Kjetil Maudal
Ordførar Kjetil Maudal (Frp) seier situasjonen barnevernet i Klepp har hamna i ikkje er ønskeleg. Foto: Simon Hobberstad (arkiv)

Onsdag skreiv Jærbladet at 13 av 21 tilsette i barnevernstenesta i Klepp slutta i jobben i løpet av 2024. To av desse pensjonerte seg, medan resten har funne seg jobbar andre stader.

Verneombod Åse Linn Haagensen har overfor Jærbladet stadfesta at det er utfordringar knytt til det psykososiale arbeidsmiljøet i barnevernet i Klepp. Ei arbeidsmiljøundersøking er på trappene.

– Eg får seia omtrent som eg sa då de skreiv om dette sist, seier Klepp-ordførar Kjetil Maudal (Frp) då Jærbladet ber om kommentar til situasjonen.

– Det er ikkje normalt og det er ikkje optimalt. Det er ikkje ønskeleg at me kjem opp i den typen situasjonar.

– I overkant og vel så det

Maudal seier at, etter det han forstår, gjorde Statsforvaltaren i Rogaland for nokre år sidan ein revisjon av barnevernstenesta i Klepp. I samband med denne revisjonen vart barnevernet pålagt å gjera endringar.

– Slik eg forstår det, tok den nye leiaren tak i dette då ho kom inn. Då er det nok nokon som har kjend på at dette ikkje var slik dei ville at det skulle vera, utan at eg kjenner detaljane i dette. Men me er nøydde til å forhalda oss til det Statsforvaltaren seier. Det er leiaren sin jobb å ta tak i det, seier Maudal.

Barnevernstenesta i Klepp var gjennom ein omstillingsprosess som vart avslutta i 2023. Maudal gjentar at han ikkje kjenner detaljane, men seier denne omstillinga i alle fall delvis kom som eit resultat av Statsforvaltaren sin revisjon.

– Ut frå det, kan det henda at det kjem ein storm eller to eller tre. Men, det er klart, når elleve forsvinn, er det i overkant og vel så det, seier Maudal.

Ifølge ordføraren har saka vore diskutert på administrativt nivå over tid.

– Alle partane som skal vera med, har vore involverte. Me skal prøva å løysa dette, men det er ikkje alltid sånn at ein klarar å sameinast om alle løysingane. Då kan det fort vera nokon som tenker at dei heller vil gjera noko anna. Det er naturleg. Men, det er klart, det er mange, dette.

– Ikkje uroa for tenestene

Han seier igjen at situasjonen ikkje er ønskeleg og at han kjem til å snakka meir med kommunedirektøren for å høyra litt meir om stoda.

Maudal understrekar at barnevernet har fått inn nye folk. Han er heller ikkje uroa for kvaliteten på tenestene barnevernet gjev.

– Barnevernet skal handtera sakene profesjonelt, og til barnets beste. Er det folk som ikkje er nøgde med avgjerdene, er det det vanlege systemet. Dei kan skriva klage, som så vert behandla av Statsforvaltaren, seier han.

I løpet av 2024 slutta heile 13 av 21 tilsette ved barnevernstenesta i Klepp kommune. To av dei pensjonerte seg. Dei andre gjekk vidare til andre jobbar.
I løpet av 2024 slutta heile 13 av 21 tilsette ved barnevernstenesta i Klepp kommune. To av dei pensjonerte seg. Dei andre gjekk vidare til andre jobbar. Foto: Foto: Håvard Ovesen

– Barnevern er eit krevjande fag med mange tøffe avgjerder. I løpet av det siste året har det forsvunne mykje erfaring frå Klepp. Er det nok røynde medarbeidarar igjen til å læra opp dei nye?

– Etter det eg har forstått, er dei som har komme inn godt kvalifiserte og har den kompetansen som dei treng og skal ha. Det er klart at når du kjem inn i ein ny organisasjon vil det gå litt tid før du er oppe og står, men eg har ikkje fått forståing av at det har vore utfordringar knytt til dette. Eg reknar med at me raskt ville fått tilbakemelding frå overordna myndigheiter om ting ikkje var i orden.

Tidlegare tilsett fekk ikkje svar

Jærbladet omtalte i sommar eit anonymt varsel om arbeidsmiljøet ved barnevernstenesta i Klepp. I samband med brevet uttalte Maudal at det er vanskeleg å forhalda seg til anonyme varsel.

I slutten av august sende ein tidlegare tilsett eit brev blant anna til ordføraren, kommunalsjefen for barn og unge, og leiaren i Hovudutval for barn og unge. Brevet, som var signert med fullt namn, tok blant anna opp nokre av dei same bekymringane som stod i det anonyme varselet.

– Kva tenkte du då du fekk dette brevet?

– Me skal lytta til folk og til alle signal, men eg tenker at me ikkje skal løysa alle saker i Jærbladet.

Maudal seier det finst ein etablert veg for å ta opp ting som ein meiner ikkje er greitt.

– Det finst eit system for det. Det skal gå via dei tillitsvalde. Så kan det oppstå situasjonar der ein kjenner på at ein ikkje når fram uansett, og går til det skritt å senda eit sånt brev. Og som arbeidsgjevar er det viktig at me lyttar til arbeidsfolka.

Ordføraren seier at det at brevet har gått utanom vanleg tenesteveg gjer at det er utfordrande å forhalda seg til, sjølv om det er signert. Han legg òg vekt på at brevet vart send av ein person som ikkje lenger jobba i barnevernstenesta, og ikkje hadde gjort det på eit halvt år.

– Jærbladet har snakka med den tidlegare tilsette som sende dette brevet. Ho reagerer på at ho ikkje har fått eit svar. Kvifor har ho ikkje det?

– Eg tør ikkje svara på kvifor ingen har svart henne. Eg tenker det er, jamt over, alminneleg høflegheit å svara når du får eit brev.

– Du er blant dei som har fått brevet. Kvifor har ikkje du svart?

– Eg har ikkje tenkt at det er ordførar sitt ansvar. Dette må eg ta med administrasjonen. Vanleg praksis er at me prøver å svara det ut når nokon tar kontakt.

– Ikkje tent med å lena oss tilbake

– Jærbladet har snakka med fleire av dei som slutta i løpet av 2024. Dei seier ingen har tatt kontakt i etterkant for å høyra om grunnen til at dei slutta?

– Eg meiner det skal vera eit system for dette, at når folk sluttar så kan dei, om dei ønsker, svara på ei undersøking. Men eg kjenner ikkje til praksisen, og om det vert tilbydd til alle. Det må eg eventuelt undersøka.

Maudal seier kommunen er opptatt av forbetring.

– Me er ikkje tente med å berre lena oss tilbake og seia at me har alt rett. Som kommune og arbeidsgjevar er det fornuftig å lytta til signal.