødaland. Rettsavgjerda er førebels ikkje klar.

Ifølge ordførar Andreas Bjorland (KrF) er Grødaland-saka den første ekspropriasjonssaka i Hå på over 25 år.

Fristen for å komma med innspel til den føreslåtte områdeplanen for Vigrestad Aust er 14. november.

– Då må me ta ei ny vurdering om kva me ønsker me desse alternativa. Det er ikkje nokon tvil om at det følger nokon ulemper med det berre vert ein snuhammar ved skulen, seier Bjuland.

– Må vekta ulike omsyn

– Utan veg heilt opp til Langgata kan 60 bueiningar verta utsett på ubestemt tid?

– Det er ikkje automatikk i at det ikkje går an å bygga sjølv om me berre har ein snuhammar. Me har sett litt på løysingar der det kan vera mogleg. Men i utgangspunktet er det mest fornuftig at me har veg heilt opp til Langgata.

Bjuland understrekar at det ikkje ligg føre konkrete planar om å bygga ut det planlagde bustadområdet, noko som uansett fordrar ein detaljreguleringsplan.

Så langt har det ikkje komme signal frå utbyggarar om at det er ønskeleg å setta i gang ein slik planprosess.

– Kva med flaum? Vigrestad er flaumutsett og utan at vegen vert bygd heilt opp til Langgata, får ein heller ikkje grøfta som trengst for å førebygga?

– Utan veg heilt opp, vert det ei dårlegare løysing, men ho vil framleis vera betre enn den som er i dag.

Bjuland har merka seg at dei flaumfaglege innspela er tydelege på at Alternativ 1A, der heile vegen vert bygd på ein gong og grøftinga er meir omfattande, er å føretrekka.

– Det er ikkje vanskeleg å vera samd i dei faglege innspela, men så er det sånn at me som politikarar skal vekta fleire ulike omsyn. Dette er sånn me må sjå på igjen når me kjem litt lenger ut i prosessen, seier han.

Bjuland seier at planen som nå er send ut på høyring er ein veldig god plan.

– Administrasjonen har jobba veldig godt. Det som har vore positivt med dette arbeidet, er at det har vore fleire prinsippavklaringar undervegs. Det er ikkje sånn at me berre har fått eit ferdig planverk å forholda oss til. I staden har me vore inne og sparra med administrasjonen og fått høve til å påverka undervegs. Me er overtydde om at dette vert veldig bra. Dette vert eit kjempeløft for Vigrestad.

Kommunen held informasjonsmøte om den føreslåtte planen i lokala til Vigrestad idrettsklubb tysdag 28. oktober klokka 18.