Fredag klokka 17:58 kom meldinga, ifølge Sigve Kolstad, seksjonsleiar ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt.
– Den var konkret: Adresse, namn, kva som hadde vore gjort. Me var nøydde til å rykka. Dette var ikkje berre ei falsk innbrotsmelding, seier Kolstad.
Klokka 18:22 blei det høyrt skot i området. Men det blei klart at dette var eit tilfeldig samantreff og ikkje hadde noko med meldinga å gjera, ifølge seksjonsleiaren.
Eit massivt oppbod av naudetatar var snart på plass på Lye.
Bilda frå staden viser fire ambulansar, tre politibilar, legevakt, legehelikopter – og eit svart spesialkøyretøy frå politiet som tilhøyrer det Kolstad kallar nasjonale bistandsressursar, som tilfeldigvis var i området på anna oppdrag.
– Kor lang tid gjekk det før de forsto at meldinga var falsk?
– Eg tør ikkje seia eit klokkeslett. Me jobba med å verifisera alt, så me ikkje risikerte at nokon låg hardt skadd eller drepne ein plass, seier Kolstad til Jærbladet.
Politiet meiner nå at dei sto overfor eit fenomen som til nyleg var kjend først og fremst frå USA: Swatting.
– Me mistenker swatting. Alt indikerer det. Dette var eit heilt nytt fenomen for meg. Det må eg vera ærleg å seia. Me har opplevd telefonar om falske oppdrag, men denne valdskarakteren har me ikkje opplevd før, seier Sigve Kolstad.
Av omsyn til etterforskinga vil han ikkje gi fleire detaljar om meldinga politiet fekk.
Situasjonen kravde svære ressursar, påpeiker han.
– Dei som var på jobb, var jo på jobb, og då er det slik sett det same kor dei jobbar. Men våre eigne spesialstyrkar starta mobilisering. Dei blei stansa då me såg kva veg det gjekk. Beredskapsstyrken i Oslo blei òg varsla, men kom seg ikkje avgarde før oppdraget blei avbrote.
Kva operasjonen vil ha kosta på budsjettet, kan han ikkje anslå på sparket.
– Men alt dette seier noko om alvoret, seier seksjonssjefen.
– Håpar me kjem til bånns i dette
Det var uansett berre flaks at det ikkje skjedde alvorlege ting andre stader i distriktet mens dette gjekk føre seg, meiner Kolstad.
– Dei som driv med slikt, må skjønna konsekvensen. Éin ting er ressursane me må bruka. Men viss noko anna skulle bli nedprioritert på grunn av ei slik falsk melding, kan det setja liv og helse i fare.
Etterforsking av saka er ikkje Kolstad sitt bord.
– Men viss dette skulle bli ein trend, har me ei kjempeutfordring. Derfor håpar eg at me kjem til bånns i dette, seier seksjonssjefen ved operasjonssentralen i Sør-Vest.
Fleire tilfelle i 2025 og 2026
Det er første gongen politiet i Sør-Vest opplever swatting, ifølge Kolstad.
Kripos har nasjonalt overblikk. Dei har sett fleire tilfelle av slike alvorlege falske meldingar på Austlandet og enkelte tilfelle andre stader i landet dei siste to åra, ifølge seksjonsleiar Fredy Salazar.
Han jobbar med seksuelle overgrep mot barn, og har hatt fokus på valdelege ekstreme nettsamfunn.
– Også her i landet har me sett ei auke. Det har vore ulike hendingar der nokon ringar inn falske truslar.
I USA har det vore vanleg å «swatta kvarandre» i konfliktar i gaming-miljø, seier han.
Der har det hendt at personar som har fått politiets beredskapsstyrkar på døra, er blitt skotne og i verste fall drepne. Mange bruker webkamera og strøymer mens dei gamer, slik at andre kan sjå dei. I nokre tilfelle er offer for swatting blitt filma i det politiet braser inn.
– Men norsk politi har øvd og har rutinar for å handtera slike situasjonar som reduserer skadepotensialet på ein uskuldig tredjepart. I hendingane me har hatt, har politiet klart å avdekka den reelle situasjonen på staden og har tatt det ned relativt greitt.
Roser lokalt politi
Salazar har vore på ferie og ikkje fått med seg detaljane i hendinga på Lye.
– Men det er bra at Jæren klarte å gjera det som trongst der og då, seier han.
Det er straffbart å gi falsk alarm til politiet: Ein risikerer bot eller fengsel i inntil seks månader.
Straffa kan bli hardare om det også har ført til grov kroppskrenking, kroppsskade eller kan påvisast omsynslaus åtferd.
Ingen straffa i Norge
Men så langt Salazar veit, er ingen blitt straffa for swatting i Norge.
– Dei som driv med dette, bruker ofte telefonnummer som er «spoofa», som gjer det maskert og vanskeleg å identifisera.
Når ingen er skadde, slik som i operasjonen på Lye, er etterforskinga også eit spørsmål om prioritering, påpeiker han.
– Me har brukt store ressursar. Men me har avgrensa etterforskingskapasitet og mange andre alvorlege saker å etterforska. I hendingar så alvorlege som den på Lye, må me gjera det me kan. Men me kan ikkje prioritera spissa etterforsking med mindre hendingane også har samband med andre forhold som er livstruande, seier seksjonsleiar Fredy Salazar i Kripos til Jærbladet.