Torsdag var landbruksdirektør Anfinn Rosnes frå Statsforvaltaren sitt kontor invitert til Hå for å forklara korleis Statsforvaltaren tenker når han overstyrer kommunen sine avgjerder.
Etter at Rosnes hadde halde ei lengre innleiing der han gav mykje skryt til både politikarar og administrasjon i Hå kommune for grundig og god behandling av landbrukssaker, viste Magnus Ånestad (KrF), leiar i Utval for Samfunn, til eit brev Statsforvaltaren sende til Hå kommune tidleg i kommunestyreperioden som begynte i fjor haust.
I brevet inviterer Statsforvaltaren i Rogaland til tettare dialog mellom sitt eige kontor og kommunane.
– Utidig
Ånestad meinte avstanden mellom dei fagre orda og realiteten på bakken var stor.
For Statsforvaltaren var invitert spesifikt for å snakka om to saker der Statsforvaltaren, etter klager frå dei involverte, har gjort om på kommunen sine vedtak.
Når eit vedtak vert omgjort, får ikkje dei lokale politikarane høve til å vurdera saka på nytt, slik dei kunne ha gjort om Statsforvaltaren i staden hadde oppheva vedtaket.
– Og nå står de her og snakkar om at de er audmjuke. Det er ganske utidig av dykk, sa Ånestad.
Det eine vedtaket gjaldt ei sak Jærbladet har omtalt fleire gonger: Eit ungt par ville kjøpa Skutholen gard utanfor Varhaug, men fekk nei av politikarane, som meinte prisen på 25,5 millionar kroner, inkludert mjølkekvote, var for høg sett opp mot garden sitt inntektsgrunnlag.
Politikarane var redde for at den rekordhøge summen ville vera med på å driva prisane i landbruket oppover.
Det unge paret klaga, saman med seljarane, på avgjerda. I sommar slo Statsforvaltaren fast at kommunen hadde lagt for mykje vekt på driftsplanen for garden, og gjorde om på vedtaket: Paret fekk likevel kjøpa garden.
Diskuterte i dagevis
Då han innleia, sa Rosnes at prissaker generelt er vanskelege.
– Det er ein diskusjon om kor lista skal ligga hen, sa han.
Rosnes sa at saka om Skutholen var spesielt vanskeleg. Heile landbruksavdelinga skal ha brukt fleire dagar på å diskutera saka, som òg var innom statsforvaltar Bent Høie sitt kontor før avgjerda vart tatt. I tillegg henta dei inn generelle kommentarar frå landbruks- og matdepartementet.
– Før me overprøver eit kommunalt skjønn, sjekkar me opp i eigne system at me gjer rett, sa Rosnes.
Då klarte ikkje Knut Åge Gjersdal (Sp) å halda seg lenger:
– Eg held føre at du er ein fornuftig mann, men nå snakkar du mot deg sjølv i veldig stor grad. På den eine sida seier du at det er viktig at eigedommen skal kunna betala seg, på den andre seier du at driftsplanen for garden ikkje kan vektleggast. Men per i dag er driftsplanen den beste reiskapen me har for å komma fram til ein nokolunde fornuftig pris, sa Gjersdal.
Ein driftsplan er ein plan for korleis ein gard skal drivast, med spesielt fokus på økonomisk utbytte.
Tradisjonelt har styresmaktene lagt mest vekt på verdiane på landbrukseigedommen og den forventa avkastinga i konsesjonssaker.
I saka om Skutholen gard la Hå kommune seg på ei ny linje: Dei bad kjøparane legga ein driftsplan ved konsesjonssøknaden, og la stor vekt på denne då dei vurderte avkastingsemna til garden – altså om kjøparane ville kunna inn igjen pengesummen gjennom gardsdrifta.
– Me seier ikkje at de ikkje kan legga vekt på driftsplanen. Men me har sjekka med juristane, som seier de ikkje kan legga avgjerande vekt på han, svarte Rosnes.
Ikkje saksbehandlingsfeil
Utvalsleiar Ånestad sa at lokalpolitikarane hadde gjort eit grundig arbeid for å setta seg inn i saka.
Han merka seg òg at Statsforvaltaren gav skryt for utgreiinga kommunen hadde gjort.
Ånestad reagerte derfor på at Statsforvaltaren ikkje gav dei sjanse til å vurdera saka på nytt ved å oppheva, heller enn å gjera om på, vedtaket.
Rosnes sa at dei hadde vore inne på tanken.
– Men me kan ikkje oppheva eit vedtak om det ikkje er gjort feil i saksbehandlinga. Me såg ingen klare saksbehandlingsfeil, sa han.
Rosnes fekk ikkje berre kjeft av politikarane. Då utvalet i april behandla klaga frå seljarane og kjøparane, var Merethe Elin Kvia (Hå-lista) den einaste som stemte for å gjeva konsesjon.
– Eg synest det var veldig bra at de gjorde om på vedtaket, sa Kvia til Rosnes.
Gunn Hege Skretting Sirevåg (H), som rett nok stemte mot å gjeva konsesjon, heiv seg på, og sa at landbruket er i ei rivande utvikling.
– Skal me halda prisane nede så mykje at det ikkje vert drivkraftig, vert det heilt feil, sa ho.
– Me har gjort alt rett
Ut over desse to rosande kommentarane, fall resten av tilbakemeldinga frå politikarane til Statsforvaltaren sin landbruksdirektør tydeleg inn under kategorien «ris»:
– Trass i det du har sagt i dag, meiner eg framleis at me har gjort alt rett. Me liker sjølvsagt ikkje å verta overprøvde på den måten som er gjort her. Me måtte gjera eit tungt vedtak som sat langt inne. Me gjorde det fordi det var rett, og fordi det er nødvendig. Det er snakk om tillit. Nå må me finna ut korleis vegen vidare skal vera. Me synest det er feil det Statsforvaltaren her har gjort, sa Håkon Kvia (Frp).
– Me føler de tar frå oss heile priskontrollen, sa Ånestad.
Rosnes svarte at det framleis er opp til politikarane å vurdera kvar sak.
– Det er jobben dykkar. Me skal sjeldan overprøva dykk, sa han.
Han vart møtt av oppgitt latter frå Knut Åge Gjersdal, som meinte erfaringa viser noko anna.
– Me gjer eit gjennomtenkt vedtak, og så overprøver de det. Det nye vedtaket dykkar seier det me har gjort, er heilt feil. Det er grassat frustrerande. Ikkje er det rett, heller. De er tilsett for å forvalta norsk landbrukspolitikk. Me er folkevalde. Etter mitt syn vert det noko skeivt her, sa Gjersdal.
– Den store statistikken viser at me støtter kommunen. I Hå har de ein god administrasjon som har gjort ein kjempejobb. Dette handlar om vektinga. Kor mykje vekt du kan legga på driftsplanen, svarte Rosnes.
Trygg statsforvaltar
Han innrømma at han hadde trudd driftsplanen kunne vektleggast meir enn det juristane opna opp for.
– Det viser at de ikkje er heilt stødige, de heller. Det er rart, at sjølv med den usikkerheita de har, har overkøyrt oss, sa Tone Karin Slettebø (Frp).
– Det er spenning i alt me held på med. Det kommunale skjønnet skal vektleggast. Men eg er ikkje utrygg på konklusjonen vår, sjølv om vegen fram til den har vore lang, sa Rosnes.
Kvia foreslo at kanskje bør Statsforvaltaren prøva ut ein annan tilnærmingsmåte neste gong.
– Det høyrer eg på. Ser me at det nærmar seg ein eller annan type saksbehandlingsfeil, kan kommunen få saka tilbake for å utøva skjønn på ein annan måte, sa Rosnes.
Torland-bonde fekk selja jord likevel
Saka om Skutholen gard var ikkje den einaste saka der Hå-politikarane vart skuffa over utfallet av klagesaka: På Torland ville ein gardbrukar selja jorda si, minus bustad og bustadtomt på 1,2 dekar, til ein bonde i nærleiken som i dag leiger jorda. Hå kommune sa nei til dette. Dei meinte garden var stor nok til å drivast vidare på eigen hand og ikkje burde splittast opp til tilleggsjord.
Statsforvaltaren var ikkje samd, og gjorde om på vedtaket: Grunneigaren får selja jord og driftsbygning. Hå kommune sitt nei til å skilja bustad med tomt frå resten av garden, vart oppheva. Søknaden om dette må behandlast på nytt.
Grunngjevinga til Statsforvaltaren var blant anna omsynet til bonden som i dag leiger jorda, og som har denne som ein del av driftsgrunnlaget for sin gard.
– Innspelet om at me ikkje liker å verta overkøyrt, det har de fått allereie. Men har me høve til å seia nei, eller vil de overkøyra oss uansett, ville utvalsleiar Ånestad vita.
Han poengterte at når dei sa nei til salet, var det fordi det er snakk om ein stor gard, og at etterspurnaden etter landbrukseigedommar er stor.
– Det er mange som har lyst til å komma inn i marknaden. Me meinte at ein så stor eigedom bør oppretthaldast som eigen gard. Her måtte ein i så fall ha gjort noko med driftsbygningen, men me var mest opptatt av jorda, sa Ånestad.
Anfin Rosnes frå Statsforvaltaren gjentok at lokalpolitikar framleis skal bedømma slike saker.
– Men i skjønnet dykkar, må de setta dykk litt i skoa til kjøparen. Kva alternativ har han, og kva alternativ har han som sel. Det finst ikkje eit opplagt svar her, men signalet er at me skal styrka eksisterande drift. Det er alt for mykje leigejord rundt omkring, òg på Jæren. Det viktigaste er å oppretthalda bruk som satsar og er i drift. Det gjer me med vår konklusjon, sa Rosnes.
Ris og ros
Utvalsleiar Magnus Ånestad takka statsforvaltaren si landbruksavdeling for å stilla opp og « ... ta imot både ris og ros».
– Eller, mest ris, eigentleg, la han til.